Marina Warners siste bok er “Once Upon a Time: A Short History of Fairy Tale” (2014). Boka har fokus på meininga av eventyr med fokus på kjønnsroller, feminisme og psykoanalyse. Foto: Dan Welldon
Marina Warners siste bok er “Once Upon a Time: A Short History of Fairy Tale” (2014). Boka har fokus på meininga av eventyr med fokus på kjønnsroller, feminisme og psykoanalyse. Foto: Dan Welldon

Ventar på Holbergpris i teologi

Publisert

Sigmund Grønmo er svært nøgd med tildelinga av Holbergprisen for 2015 til Marina Warner. Men han ventar framleis på gode nominasjonar innan teologi.

Grønmo ventar seg ikkje kritikk mot tildelinga, sjølv om det alltid vil vere nokon som meiner at andre kandidatar fortener prisen meir. 

Holbergprisen

  • Holbergs internasjonale minnepris blir kvart år delt ut til forskarar som har gitt framifrå bidrag til humaniora, samfunnsvitskap, teologi og juss. Vinnaren skal på avgjerande måte ha påvirka internasjonal forsking på sitt felt, til dømes ved utvikling av ny teori. 
  • Prisen på 4,5 millionar kroner blei oppretta av Stortinget 1. juli 2003. Han er finansiert over statsbudsjettet, men blir administrert av Universitetet i Bergen, og delt ut i Håkonshallen i byrjinga av juni.
  • Vitskapleg tilsette ved universitet, høgskular og forskingsinstitutt kan nominere kandidatar til prisen. Ein fagkomité lagar deretter ei kortliste av kandidatar, og det blir henta inn uavhengige vurderingar. Fagkomiteen innstillar til styret for Holbergprisen, som tildelar prisen. 
  • Holbergprisen i skolen blir delt ut same dag, og går til det beste forskingsprosjektet innan dei same fagområda som hovudprisen. Det blir òg delt ut ein lærarpris. 

Prisvinnarane: 

Sjå videoen!