Tone Skjerdal (<span class="caps">NTL</span>) og Frode Fretland (Forskarforbundet) set pris på dei korte avstandane mellom studentar, administrasjon og leiing ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Foto: Ida Bergstrøm
Tone Skjerdal (NTL) og Frode Fretland (Forskarforbundet) set pris på dei korte avstandane mellom studentar, administrasjon og leiing ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Foto: Ida Bergstrøm

Tillitsvalde fryktar for kva som kan går tapt

Uro for korleis arbeidskvardagen vil bli dersom makta blir sentralisert langt vekke frå Sogn og Fjordane. Men også ei forvetning til kva dører som vil opne seg dersom ein blir éin, stor Vestlandshøgskule. Slik er stemninga blant dei tilsette ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

– Den store uroa blant NTL-medlemmane er avstanda til den reelle makta. Det seier Tone Skjerdal, hovudtillitsvalt i NTL ved HiSF.

Dette er Vestlandsfusjonen:

  • Leiinga ved høgskulane i Sogn og Fjordane, Bergen og Stord/Haugesund har i løpet av våren arbeidd fram ei fusjonsplattform som skal danne grunnlaget for forhandlingar om ein  samlaVestlandshøgskule.
  • Fusjonsplattforma til den nye Vestlandshøgskulen seier at rektor skal sitte i Bergen.
  • Dei tre tidlegare høgskulane Stord/Haugesund, Høgskulen i Bergen (HiB) og Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) skal få kvar sin prorektor.
  • På dei respektive styremøta 9. juni sa alle tre styrene ja til fusjon.
  • Fusjonen skal tre i kraft 1. januar 2017.
  • Ifølgje plattforma skal rektor vere i Bergen.
  • Dei tidlegare høgskulane i Stord/Haugesund, Sogn og Fjordane og Bergen skal ha kvar sin prorektor.
  • Institusjonen skal ha få avdelingar.
  • Leiarane skal tilsetjast etter kvalifikasjonar, og ikkje etter geografi.

Det er i ved Høgskulen i Sogn og Fjordane si avdeling i Sogndal at motstanden mot fusjon har vore størst.

Framleis er det sterke røyster som ikkje ønskjer at høgskulen skal rette seg etter fusjonskrava frå Kunnskapsdepartementet.

Fryktar studentane kan bli skadelidande
– Dei fagleg tilsette er urolege for kva som kan skje dersom dei vil miste innverknad, seier Frode Fretland, hovudtillitsvalt for Forskarforbundet.

Dei tillitsvalde held fram dei små forholda ved HiSF, nærleiken mellom studentar, administrasjon og leiing og den korte vegen til makta som ei klar styrke ved institusjonen.

– I dag er studentane vår forse. Mange fryktar at studentane kan bli dei skadelidande i ein fusjon, seier Frode Fretland.

Han får støtte frå Tone Skjerdal.

– Vi er tett på studentane våre. Er det noko som må endrast for at dei skal få det betre, kan vi snu oss raskt. Vi håpar ikkje dette vil gå tapt dersom det blir ein fusjon, seier ho.

Vil ha klausul som sikrar distribusjon av makt
Ifølge fusjonsplattforma skal rektor ha hovudsete i Bergen, og nærregionane Stord/Haugesund, Bergen og Sogn og Fjordane skal få kvar sin prorektor.

Utover dette veit ein lite om korleis linjene for leiing vil bli. Leiarar skal verte tilsett etter kvalifikasjonsprinsippet, står det i plattforma.

Tone Skjerdal skulle ønske plattforma kunne ha ein klausul om at ein ved tilsetting kunne sjå på heilskapen i distribusjonen av makt og leiing. Slik premissa er nok, kan utfallet bli at samtlege dekanar har arbeidsstad i Bergen.

Aksepterer at høgskulen kan gå mot fusjon
Dei tillitsvalde fortel at dei tilsette har delt seg i tre leirar. Ein liten leir er aktive motstandarar. Mange har akseptert at det går mot fusjon, at sentralisering og har begynt å sjå kva moglegheiter dette kan gje.

Nokre, særleg ved campus i Førde har heile tida vore for tettare samhandling og forpliktande samarbeid med andre institusjonar, og helsar fusjonen velkommen.

– Målet med fusjon skal vere å hente ut positive effektar. Vi må passe på at det vi har i dag ikkje går tapt, seier Frode Fretland.

– Vi er ikkje oss sjølve nok
I juni skal styret for Høgskulen i Sogn og Fjordane seie eit endeleg ja eller nei til fusjon med Høgskulen Stord/Haugesund og Høgskulen i Bergen. Blir det eit ja, vil Høgskulen i Sogn og Fjordane bli historie, og gå opp i den høgare einiga frå og med 1. januar 2017.

Frode Fretland understrekar at fusjonsmotviljen ikkje skuldast at ein ved Høgskulen i Sogn og Fjordane er innadvendte eller sjølvtilstrekkelege.

– Samarbeid er noko av det viktigaste ved verksemda vår. Ved dei ulike avdelingane er det samarbeid med institusjonar, i Bergen, Trondheim, Oslo og i utlandet. Vi er ikkje oss sjølve nok. Vi har heile tida  ønskt å vere tett på nærmiljøet, samtidig som vi samarbeider med relevante forskingsmiljø både nasjonalt og internasjonalt. Slik vil vi også halde fram.