Slik var studiestarten ved Universitetet i Bergen i 2018. I 2020 kjem det til å sjå veldig annleis ut.
Slik var studiestarten ved Universitetet i Bergen i 2018. I 2020 kjem det til å sjå veldig annleis ut.

Flyttar fadderfesting til campus for å unngå smitte

Digitale samlingar og smittevernvakter skal hjelpe studentane trygt i gang med studia til hausten.

Publisert Sist oppdatert

— Det er openbert at tronge hyblar ikkje vil la seg kombinere med smittevernreglane. Difor legg vi til rette for at faddergruppene kan vere i universitetet sine lokale der det er større plass. På den måten håper vi å unngå at det vert for tett kontakt og fare for smittespreiing, seier Oddrun Samdal, viserektor for utdanning ved Universitetet i Bergen (UiB).

Årets russ fekk ikkje feste som planlagt i vår. Nokre av dei har sett fram til at faddervekene kan verte ei god erstatning for russetida, men det er ikkje sikkert ønsket vert røyndom.

— Kva slags utfordringar blir det når studentane heller skal ha sosiale arrangement i universitetet sine lokale?

— I samband med at studentane i fadderveka i år i større grad brukar våre lokale, må vi sjå på utvida vakthald for å overhalde smittevern og også at retningslinjer for alkoholbruk vert følgde, seier Samdal.

Smittevern og trivsel

Oddrun Samdal, viserektor for utdanning ved Universitetet i Bergen © Eili Kjerland Skaar
Oddrun Samdal, viserektor for utdanning ved Universitetet i Bergen © Eili Kjerland Skaar

Eigne smittevernvakter, digitale fellesmøte og et mobilspel skal sørge for at studentane ved universitet og høgskular overheld einmeters-regelen og andre smitteverntiltak ved årets studiestart.

— Vi tilset i desse dagar smittevernvakter som skal passe på at studentane ikkje samlast for tett i for store grupper, og elles overheld smittevernreglane, seier Samdal.

Ho opplyser at UiB skal ha 20-25 vakter samstundes på dei ulike fakultetsområda. Det gjeld både inne og ute.

— Det betyr eit behov på inntil 40 personar. Så langt har vi vore i dialog med eksamensvaktene våre som er interesserte i å bidra. I tillegg kan det verte aktuelt å rekruttere nokre studentar, seier Samdal.

Digitale samlingar

Studentane landet over skal i første omgang bli kjende med eigen studiestad digitalt, før dei møtest fysisk. Det er eit anna verkemiddel studiestadane håper skal minske mogelegheitene for at faddervekene vert smittesentralar, når studieåret brakar laust i august.

Den fysiske organiseringa av studentane, vert praktisert litt ulikt.

UiB-leiinga deler studentane i kohortar slik skuleverket elles har gjort, for å sikre at smittetilfelle blir isolerte innanfor dei gruppene studentane er del av.

— Det betyr at studentane skal være i samme kohort på fadderarrangement og arrangement i oppstartsveka. Men dette gjennomfører vi ikkje systematisk når undervisninga startar, seier viserektor Samdal.

— Den sosiale delen av faddervekene er vel nokså langt frå smittevernreglene slik dei hittil har vore praktiserte?

— Ja, sjølv om vi legg opp til mange digitale aktivitetar, vert det også fysiske arrangement. Vi har dei seinere åra lagt vekt på å få redusert drikkepress og seksuelt press i tillegg til å legge til rette for meir inkludering. Dette vil det vere enda meir merksemd rundt i år, seier ho.

— I kor stor grad trur du studentene vil ta ansvar sjølve for å halde ein meters avstand og andre smitteverntiltak?

— Alle må gjennom eit smittevernkurs når dei skal studere hjå oss. Samstundes er rutinane for desse tiltaka allereie såpass innarbeidde i befolkninga at eg reknar med dei fleste vil ta dette ansvaret, seier Samdal.

Måndag sa assisterande direktør i Helsedirektoratet, Espen Rostrup Nakstad til Khrono, at han gjerne ser at det vil bli lagt til rette for student-kohortar i fadderveka.

— Du treng ikkje verte kjent med absolutt alle i fadderveka. Hald deg til dei du skal studere med, sa Nakstad.

Til det seier Samdal følgjande:

— Ja, vi planlegg rundt studenkohortar for fadderveka, og tenkjer at det er eit viktig tiltak for å oppretthalde smittevern ved at vi avgrensar kor mange som møtest samstundes og samla sett i løpet av veka. Kohortane vil ha utgangspunkt i dei som går på same studieprogrammet.