To universitetsstyre har uttrykt ønskje om å sleppe å styre fond og legat for Universitetet i Bergen. Foto: Hilde Kristin Strand
To universitetsstyre har uttrykt ønskje om å sleppe å styre fond og legat for Universitetet i Bergen. Foto: Hilde Kristin Strand

Vil omorganisere styringa av 176 millionar kroner

Leiinga ved Universitetet i Bergen vil flytte styringa av fond og legat frå universitetsstyret til dekanane ved dei sju fakulteta. Fonda forvaltar store summar som skal delast ut blant tilsette og studentar.

Publisert

Det bergenske borgarskapet har vore raust med Universitetet i Bergen (UiB). Lauritz Meltzer testamenterte formua si til universitetet dersom det blei oppretta seinast ti år etter hans død, og pressa slik fram det nye universitetet. Dette fondet er på rundt 400 millionar kroner. Trond Mohn Stiftelse forvaltar verdiar for over 2,5 milliardar kroner.

Stipend og legat for tilsettte og studentar

Studenter ved UiB kan søker flere ulike legat og fond for å få støtte:

  • L. Meltzers høyskolefond
  • Universitetet i Bergens studentlegat
  • Aker Scholarship
  • Fullbright stipend

Her finner du mer informasjon.

Det finnes også stipend ansatte kan søke om:

Her finner du mer informasjon.

Frå 64 til 36

Men ei rekke mindre fond og legat delar òg ut midlar til studentar og tilsette. Tidlegare styrte UiB 64 stiftingar, men nokre av dei var så små at det kosta meir å halde dei i live enn dei kunne dele ut.

— Talet på desse er no redusert til 36, fortel universitetsdirektør Kjell Bernstrøm til På Høyden.

Det er strenge restriksjonar på kva endringar ein kan gjere i stiftingar i form av omdanning og samanslåing, men ein har no klart å redusere talet til 27 som blir forvalta av universitetsstyret, mens 9 medisinske stiftingar har eigne styre.

Godkjenner rekneskap

— Det førre universitetsstyret ba om ei omorganisering av styringa av fond og legat. Slik styring er ikkje i kjernen av kompetansefeltet til universitetsstyret, seier Bernstrøm.

Rolla til styret har for det meste vore å godkjenne årsrekneskap og liknande faste, overordna plikter, ettersom fonda har eigne komitear som tar seg av utdelinga av midla.

Omkring tre prosent av forvaltningskapitalen blir delt ut kvar år.

Styring av fond og legat har vore ei ekstraoppgåve for universitetsstyret, som må gjerast etter dei ordinære styremøta. Både det førre og det sitjande styret har ønska å overføre ansvaret til andre. Foto: Hilde Kristin Strand
Styring av fond og legat har vore ei ekstraoppgåve for universitetsstyret, som må gjerast etter dei ordinære styremøta. Både det førre og det sitjande styret har ønska å overføre ansvaret til andre. Foto: Hilde Kristin Strand

Sommar-høyring

I sommar har UiB publisert annonsar som fortel om omlegginga, slik at etterkommarar av stiftarane kan komme med innvendingar dersom dei er ueinige i endringa.

— Det er ikkje for å slippe innvendingar at de går ut med dette midt i ferietida?

— Nei, tidspunktet var vald tilfeldig etter når arbeidet var ferdig. Men vi reknar ikkje med at det kjem innvendingar uansett.

— Kor viktig er desse fonda for universitetet?

— For studentar og forskarar er dette ein ganske unik mulegheit til å få ekstra midlar. I forhold til ein økonomi på fem milliardar kroner er det småpengar, men ekstremt viktig for einskildforskarar og studentar.