Nordhordland blei i 2019 peika ut til å få status som Noreg sitt første biosfæreområde.
Nordhordland blei i 2019 peika ut til å få status som Noreg sitt første biosfæreområde.

Forskarar spør femti tusen om svar på kva som er viktig natur

Universitetet i Bergen vil sjå korleis naturen bidrar i folks liv. No inviterer dei alle i Nordhordland til å svara.

Publisert

Juni 2019 fekk Noreg sitt aller første biosfæreområde, i Nordhordland. Universitetet i Bergen er med og styrer arbeidet, og har jobba med dette i åtte månadar no. Nyleg gjekk dei ut med ei undersøking for å høyra korleis folk i Nordhordland bruker naturen.

Biosfæreområde

UNESCO har fleire program for å ivareta både unike byggverk og natur. Noreg har fleire byggverk og naturområde som er ein del av UNESCO sitt verdsarvprogram. Nordhordland er fyrste stad i landet som er med i UNESCO-programmet «Man and the Biosphere»

Ved inngongen til 2019 var det 686 biosfæreområde i verda. Ni av dei i nordiske land.

Eit biosfæreområde skal vera eit avgrensa geografisk modellområde der ein lett til rette for berekraft utvikling. Med å ta i bruk og verne naturressursane med omsyn til framtidige generasjonar.

Saman med lokalbefolkninga, det offentleg, næringslivet og forskingsinstitusjonar skal dei samarbeide om å ta vare på biologisk mangold, naturresursar og fremje økonomisk utvikling.

Eit slikt område fungerer som eit kreativt laboratorium for å prøve ut måtar å leve moderne, men med mindre belastning på ikkje fornybare ressursar.

Kjelde:Nordhordlandbiosphere.no/UiB

— Vi ønskjer at folk i Nordhordland fortel oss kva som er viktige naturområde for dei og kvifor, slik at vi betre kan tilrettelegga for god berekraftig utvikling for alle, seier Inger Elisabeth Måren, som har UNESCO Chair-stilling ved UiB, til avisa Bygdanytt om undersøkinga.

Lagar strategiplan

For åtte månader sidan var Peter Emil Kaland, professor emeritus ved UiB, og ei rekke andre frå prosjektet i Paris der dei møtte UNESCO for å offisielt få eit biosfæreområde til Nordhordland.

— Det fyrste vi sette i gang var arbeidet med å laga ein strategiplan, fortel Kaland, som har jobba med dette sidan 1995.

Les også: Noreg får sitt første biosfæreområde.

Dei fekk eit konsulentselskap til å ta seg av oppgåva, og gjekk ut for å møta lokalbefolkninga i området som strekkjer seg frå Bergen til Sognefjorden og omfattar over 55.000 innbyggjarar. UiB har vore med på alle møta.

Førsteamanuensis Inger Elisabeth Måren er UNESCO Chair for Berekraftig Arv og Miljøforvaltning ved UiB.
Førsteamanuensis Inger Elisabeth Måren er UNESCO Chair for Berekraftig Arv og Miljøforvaltning ved UiB.

— Tilbakemeldingane på desse møta har vore fantastisk. Eg opplever at lokalsamfunnet verkeleg er interessert i arbeidet, seier Kaland.

Dei har jakta på innspel til kva dei skal ha i strategiplanen for å klargjera kva dei skal gjera i biosfæreområdet framover, blant anna.

— Dei vi har snakka med har vore veldig interesserte i å bidra. No sende vi ein omfattande søknad med mykje informasjon før tildelinga. Strategirapporten vil bli kortare og meir konkret. Om ein månads tid skal denne ut på høyring til alle kommunane som er involverte, forklarer han.

Ungdommen tek over

Kaland har som nemnt jobba med dette prosjektet sidan 1995. Det har blitt fleire avslag og lite støtte frå norske myndigheiter, før dei i 2010 fekk eit gjennombrot då UNESCO sjølv meinte det var på tide at Noreg fekk eit biosfæreområde. No er Kaland 77 år og på veg ut av prosjektet.

No er det på tide at ungdommen slepp til

Peter Emil Kaland, professor emeritus

— Eg har gjort mitt. Eg har jobba med dette dei siste seks åra medan eg har vore pensjonist. No er det på tide at ungdommen slepper til, humrar veteranen.

Nordhordland UNESCO Biosfæreområde blir også eit tema på SDG-konferansen ved Universitetet i Bergen. Onsdag klokka 15 har dei ein workshop på Kvarteret der dei skal diskutere moglegheitene og utfordringane for berekraftig utvikling i Nordhordland.