Ein ny studie syner at det vil vere mogleg å redusere prematur dødelegheit med 40 prosent innan 2030. Ei halvering av prematur dødelegheit for dei under 50, medan ein i aldersgruppa 50-69 vil kunne forvente ein nedgang på ein tredjedel. Foto: Colourbox
Ein ny studie syner at det vil vere mogleg å redusere prematur dødelegheit med 40 prosent innan 2030. Ei halvering av prematur dødelegheit for dei under 50, medan ein i aldersgruppa 50-69 vil kunne forvente ein nedgang på ein tredjedel. Foto: Colourbox

Vil redusere for tidleg død med 40 prosent

Publisert

I ein ny studie, som vart lansert fredag i det medisinske tidsskriftet The Lancet, skriv blant andre UiB-professor Ole Frithjof Norheim at det er mogleg å redusere talet på dei som dør ein for tidleg død med nærare 17 millionar innan 2030.

FN sine utviklingsmål for helse har allereie vore ein suksess, og talet på tidlege dødsfall er allereie kraftig redusert. No meiner altså Norheim, saman med ei rekkje andre forskarar, at det kan vere mogleg å  ytterlegare redusere tidlege dødsfall med 40 prosent på verdsbasis, men det vil krevje stor innsats og ytterlegare investeringar.
 
– I vår studie har vi sett på den positive nedgangen i dødelegheit som har vore det siste tiåret, altså år 2000-2010. Prematur dødelegheit, det vil seie dødsfall før fylte 70 år, har falle med 19 prosent. Dersom denne nedgangen held fram, noko som vil krevje ein massiv innsats og ytterlegare investeringar, så er det mogleg å redusere talet på dødsfall vi ville sett i 2030, med dødsratene som var i 2010, med 40 prosent. Det er eit ambisiøst, men realistisk mål. Talet på personar som døyr før dei fyller 50 kan halverast, og ein kan redusere talet på dødsfalla i alderen 50-69 med ein tredjedel, fortel Norheim.

Skil mellom

smittsame og ikkje-smittsame sjukdommar
I studien skil Norheim og dei andre mellom smittsame sjukdomar med ikkje-smittsame (kreft, hjarteproblem, slag osv.). I kva gruppe ein må ha hovudfokus varierar frå land til land.

– I land med høg prematur dødelegheit vil det framleis vere slik at mest kan verte oppnådd ved å redusere dødelegheita hjå born, mødre og grupper som døyr av smittsame sjukdommar som HIV, tuberkulose og malaria. I andre land, der det er flest dødsfall i aldersgruppa 50-69 år, så kan ein oppnå mest med førebygging og behandling av kroniske sjukdommar som hjarte- og karsjukdom, kreft og mentale lidingar. Førebygging og behandling av skadar er også viktig.
 

Ole Frithjof Norheim. Foto: UiB

Også Noreg kan redusere talet på tidlege dødsfall  
I studien vert det peika på at det er dødsfall knytt til dei ikkje-smittsame sjukdommane det vil ta lengst tid å få ned, då dei ofte krev viktige kontrolltiltak som kan ta tiår før dei oppnår full effekt.

Men sjølv i eit land som Noreg, der dei ikkje-smittsame sjukdomane byr på langt større problem enn smittsame sjukdommar, som til dømes tuberkulose, HIV osv., meiner Norheim at også Noreg skal klare å redusere talet på for tidlege dødsfall med over 30 prosent innan ein 20 års-periode.

– Noreg har allereie, gjennom verdens helseorganisasjon, forplikta seg til å redusere risiko for død som skuldast ikkje-smittsame sjukdommar med 25 prosent innan 2025. Nasjonale helsemyndigheiter har allereie utvikla ein strategi for dette. Våre berekningar syner at vårt anbefalte mål om å redusere slike dødsfall med minst 1/3 i Noreg innan 2030 er mogleg.

Vil ha FN med på laget
No ynskjer forskarane bak studien å få FN til å setje seg eit konkret mål om å redusere tidlege dødsfall med 40 prosent i løpet av 20 år.

FN-systemet skal ha fleire møter i New York i neste veke der den politiske prosessen startar. Det krev mot å redusere det alt for høge talet på mål og delmål som no er føreslege. Vi håpar at vår studie kan syne at eit enklare sett av mål og delmål er betre. Våre mål er også enkle å forstå, og målbare. Vi trur det kan ha politisk appell, seier Norheim.

Ministrar er begeistra for funna i studien
I tillegg til studien vart også ein artikkel skriven av helseminister Bent Høie og utanriksminister Børge Brende publisert i The Lancet. Her trekkjer dei to ministrane fram funna som er gjort i studien og rosar den “enkle oppskrifta” dei har kome fram til. Norheim trur at lovorda frå dei to norske ministrane kan vere med på å ytterlegare løfte studien.

– Noreg er ein viktig aktør innan global helse, og støtta frå dei to ministrane vil verte lagt merke til. Børge Brende har i tillegg ein stor internasjonal vørdnad, så denne støtta set vi stor pris på.
 
– The Lancet vert rekna for å vere kanskje det største og viktigaste medisinske tidsskriftet. Kva betyr det for deg å få studien publisert der?

– Det finns mange gode tidsskrift, men Lancet har ein eigen posisjon for dei som er opptatt av global helse. Studiar publisert i Lancet vil difor verte lest av mange aktørar som har beslutningsmyndigheit, og det er viktig.
 
– Kva har forskingsmiljøet på IGS og UiB hatt å seie for deg og arbeidet med denne studien?

IGS og Universiteter i Bergen har som eit hovudmål å bidra til god forskning innan global helse og utvikling. Over mange år har UiB bygd kompetanse innan internasjonal helse og den støtta vår forskningsgruppe for globale helseprioriteringar har fått har vore heilt uvurderleg. Vi har også fått eit eige senter for fremragende forskning: CISMAC. Brei tverrfagleg kompetanse er viktig for å byggje gode miljø, avsluttar Norheim.

Her kan du lese heile studien:

Avoiding 40% of the premature deaths in each country, 2010—30: review of national mortality trends to help quantify the UN Sustainable Development Goal for health