Administrerande direktør Elisabteth Maråk Støle (til venstre) lanserte Norce med ballongar i oktober fjor. Samstundes var det misnøye med handtering av pensjonsavtalar i organisasjonen. Foto: Njord V. Svendsen
Administrerande direktør Elisabteth Maråk Støle (til venstre) lanserte Norce med ballongar i oktober fjor. Samstundes var det misnøye med handtering av pensjonsavtalar i organisasjonen. Foto: Njord V. Svendsen

Tilsette kritiske til Norce-sjefens pensjonsordning

Minst 60 tilsette fekk redusert pensjon då forskingsselskapet Norce vart skipa i fjor. Direktørens eksklusive tilleggsavtale fekk dei ikkje vite om.

Publisert

— Vi ønskjer ei felles pensjonsordning for alle tilsette. Ordninga har ein sosial profil, sa HR-direktør Christina Brunner i fjor. Det var svaret til fagforeiningar og misfornøgde tilsette som tapte millionar i opptente pensjonsrettar då arbeidsgivarane gjekk inn i det nye forskingskonsernet Norce.

Norce

Administrerande direktør Elisabeth Maråk Støle under opninga av det nye forskingsselskapet Norce 1. oktober. Men dei tilsette er misnøgde med at dei mistar pensjon i det nye selskapet.

Forskingsselskapet Norce (Norwegian Resecarch Centre AS) er eitt av Noregs største uavhengige forskingsinstitutt. Inkludert dotterselskapa har konsernet 1000 tilsette og ei årleg omsetning på 1,3 milliardar kroner.

I januar 2018 overtok Norce eigarskapet i Uni Research AS, International Research Institute of Stavanger AS (IRIS), Christian Michelsen Research AS (CMR), Agderforskning AS og Teknova AS. I oktober 2019 vart dei fem institutta fusjonert inn i Norce.

I desember 2019 overtok Norce eigarskapet i Norut Northern Research Institute AS, som vart fusjonert inn i 2019.

Administrerande direktør er Elisabeth Maråk Støle (biletet over).

Kjelde: Norce

Uklokt og svært umusikalsk

Gisle Andersen

No viser det seg at ikkje alle måtte føye seg etter den felles innskotsbaserte pensjonsordninga for dei tilsette i Norce.

Ifølgje rekneskapen har administrerande direktør Elisabeth Maråk Støle ein tilleggsavtale, som sikrar henne ein betydeleg pensjon utover det andre tilsette i selskapet får.

Skapte sinne og frustrasjon

I utgangspunktet er direktøren omfatta av den same kollektive pensjonsavtalen som gjeld for heile selskapet. Men medan den innskotsbaserte pensjonsavtalen vart gjort gjeldande for dei tilsette, vedtok styret i selskapet ein særskild avtale for direktøren:

Ho kan, i tillegg til den vanlege pensjonen, oppnå 66 prosent av løna ho har også over grensa på 12 G som gjeld i den generelle avtalen. 12 G svarar i dag til ca. 1,2 millionar kroner. Maråk Støle har ei årsløn på kring 2 millionar. Dermed har ho eit pensjonsgrunnlag på rundt 800 000 over grensa for dei andre tilsette i selskapet, slik avtalen står i dag.

Overgangen frå ytingsbasert til innskotsbasert pensjonsavtale skapte i fjor sinne og frustrasjon i den nyfusjonerte Norce-organisasjonen. Minst 60 tilsette hadde ytingsbasert pensjon då dei vart fusjonerte inn i Norce, og overgangen til innskotspensjon ramma særleg dei som hadde stått lenge i arbeid. Kompensasjonen som vart gitt dei tilsette som vart ramma av overgangen, var ifølgje Forskerforbundets tillitsvalde for låg.

«Ytelses-lignedne»

Åtte fagforeiningar ved Norce har i eit felles brev til styret i Norce stilt seg kritiske til direktørens «ytelseslignende pensjonsavtale» som inneber «en pensjonsinnbetaling som er 6 ganger så høy som gjennomsnittlig pensjonsinnbetaling i NORCE».

— Uklokt og svært umusikalsk av styret, seier nestleiar i Forskerforbundets lokallag ved Norce, Gisle Andersen, til Khrono.

