I januar 2017 var det stormflo på Bryggen i Bergen. Organisasjonen Klimarealistene meiner at det meir ekstremvêr ikkje skuldast klimaendringar. Foto: Tor Farstad
I januar 2017 var det stormflo på Bryggen i Bergen. Organisasjonen Klimarealistene meiner at det meir ekstremvêr ikkje skuldast klimaendringar. Foto: Tor Farstad

Desse forskarane vil avlysa klimakrisa

17 norske forskarar har skrive under på eit opprop om å avlysa klimakrisa saman med 700 vitskapsfolk frå heile verda. Ein av dei kjem frå Universitetet i Bergen.

Publisert   Sist oppdatert

I helga hadde Klimarealistane, som skriv om seg sjølve at dei er ein partipolitisk uavhengig organisasjon som meiner at klimaet er dominert av naturlege variasjonar, konferanse i Oslo.

Fleire av medlemmene har skrive under på eit opprop som den nederlandske professoren Guus Berkhout har stått i spissen for, og sendt til FN sin generalsekretær António Guterres.

Dei norske forskarane

Jon Gulbrandsen, PhD, biologist, Associate Professor NOFIMA and NOAA (USA), Norway

Rögnvaldur Hannesson, Professor Emeritus, Norwegian School of Economics, Norway

Geir Hasnes, Adjunct Associate Professor, Institute of applied Cybernetics, Norwegian University of Science and Technology, Norway

Hans Konrad Johnsen, Dr. Ing., Norway

Arnfinn Langeland, Professor Emeritus Biology, Norwegian University of Science and Technology

Willy Nerdal, professor of Chemistry, University of Bergen

Ulf Torgny Rock, Master of Chemical Engineering, Norsk Hydro, Norway

Martin Torvald Hovland, Geophysical and Geological Advisor, Former Lecturer at University of Tromsø

Elen Roaldset, Emertitus Professor in Geology, University of Oslo, Former Director of Natural History Museum Oslo, Professor at Norwegian University of Science and Technology

Hakon Gunnar Rueslatten, Geological Researcher, Trondheim

Tom V Segalstad, Associate Professor Emeritus of Geochemistry, University of Oslo, Norway

Jan-Erik Solheim, Professor Emeritus Astrophysics, University of Oslo

Jørgen Stenersen, Professor Emeritus Eco-Toxicology, University of Oslo

Totalt har over 700 vitskapsfolk skrive under, av dei er 17 norske. Det kjem fram i ei sak NRK har laga.

Ein frå UiB

Ein av forskarane er Willy Nerdal frå Universitetet i Bergen (UiB). Han er professor i kjemi.

— Oppropet treng ingen oppfølgar, det står på eigne bein, skriv Nerdal når På Høyden ber han kommentera saka.

På lista over norske forskarar finn ein ein del emeritusar, men òg forskarar som i dag er tilsett ved både Universitetet i Bergen og NTNU. Men det er ingen klimaforskarar på lista.

At klimakrisa ikkje finst burde vera openbert for alle.

Morten Jødal

NRK har bede nettopp klimaforskarar om å gå gjennom nokre av klimarealistane sine syn, som mellom anna at naturlege, så vel som menneskeskapte faktorar er årsak til oppvarming, at CO2 er plantemat og grunnlag for alt liv på jorda, og at global oppvarming ikkje har gitt fleire og større naturkatastrofar.

I Danmark har fire forskarar skrive under på oppropet, i Sverige 18.

Les også: Noreg er blant landa med flest klimaskeptikarar

Viser til 1800-talet

Klimarealistane skriv på si eiga nettside at det er sola som styrer klimaet. Dei er òg skeptiske til kva norske media skriv om organisasjonen.

— At klimakrisa ikkje finst burde vera openbert for alle, for me kan ikkje erfara henne, sieer Morten Jødal, leiar i Klimarealistane, til NRK. Jødal er sjølv biolog.

Han viser til at det var ei reell klimakrise i Norden i 1860-åra, med først ekstrem kulde og deretter tørke.

Carlo Aall er leiar av Norske senter for bærekraftig klimatilpasning (Noradapt) ved Vestlandsforsking. Han seier til NRK at ingen av forskarane i Klimarealistene er klimaforskarar.

— Dei har tydelegvis heller ikkje greie på risiko. Kva er best; å redusera utslepp og så viser det seg at me ikkje har noka klimakrise, eller motsett? Å stansa klimaarbeidet, men så viser det seg at klimakrisa er reell?