Susanne Bygnes og 44 andre forskarar har fått tildeling frå Fripro i kategorien «unge forskartalent» i Noreg  i år.
Susanne Bygnes og 44 andre forskarar har fått tildeling frå Fripro i kategorien «unge forskartalent» i Noreg i år.

Får millionar til å forska på haldningar til innvandring

Publisert

UiB-forskar Susanne Bygnes er ein av årets unge forskartalent, og får åtte millionar i Fripro-støtte.

– Det er veldig overraskande og flott. Eg hadde ikkje trudd at det skulle gå. Det er ein tøff konkurranse, mellom dei flinkaste forskarane i Noreg. Så det er veldig stas, seier Susanne Bygnes.

Unge forskertalent

  • FRIPRO er en åpen, nasjonal konkurransearena i Forskningsrådet som favner alle fag. 
  • Søknadstypen unge forskertalenter retter seg mot forskere som er tidlig i sin forskerkarriere. 
  • En typisk prosjektleder for et unge forskertalenter-prosjekt har hatt en periode som postdoktorstipendiat og/eller hatt en forskerstilling etter endt doktorgrad. Han/hun har markert seg med særskilte talenter som doktorgrads- og postdoktorstipendiat/forsker. 
  • Gjennomsnittstildelingen ligger på rundt 7 millioner. 

​Kilde: Forskningrådet

Postdoktoren ved sosiologisk institutt får om lag åtte millionar kroner til å forska på korleis flyktningekrisa har påverka nordmenn sine haldningar til migrasjon. 

– Me starta med ein pilot i fjor. Folk har vore positive til å delta. Dette er eit tema som engasjerer veldig mykje, seier Bygnes.  

Tysdag blei tildelinga til FRIPRO innan humaniora og samfunnsvitenskap offentleggjort.

264 millionar kroner går til 35 prosjekt, fordelt på 17 forskarprosjekt, 13 unge forskartalent-prosjekt og fem mobilitetsstipend.

Ved UiB var det eit støtte til eit forskartalent-prosjekt og eit mobilitetsstipend som blei delt ut i denne runden. Andreas Fjellstad ved institutt for filosofi og førstesemesterstudiar blei tildelt mobilitetsstipendet. 

Les også: Sju unge UiB-forskarar får Fripro-støtte

Skal bruka Medborgarpanelet

Førre veke blei det offentleggjort kven som fekk tildeling innan fagområda medisin, helse og biologi (FRIMEDBIO) og matematikk, naturvitenskap og teknologi (FRINATEK). Til saman har ni unge UiB-forskarar fått mobilitetsstipend eller unge forskartalent-tildeling i år. 

For Susanne Bygnes, som har vore mellombels tilsett ved UiB i 11 år, betyr tildelinga mykje. Ho skal nytta data frå Medborgarpanelet i forskinga si. 

– Me skal både bruka medborgardata til å undersøka folk sine haldningar til migrasjon, og korleis dei utviklar seg i kjølvatnet av ei kritisk hending, som det flyktningekrisa var. Så skal me halda fram med case-studiar i norske lokalmiljø, og sjå på møtet mellom lokalbefolkninga og asylsøkarar. 

Les også: Hva skjer når flyktningene kommer?

Opinionen endrar seg

– Ideen er å ta utgangspunkt i ei kritisk hending. Opinionen forandrar seg veldig når det blir mykje mediedekning og politisk merksemd rundt eit fenomen, og no skal me sjå på kva for moglegheiter og konstellasjonar som oppstår etter ei sånn hending, seier Bygnes. 

Ho vil retta ein stor takk til professor Elisabeth Ivarsflaten som leiar Medborgarpanelet. 

– Utan ho hadde eg ikkje fått dette til. Ho har hatt ekstremt mykje å seia, både som person og miljøskapar. Ho har gjort at eg har fått trua på at ein kan gjera store ting, seier Bygnes. 

Desse unge forskarane ved UiB og Nansensenteret får Fripro-tildeling i år:

Unge forskartalentar 2016:

  • Simon Dankel, Klinisk institutt 2.
  • Marius Årtun, Geofysisk institutt. 
  • Pierre Rampal, Nansensenteret.
  • Sofia Tirabassi, Matematisk institutt. 
  • Susanne Bygnes, Institutt for sosiologi.
 
Mobilitetsstipend 2016: 
  • Annick Terpstra, Geofysisk institutt.
  • Sylvia Varland, Molekylærbiologisk institutt.
  • Ana Cristina da Silva Gomes, institutt for biologi.
  • Agnete Engelsen, institutt for biomedisin.
  • Andreas Fjellstad, institutt for filosofi og førstesemesterstudiar