Kjell Bernstrøm kjem til å prege universitetet dei neste seks åra, og vil du ha han i tale bør du vere tidleg ute, helst før 0700.
Kjell Bernstrøm kjem til å prege universitetet dei neste seks åra, og vil du ha han i tale bør du vere tidleg ute, helst før 0700.

Kjell på toppen

Publisert
Friminutt:

I ungdommen blei han ekskludert av AKP-ml. No er det han som herskar på «Leninhøyden».

Medan andre på hans alder skundar seg over i AFP-livet, vil Kjell Bernstrøm(63) heller setje sitt preg på universitetet. Denne veka fekk han tilbod om jobben som universitetsdirektør, og går frå å vere konstituert til å bli fast – i eit seks år lang åremål. Men når åremålsperioden er ute vil Bernstrøm vere 69 år, så han kan uansett ikkje ta ein ny periode.

Reising og vin
Etter å ha jobba ved UiB sidan januar 1997 er han velkjend for mange. Men kven er eigentleg Kjell Bernstrøm?

– Det er eit vanskeleg spørsmål, synest den nye direktøren.

Friminutt

Namn: Kjell Bernstrøm

Alder: 63 år

Fødd og oppvaksen: Gimleveien, like ved Brann Stadion i Bergen

Aktuell: Blei denne veka vald til ny universitetsdirektør av styret ved UiB

Siste kulturoppleving: Kona og eg var Komische Oper i Berlin nyleg, og såg Don Juan som ballett. 

– Eg har budd i denne byen sidan 1951. Interessene mine er eigentleg knytt til reising og vin. Vi har hatt hytte i Jondal, men den selde vi for nokre år sia, fortel han.

Mange av reisene går saman med vin-interesserte vener.

– Vi er med i ein vinklubb med seks vennepar. Vi har ei samling heime hos kvar i løpet av året, og annakvart år dreg vi på tur til eit vindistrikt. Vi har vore i dei fleste vindistrikta i Europa, unntatt Piemonte.

Og opplegget blir profesjonelt gjennomført: Dei trekkjer ikkje lodd om kven som skal køyre frå vinslott til vinslott, men får heller ein turoperatør til å setje saman reisa, med minibuss og sjåfør.

Ein av deltakarane i vinklubben er Bjart Nygaard, som i mange år var eigedomssjef i GC Rieber. Og no får Bernstrøm millionløn for å styre milliardbedriften UiB. Han har reist eit stykke sidan han kom til UiB i 1970.

– Først tok eg eit fag som heitte samfunnskunnskap, deretter administrasjons- og organisasjonsvitskap, før det blei sosialøkonomi, fortel han.

Kasta ut av ml
Men det var politiserte tider, og guten frå Gimleveien organiserte seg.

– Eg var ganske aktiv politisk, då. Langt til venstre, i Sosialistisk Folkeparti og SUF.

Eg var ganske aktiv politisk, då. Langt til venstre

Men han var ikkje radikal nok for Sosialistisk Ungdomsforbund, som blei til SUF ml, og blei ekskludert. Bernstrøm heldt fram i ungdomsrørsla til SF, der han mellom anna sat i sentralstyret.

– Men eg fekk familie, og det var krevjande å skrive hovudfag, så det blei ikkje meir politikk.

Heime på Nesttun var det òg travelt, med kone og born. Dei gifta seg i 1971, og i 1980 kjøpte dei ein hyttetomt i Jondal. Tak og veggar blei sett opp, men alt det innvendige snekkararbeidet gjorde han sjølv.

– Det var ikkje alt som blei like bra, seier Bernstrøm smålåtent.

Jobb i arbeidsmarknaden
Etter hovudfaget blei det jobb for den unge sosialøkonomen. Som vitskapleg assistent fekk han skrive mykje av ei nordisk utgreiing: Arbeidsmarkedspolitikkens mål og midler i Norden.

– Det er den einaste vitskaplege publikasjonen eg har produsert etter hovudoppgåva.

Så fekk han jobb på fylkesarbeidskontoret, før han i 1986 byrja i Den norske Creditbank (DnC).

– Det var veldig lang veg frå SUF til DnC. Det var mykje pengar i systemet den gongen, som kanskje var den mest ekspansive nokon gong for bankane. Men etter at eg kom dit gjekk det berre eitt år før det small, seier Bernstrøm, utan at han prøver å ta ansvaret for dét.