Styreleiar i Norce, Hans Olav Lidal (til venstre), seier direktør Elisabeth Maråk Støle ikkje har fått nokon særavtale. Her med styremedlem Robert Bjerknes og Maråk Støle. Foto: Hilde K. Strand
Styreleiar i Norce, Hans Olav Lidal (til venstre), seier direktør Elisabeth Maråk Støle ikkje har fått nokon særavtale. Her med styremedlem Robert Bjerknes og Maråk Støle. Foto: Hilde K. Strand

Han peikar på at dei tilsette ikkje hadde forhandlingrett når pensjonsavtalane blei endra i fjor, kronargumentet frå leiinga i selskapet var då at «alle var i same båt».

— Styret var involvert i å endre i pensjonsordningar i den sårbare fusjonsprosessen i fjor. Målsettinga var å etablere like pensjonsordningar for alle tilsette. Når det no kjem fram at prinsippa dei argumenterte med likevel ikkje gjeld alle, gir det ein uheldig signaleffekt i organisasjonen, seier Andersen.

I svarbrevet til fagforeiningane, signert finansdirektør Henrik Solberg-Johansen, står det at «Avtale om tilleggspensjon til administrerende direktør ble fremforhandlet som en del av ansettelsesvilkårene ved hennes ansettelse».

— Kjøper ikkje påstanden

Forskingsleiar i Norce, Dag Arne Christensen, reagerer sterkt på vilkåra til direktøren i selskapet. Han er ein av dei som kom inn i Norce med ytingspensjon og i praksis har fått forverra sine vilkår. Saman med 12 andre tilsette signerte han i fjor eit brev til leiinga i Norce der dei var sterkt kritiske til handteringa av pensjonar i fusjonen.

— Eg kjøper ikkje påstaden om like pensjonsvilkår. Eg les av dette at styret meiner direktøren fortener betre vilkår enn dei som har jobba her i 20 år, seier Christensen.

Sjølv taper han 50 000 i årlege pensjonsutbetalingar samanlikna med avtalen han har hatt tidlegare — trass det han oppfatta som lovnader om at ingen skulle få svekte individuelle rettar då dei gjekk inn i Norce.

Christensen seier dei ikkje er blitt gjort kjent med direktørens avtale tidlegare. Han meiner det ikkje har vore rom for dialog med leiinga, men at både vilkår og kompensasjonar har blitt dikterte.

Forskningsleiar Dag Arne Christensen er kritisk til måten leiinga i Norce har handtert pensjonsavtalar på. Foto: Njord V. Svendsen
Forskningsleiar Dag Arne Christensen er kritisk til måten leiinga i Norce har handtert pensjonsavtalar på. Foto: Njord V. Svendsen

— Skal leiinga få noko til, treng dei tillit nedover i systemet. Vi er ikkje ein pølsefabrikk. Utan motiverte medarbeidarar som skriv søknader og rapporterer til Forskingsrådet hadde det ikkje vore inntekter i selskapet

Styret: Ingen særavtale

Styreleiar i Norce, Hans Olav Lindal, seier administrerande direktør slett ikkje har fått nokon eksklusiv pensjonsavtale.

— Ho har fått ein avtale på det tidspunktet ho blei tilsett, på linje med det som er vanleg i marknaden, seier han.

Tilsetjinga av Maråk Støle vart offentleggjort i januar 2018, eit drygt halvår før fusjonen som førte til Norce var fullført.

Ifølgje Lindal betyr avtaleteksten slik den står no at direktøren kan ha rett til ein tilleggspensjon, men at dette ikkje er ein eksplisitt og ferdig avtale. På Norce’ styremøte no i oktober skal detaljane spikrast, ifølgje styreleiaren.

Det er sjølvsagt ikkje slik at ho får noko særordning.

Hans Olav Lindal

— Då skal vi sjølvsagt sjå til prinsippa som gjeld alle tilsette. Det er sjølvsagt ikkje slik at ho får noko særordning, seier Lindal.

Derfor synest han heller ikkje det er merkeleg at dei tilsette ikkje har fått noko informasjon om vilkåra til direktøren.

Lindal seier han ikkje har oppfatta pensjonsordningar som eit stridstema og at dei er etablert med støtte frå fagforeiningane.

— Ei rad ulik pensjonsordningar gjekk inn i Norce. I alle slike samanslåingar harmoniserer ein vilkåra. At enkeltpersonar blir misfornøgde, forstår eg. Men fagforeiningane har støtta opp om resultatet, seier Lindal.

Khrono har vore i kontakt med Elisabeth Maråk Støle.

— Det er naturleg at det er styreleiar som omtalar min avtale, seier ho.

ELISABETH MARÅK STØLE PENSJONISTER PENSJON NORCE NYHETER