Direktør Henrik von Achen vil opne Universitetsmuseet innover mot all forsking ved universitetet, og utover mot publikum. - Vi er ideelt lokalisert, sentralt på Nygårdshøyden og sentralt i byen, seier Achen. Foto: Silje Katrine Robinson
Direktør Henrik von Achen vil opne Universitetsmuseet innover mot all forsking ved universitetet, og utover mot publikum. - Vi er ideelt lokalisert, sentralt på Nygårdshøyden og sentralt i byen, seier Achen. Foto: Silje Katrine Robinson

Skal gjere museet til midtpunkt i UiBs forskingskommunikasjon

Til hausten opnar Naturhistorisk museum igjen dørene. Studentar blir no rekruttert til stillingane som kunnskapsvertar.

Publisert   Sist oppdatert

Universitetsmuset i Bergen er i full gang med å førebu den etterlengta gjenopninga av dei naturhistorisk samlingane på Nygårdshøyen. Sidan 2013 har dørene vore stengt, etter den omfattande rehabiliteringa som har pågått. Når museet opnar i oktober, er det ikkje berre rom og inventar som vil framstå i ny glans.

Universitetsmusset satsar også på å bli midtpunkt for forskningskommunikasjon for heile UiB.

— Dette ønskjer vi å gjere ikkje for, men med forskingsmiljøa. Vi tenker ikkje berre på våre eigne samlingar, men vil opne oss mot universitetet vi er ein del av, seier fagdirektør ved Universitetsmuseet, Henrik von Achen.

Studentar som spydspiss

For å trekke publikum og nå målet om å bli eit formidlingssentrum for folk flest vil museet tilsetje studentar frå ulike fagområde i rollene som såkalla kunnskapsvertar.

— Dei skal ikkje vere noko passivt vertskap. Dei skal delta i utvikling av undervisningsopplegg, bygge miljø og vere i dialog med dei besøkande. Vi vil ha samspel der publikum er deltakarar, ikkje berre tilskodarar, seier Achen.

Rekrutteringa er i gang, og innan søknadsfristen går ut 24. mai, håper Achen at dei har kandidatar til alle dei 17 deltidsstillingane som er lyst ut.

I arbeidet med dei ambisøse planane for å trappe opp publikumskontakten har Universitetsmusset mellom anna henta inspirasjon frå VilVite-senteret i Bergen. VilVite opna i 2007 og satsar på publikumsretta aktivitetar og opplevingar knytt til naturvitskapen.

På Universitetsmuseet er målet derimot å inkludrere heile det faglege spekteret.

«Relevant for folks liv»

Ambisjonane om eit slags vitensenter i dynamisk dialog med publikum på Universitetsmuseet har utspring frå universitetsleiinga og er forankra i prosjektet «Arena for forskningskommunikasjon».

Målet er å gjere forskinga «relevant for folks liv» og «utfordre publikums tanker og forståelse av natur- og kulturvitenskapelig kunnskapsproduksjon, og forskningens vesen», heiter det i ein presentasjon frå Universitetsmuseet.

— Arbeidet vårt skal vere eit utviklingsprosjekt og ledd i forskingskommunikasjonen ved UiB sentralt. Noko av det mest spennande blir å utvikle og utvide kompetansen til kunnskapsvertane, som vi i hovudsak ser for oss blir studentar i deltidsstillingar. Mellom anna skal vi ta i bruk dramapedagogiske metodar for utvikle museumsvertrolla, seier prosjektleiar Eli Hausken.