– Det er jo eitt av Noregs viktigaste verv. Og som tidlegare leiar for Akademiet for yngre forskarar finn eg jo stadig vekk ut at me har mange samanfallande saker med Forskarforbundet, seier Guro Elisabeth Lind, som hadde sin første arbeidsdag som leiar for Forskarforbundet denne veka. Foto: Ola Sæther
– Det er jo eitt av Noregs viktigaste verv. Og som tidlegare leiar for Akademiet for yngre forskarar finn eg jo stadig vekk ut at me har mange samanfallande saker med Forskarforbundet, seier Guro Elisabeth Lind, som hadde sin første arbeidsdag som leiar for Forskarforbundet denne veka. Foto: Ola Sæther

Forskerforbundet: Dette er akademisk snobberi

Publisert

– Det er akademisk snobberi og ei dinosaurhaldning. Slik karakteriserer leiar for Forskarforbundet, Guro Elisabeth Lind UiO-rektor Svein Stølens utsegn om å losa ut doktorkandidatar som ikkje har ei framtid i forsking.

Det er ei svært indignert og irritert Guro Elisabeth Lind Uniforum møter på den første arbeidsdagen hennar som leiar for Forskarforbundet. Ho har akkurat lese i Klassekampen om korleis UiO-rektor Svein Stølen meiner institusjonen han leier, bør handtera det høge talet på forskarar som ikkje kan rekna med å få jobb i universitets- og høgskulesektoren etter ferdig doktorgrad. Bakgrunnen er at det framleis er ein stor del mellombels tilsette i akademia. Snittet er 18 prosent, og UiB er verst i klassen. Khrono skreiv før jul om ein forskar som etter 25 år, og no i ein alder av 61 år, endeleg har fått fast jobb i akadmia.

Reagerer på karakteristikk

Klassekampen skreiv om saka 2. januar. Til avisa seier Svein Stølen at universiteta har ein jobb å gjera med å legga til rette for talent.

– Me må verta betre på karriereutvikling, til dømes ved å satsa sterkare på dei me ser vil klara seg i akademia. Dei som ikkje har ei framtid innan forsking, bør raskt losast ut etter endt doktorgrad, seier han.

– Hovuddelen av dei som har tatt ein doktorgrad, skal naturleg nok ut for å gjera nytte for seg i breidda av samfunnet. Tenkja seg til at han karakteriserer denne ressurssterke gruppa som «dei kandidatane som ikkje har eit framtid i forsking» og at dei dermed må losast ut. Om ein akademikar ikkje blir førsteamanuensis eller professor ved eit universitet eller ein høgskule, tyder ikkje det at dei er mislykka. Tvert imot. Dei har ei kjempegod akademisk utdanning som kan brukast på best mogleg måte for heile det breie samfunnet. Dette akademiske snobberiet vil me til livs, svarar Guro Elisabeth Lind.

Ho synest derimot at det er flott at Stølen fokuserer på alternative karrierevegar for kunnskapsarbeidarane. Ho meiner at ein viktig nøkkel for å lykkast med dette arbeidet er nettopp at utdanningsinstitusjonane tidleg losar kandidatane trygt over i andre sektorar.

– Men ordbruken hans heng ikkje på greip. Det er ei dinosaurhaldning, tykkjer ho.

Må gå frå ord til handling

Lind er likevel svært nøgd med at Svein Stølen lova å få ned talet på kunnskapsarbeidarar i mellombelse stillingar i valplattforma si.

– Han viser eit stort engasjement for det. Men no i 2019 er det på tide at både UiO og dei andre institusjonane går frå ord til handling, meiner ho.

– Institusjonane må jobba meir målretta

Ved UiB er det altså 23,3 prosent av den vitskapelege staben som ikkje har faste stillingar. Det står ikkje så mykje betre til ved UiT og UiO, der er tala 22,8 og 22,6 prosent.

Guro Elisabeth Lind forstår ikkje kvifor dette talet ikkje går ned når både fagforeiningane, politikarane og institusjonane i lang tid har vore hjartans einige om at talet på mellombelse stillingar har vore for høgt.

