Dette er ikkje biletet som vart brukt av UiB-forskaren. Men dette er òg Lofoten, funne på nettet: Biletdelingstenesta flickr let ein velgja kommersiell bruk, og då finn ein bilete ein kan lasta ned - gratis. Foto: flickr.com/Sergei Gussev
Dette er ikkje biletet som vart brukt av UiB-forskaren. Men dette er òg Lofoten, funne på nettet: Biletdelingstenesta flickr let ein velgja kommersiell bruk, og då finn ein bilete ein kan lasta ned - gratis. Foto: flickr.com/Sergei Gussev

Rappa foto frå nettet, må betala 10 000 kroner

Ein forskar brukte bilete han fann på Internett for å illustrera invitasjon til workshop. Deretter kom det eit brev frå ein tysk advokat med krav om over 20 000 kroner.

Published

«Du skal ikkje stela». Eit enkelt bod, som ein lærer som ganske liten. Men når gjeld det? Det gjeld i alle fall bilete, sjølv om dei er lagt ut på Internett. Det har ein forskar ved Det matematisk-naturvitskapelege fakultetet no fått læra.

Forskaren brukte eit vakkert naturbilete frå Lofoten som illustrasjon då han skulle arrangera ein akademisk workshop. Biletet fann han på nettet. 15. november fekk UiB eit brev frå ein tysk advokat. Der står det at «With this act of publication, you have violated the copyrights of my client».

Ingen tvil

Åndsverkloven seier noko om opphavsrett. «Den som skaper et åndsverk, har opphavrett til verket, og betegnes som opphaver», heiter det. Både fotografi og fotografiske verk er omfatta av lova. Dette betyr at ein ikkje utan vidare kan nytta bilete andre har teke, sjølv om dei ligg på Internett.

– I denne saka er det ikkje tvil om at forskaren ikkje har nokon rett til å bruka dette biletet. Å bruka biletet utan løyve har konsekvensar både i norsk og tysk rett, seier Helge Høivik. Han er jurist og tilsett ved universitetsdirektøren sitt kontor.

Krav: 23 000

Den ulukkelege forskaren, som i sitt svar til den tyske advokaten understrekar at han nytta biletet for å visa den vakre naturen i Lofoten, der workshopen skulle arrangerast, og at han aldri har brukt det i kommersiell samanheng, fekk eit krav på over 2300 euro. Med dagens kurs vil det seia nesten 23 000 kroner. Biletet åleine skulle kosta 720 euro, altså vel 7100 kroner. Det er langt over frilanssatsane Norsk journalistlag opererer med; eit bilete som allereie er teke skal ein betala 2687 kroner for. Men fordi forskaren tok biletet utan å spørja, vart prisen dobla. I tillegg kom nokre andre påslag – og så kom utgifter til advokat. Det er nemleg ei form for biletbyrå som scannar nettet som har oppdaga bruken, og varsla fotografen.

Så mykje som 20 000 kroner vil UiB ikkje betala. Dei tilbyr 10 000 kroner, viser eit brev som vart sendt frå Muséplass like før jul. I brevet skriv UiB-leiinga at biletet no er fjerna frå den aktuelle nettsida, og at sida biletet vart brukt på, hadde svært avgrensa trafikk.

– Det er ganske mykje pengar?

– Eg skjønar at du stiller spørsmål ved summen. Men for oss handlar det om kor mykje arbeidsinnsats me skal legga ned i denne saka, det kostar òg pengar, seier assisterande universitetsdirektør Tore Tungodden.

– Men det er lett å trå feil, og i dag har nesten kvar einaste tilsett ei rolle som gjer at ein skal publisera noko på nettet, og slik kan koma i fare for å gjera feil.

Tore Tungodden

Han seier som Høivik: Det er ingen tvil om at dette er eit lovbrot.

– Men eg har absolutt ingen grunn til å tru at dette er gjort med overlegg. Denne saka viser at det er behov for kunnskap og kompetanse om opphavsrett, seier Tungodden.

Han seier at alle som legg direkte ut på UiB sine sentrale nettsider har fått god opplæring og beskjed om kva digitale kjelder ein kan nytta når ein skal finna bilete.

– Men det er lett å trå feil, og i dag har nesten kvar einaste tilsett ei rolle som gjer at ein skal publisera noko på nettet, og slik kan koma i fare for å gjera feil. Utfordringa er korleis me kan kommunisera dette ut til alle, seier Tungodden.

Kjenner frå medieverda

Både Tungodden og Høivik seier at dei kjenner til ei anna, liknande sak. Der kom UiB med eit tilbod, men fekk aldri svar igjen frå fotografen sin advokat.

– Men me har fått fleire brev frå advokatar der ein krev at bilete som er brukt utan at me har hatt dei naudsynte løyva, skal fjernast. Det har me sjølvsagt gjort, seier Tungodden.

Asbjørn Leirvåg er kommunikasjonsrådgivar ved Det matematisk-naturvitskapelege fakultetet. Han seier at han kjenner att problemstillinga frå medieverda. Leirvåg jobba i TV2 før han kom til UiB.

– Det ligg retningslinjer for biletbruk tilgjengeleg for tilsette, og dei som har fått tilgang til å publisera gjennom UiB sine sider må mellom anna fylla ut eit felt om opphavsrett når dei legg inn bilete. Men eg kjenner meg ikkje alltid heilt trygg på at alle les og skjønar desse retningslinjene. Eg trur det skjedde noko med oss då nærast alle fekk telefonar med gode kamera og ein kan legga ut bilete på mange plattformer heile tida, seier Leirvåg