Iselin Nybø er uroa over dårleg rekruttering av menn til læraryrket, og vil bruke ti millionar kroner på å forske på problemstillinga. Foto: Silje Katrine Robinson
Iselin Nybø er uroa over dårleg rekruttering av menn til læraryrket, og vil bruke ti millionar kroner på å forske på problemstillinga. Foto: Silje Katrine Robinson

Vil forske på korfor menn ikkje vil bli lærarar

Publisert

Berre ein av fire lærarar i grunnskulen er menn, og Kunnskapsdepartementet vil ha forsking på korfor.

Regjeringa gir difor 870 000 kroner til Senter for profesjonsstudium ved OsloMet for å kartlegge årsaker til den manglande kjønnsbalansen blant lærarane i grunnskulen, og om kva tiltak som har effekt på rekrutteringa. 

Regjeringa har nyleg fordelt nær ti millionar kroner til ulike lærarutdanningar, til ulike rekrutteringstiltak. 

– Det er eit mål for regjeringa at lærarstaben skal gjenspegle eit tverrsnitt av folket. Dei yngste elevane bør òg få møte både kvinner og menn i rolla som lærar, seier forskings- og høgare utdanningsminister, Iselin Nybø.