Han blei sendt til Florø for å vere banksjef der eitt år. Då opplevde bankdirektøren med sosialistisk ungdomstid å måtte stengje kassakreditten til det lokale skipsverftet, slik at dei ikkje fekk utbetalt løn til arbeidarane sine. Heldigvis fekk dei garantiar frå det offentlege etter nokre dagar, og banksjefen kunne opne kvelven igjen.

Får styre meir no
Han gikk lei av pendlinga, og flytta til Bergen og blei regiondirektør i Noregs bank i Bergen. Heilt tilfeldig enda han på UiB som personal- og økonomidirektør i 1997.

– Eg møtte Kåre Rommetveit på ein butikk, og vi kom i prat om jobben, som eg deretter søkte, seier han.

Og Bernstrøm er ikkje i tvil om at det har gått rette vegen for dei som skal styre universiteta: Styringsrommet er mykje større no.

Vi har ein mykje større institusjonell fridom i dag

– Vi har ein mykje større institusjonell fridom i dag. Før var løyvingane frå staten bundne. Kor mange professorat det skulle vere blei vedteke i statsråd, hugsar han.

Og mens kollegaer trappar ned gjer han seg klart for seks travle år, sjølv etter å ha hatt jobben på prøve sidan Kari Tove Elvbakken gjekk 28. januar i år.

– Eg trivst på UiB. Det er interessant å jobbe her, og vi har fått til mykje allereie. No blir det særleg interessant med strategiutviklinga framover. Det same gjeld organisasjonsutviklingsprosjektet, der det er gjort mykje godt arbeid no i fase éin.

Vil få det til på tvers
Å vere universitetsdirektør er ikkje ein heilt ny tanke for han: Då jobben blei utlyst etter at Kåre Rommetveit slutta, søkte Bernstrøm, men Elvbakken fekk jobben.

Ei av sakene Bernstrøm vil jobbe for å få til i tida som kjem er tverrfaglege prosjekt, som har vist seg vanskelege å lukkast med i universitetssystemet.

– Vi har ikkje overbygningen somt trengst for å få ting til å fungere på tvers av fag, samtidig som det kanskje er nøkkelen til å lukkast i framtida. Det er viktig å sjå på kva det er som hindrar det, og som økonom ser eg på pengestraumen, og korleis den går gjennom fagdelte siloar i dag. Det er viktig å hugse at insentiv virkar, for å sitere Alf Erling Risa. Her trengst kanskje ein kombinasjon av økonomi og leiarskap.

Open og utålmodig
Då Bernstrøm over natta tok over jobben, lova han å vere både open og inkluderande i leiarstilen sin.

– Du blir framheva som ein pragmatisk og raus type, kombinert med ein svært god kjennskap til heile UiB?

– Leiarstilen min er nok å søke løysingar, heller ennå setje ting på spissen.

– Kva er di svake side?

– Eg kan nok vere ganske utålmodig, innrømmer han.

Normalt at direktørar sluttar
Dei to førre direktørane har forsvunne ut døra i konflikt med rektoratet. Det synest ikkje Bernstrøm er så overraskande.

Det er ikkje unormalt at slike ting skjer i store organisasjonar

– Det er slikt som skjer. Då eg jobba i DnC hadde vi tre direktørar på to år, og mens eg jobba i Noregs bank måtte Torstein Moland gå. Det er ikkje unormalt at slike ting skjer i store organisasjonar. Eg samarbeidde godt med Kari Tove då ho var direktør, og fekk gratulasjonar frå både henne og Kåre Rommetveit då eg fekk jobben, seier Bernstrøm.

Han er klar på at både han og rektoratet må ha fridom til å avslutte samarbeidet etter neste rektorval.

– Vil UiB vere slått saman med andre institusjonar når ditt åremål er ute?

– Kanskje med Kunsthøgskolen. Eg trur og at vi etterkvart får eit tettare samarbeid med NHH.

Hittil har Kjell Bernstrøm insistert på å halde seg på sitt gamle kontor. No blir han tvungen til flytte inn på det store direktørkontoret. 

Opnar døra tidleg
Om tilsette har noko på hjartet kan det vere verd å merke seg at den nye direktøren er eit A-menneske.

– Det er eg som set på kaffien om morgonen, og heime lagar eg middag kvar dag.

Han er på jobb mellom klokka 0600 og 0630 kvar morgon, og døra står alltid open.

Ein del har lært seg at det kan vere lurt  å vere tidleg ute:

– Tysdag hadde eg til dømes tre stykke innom meg før klokka var 0730.