Det blir einsamt for universitetsdirektør Kjell Bernstrøm og rektor Dag Rune Olsen på Museplass dersom det blir streik. Foto: Silje Katrine Robinson
Det blir einsamt for universitetsdirektør Kjell Bernstrøm og rektor Dag Rune Olsen på Museplass dersom det blir streik. Foto: Silje Katrine Robinson

Streik: Vil stoppe eksamen og lamme sentralleiinga

— Dersom det blir streik vil eksamen stoppe heilt opp. Det er snakk om ganske mange eksamenar, seier universitetsdirektør Kjell Bernstrøm.

Publisert   Sist oppdatert

Forskerforbundet har varsla at dei vil ta ut drøyt 100 personar, og Norsk Tjenestemannslag (NTL) vil ta ut 422 personar.

Etter å ha sett nærare på streikeuttaket førebur leiinga seg no på at det blir fullstendig stans i eksamensavviklinga dersom det blir streik. Og det skjer på det mest katastrofale tidspunktet: Det er svært mange eksamenar som gjenstår fram mot Sankthans.

Vil lamme mykje

Universitetsdirektør Kjell Bernstrøm meiner likevel at dei er godt budde:

— UiB har gode rutiner knytta til å handtere en muleg streik. Vi kartlegg no alle mulege konsekvensar av ein streik, og vil gi nærare informasjon om dette fortløpande. Uttak av så mange personar som det ligg an til no vil få konsekvensar. Det vil lamme ganske mykje av verksemda. Mange tilsette i sentraladministrasjonen er tatt ut, fortel Bernstrøm.

Tidlegare år har IT-avdelinga vore ein stad der mange blir tatt ut, ettersom det råkar mange. Men denne gongen er det ikkje så mange som blir tatt ut der.

— Men mykje av verksemda opp mot leiinga er tatt ut, så det ser ut som om dei vil råke oss, seier Bernstrøm.

Sjølv er han medlem i Forskerforbundet, men ikkje tatt ut i streik.

Toppleiing i streik

På Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet er både direktør og dekan tatt ut i streik.

— Streik er eit demokratisk virkemiddel. Det dreier seg om lønsutvikling og pensjonsvilkår. Eg er med i ei fagforeining, og stillar meg solidarisk med dei når dei prøver å få til ei avtale med staten, seier dekan Helge K. Dahle.

Om arbeidet på fakultetet vil bli vanskelegare eller lettare med toppleiinga i streik veit han ikkje.

— Men eg er uansett ikkje ein særleg erfaren streikar, må Dahle innrømme.

Universitetsdirektør Bernstrøm er uansett optimist:

— Det har vel ikkje vore streik i så mange mellomoppgjer sidan krigen, så vi får tru at det ikkje blir streik, seier han.

Striden står blant anna om lønsoppgjeret i år skal delast ut lokalt, slik staten vil, eller sentralt, slik NTL og Forskerforbundet vil. Organisasjonane ønskar òg at ulike tillegg skal telje med som ein del av pensjonsgrunnlaget. I dag er det eit tak på 66 000 kroner, og dei som får meir i tillegg enn det får ikkje pensjon av den delen av inntekta.