– Eg trur at institusjonane må jobba meir målretta og meir dedikert for å få redusert dette talet. Insentiva ligg hos dei. I dag er det forskarane som må ta konsekvensane av det høge talet på mellombelse stillingar, og ikkje institusjonane. Universiteta og høgskulane er naturleg nok opptekne av at dei må vera så konkurransedyktige som mogleg. Difor opererer dei med ein høg grad av mellombels tilsette kunnskapsarbeidarar, seier Guro Elisabeth Lind.

– Går også ut over forskingskvaliteten

Etter hennar og Forskarforbundets oppfatning er dette ein heilt feil måte å gå fram på.

– Dei tenkjer kortsiktig for gullet i organisasjonen er dei tilsette, det vil seia alle kunnskapsarbeidarane. Det å vera i mellombels stilling går også ut over forskingskvaliteten, som vil vera tent med meir langsiktige perspektiv enn det ein mellombels kontrakt kan tilby, understrekar ho.

– Vil løysinga vera å tilsetja mange fleire i faste stillingar langt tidlegare enn i dag?

– Ja, det vil vera mange fordelar med det. Om me ser på interessa for forskaryrket, så er denne dalande. Forskaryrket står fram som mindre attraktivt enn tidlegare. Samtidig baserer samfunnet seg på at kunnskapsarbeidarane må løysa utfordringane våre både når det gjeld klimaendringar, det grøne skiftet, helsevesenet og andre område.

– På universiteta i Storbritannia og USA er det langt fleire mellombels tilsette kunnskapsarbeidarar enn i Noreg. Kvifor skal jobbane vera faste her?

– Då eg var barn og me var leie oss fordi me ikkje alltid fekk det me bad om, brukte alltid dei vaksne orsakinga om at barna i Afrika hadde det mykje verre enn oss. Det at kollegaer i andre land har større utfordringar, er inga orsaking for at kunnskapsarbeidarar i Noreg ikkje skal få anstendige arbeidsvilkår.

– Er det nokon vilje til å endra dette hos leiarane i sektoren?

– Ja, viljen er der hos institusjonane, men det skortar på tiltak som monnar, slår ho fast.

Som leiar for Forskarforbundet vil Guro Elisabeth Lind prioritera tre hovudsaker:

– Talet på mellombels tilsette kunnskapsarbeidar må ned. Me må få staka ut alternative karrierevegar innanfor forsking. Dessutan må me sørgja for at kunnskapsarbeidarane får ei lønn som betre reflekterer kompetansen, innsatsen og ansvaret deira, lovar den nye leiaren for Forskarforbundet.

– Eitt av Noregs viktigaste verv

Sjølv trappar ho ned i stillinga som gruppeleiar for ei forskargruppe som har gjort banebrytande funn i kreftforsking, for å overta vervet som leiar for Forskarforbundet etter Petter Aaslestad.

– Det er jo eitt av Noregs viktigaste verv. Og som tidlegare leiar for Akademiet for yngre forskarar finn eg jo stadig vekk ut at me har mange samanfallande saker med Forskarforbundet. Oppgåva mi er å gjera arbeidsvilkåra for kunnskapsarbeidarane best mogleg. Det er urovekkjande at det ikkje lenger er så mange som tidlegare som kan tenkja seg å bli forskarar, trekkjer ho fram.

Guro Elisabeth Lind har framleis ein fot innanfor forskingsverda. – Ja, eg har ei 20 prosent stilling som leiar for forskargruppa mi på Radiumhospitalet. Den 20-prosentstillinga eg hadde ved UiO, måtte eg derimot ha permisjon frå. Det er greitt å jobba 120 prosent, men 140 prosent blir i meste laget, smiler ho.

Ber Svein Stølen om å levera på vallovnad

Likevel har ho framleis nokre kontaktpunkt til Universitetet i Oslo.

– På vegner av Akademiet for yngre forskarar sit eg i «Midlertidighetsutvalget» til rektor Svein Stølen. Så derfor kan eg kommunisera direkte med han når det gjeld situasjonen for dei mellombels tilsette. No har han sete som rektor i eitt og eit halvt år. At han i ein debatt initiert av Forskarforbundet i fjor haust brukte ekstraarbeidet i samband med metoo-bylgja som orsaking for at lite var gjort på dette området, fall ikkje i god jord i forsamlinga, for å seia det på den måten. No er det på tide at han leverer på vallovnaden om å få ned talet på dei som sit i mellombelse stillingar, krev Guri Elisabeth Lind på vegner av Forskarforbundet.