NTL-leiar i Bergen, Jørgen Melve: — Eg opplever at mange ønsker å ta ansvar og sjå på sine eigne reisevanar, seier han. Foto: Dag Hellesund
NTL-leiar i Bergen, Jørgen Melve: — Eg opplever at mange ønsker å ta ansvar og sjå på sine eigne reisevanar, seier han. Foto: Dag Hellesund

Klima: – Eg stolar ikkje på økonomane sine løysingar

Dropp flykutt og kjøp klimakvotar, foreslo økonomiprofessor og leiar i Forskerforbundet, Steinar Vagstad. Misforstått, meiner leiaren i NTL, Jørgen Melve.

Publisert

— Eg trur ikkje klimaet blir noko betre av at vi piskar oss sjølve til å legge ned universitetet, uttalte Steinar Vagstad, professor i samfunnsøkonomi og hovudtillitsvalt for Forskerforbundet i Bergen.

Misforstått, meiner leiar i den andre store fagforeininga ved UiB, Jørgen Melve i NTL (Norsk tenestemannslag).

— Vi skal ikkje drive sjølvpisking, som Vagstad snakkar om, vi skal gjere noko ordentleg og reelt. Nemleg redusere talet på flyreiser. Effekten av å kjøpe seg fri med klimakvotar er å seie at dette er noko andre skal ordne opp i med å redusere sine utslepp. Det er litt som å seie at Noreg er så lite at det spelar ikkje noka rolle for det globale klimaet kva vi gjer. Men per innbyggar er jo Noregs utslepp langt høgare enn Kinas, seier Melve.

Vagstad peikte i På Høyden på at kjøp av klimakvotar i prinsippet ikkje skil seg frå kjøp av andre tenester. Dei fleste går til frisøren i staden for å klippe seg sjølve. Men, framheldt Vagstad, enkelte klimaaktivistar «verkar til å meine at det ikkje påfører oss nok liding» å kjøpe klimakvotar. Det hindrar universitetet i å bli klimanøytralt i morgon, ikkje om ti år, slik det er vedtatt.

— Innanfor ein streng økonomisk modell er det er det jo sant at kjøp av kvotar og andre tenester i prinsippet er det same. Men vi vil komme til eit punkt der vi er nøydd til å gjere noko sjølv. Dersom ikkje vi, som ein privilegert nasjon skal ta ansvar, kven skal då gjere det? Eg opplever at mange er interessert i å ta dette ansvaret, seier Melve.

NTL har vedtatt ein resolusjon som går inn for at universitetet skal redusere talet på flyreiser og dermed klimagassutslepp.

— Grumsete og komplisert

Vagstad uttalte at han stolar på klimaforskarane «når det gjeld kva kloden toler av klimagassutslepp, men ikkje når det gjeld korleis vi kan løyse utfordringane».

— Eg for min del, som statsvitar, stolar ikkje nødvendigvis på økonomane. Røyndommen er meir grumsete og komplisert enn dei økonomiske modellane, seier Melve.

Han meiner også Vagstad feilaktig framstiller situasjonen som eit enten eller, å flyge eller ikkje flyge, for dei universitetstilsette.

— Det er ikkje slik at vi skal slutte heilt å flyge, men redusere. Det dreier seg om å vurdere om føremål og reisemål heng i hop, seier Melve.

Han får støtte frå studentpolitikar ved UiB og sentralstyremedlem i Norsk studentorganisasjon (NSO) Vegard Smievoll. NSO vedtok på sitt siste landsmøte ein klimaresolusjon som mellom anna krev halvering av klimagassutsleppa ved universiteta innan 2025.

Ikkje skjegg i klimapostkassa

— Vi skal ikkje slutte heilt å flyge, vi skal vere internasjonale. Men vi må redusere utsleppa så mykje som mogleg. Då blir kvotekjøp symbolpolitikk. Det gjer at vi kan slå oss på brystet og seie vi er klimanøytrale. Men dersom vi skal gjere noko med klimakrisa, må vi endre måten vi lever på i alle sektorar. Jordas bereevne toler ikkje at vi held fram med å flyge på same nivå som i dag, seier Smievoll, som også har vore studentrepresentant i UiB-styret.

Kvotekjøp er symbolpolitikk

Vegard Fosso Smievoll, NSO

I prinsippet, seier Smievoll, er han einig med Vagstad i at universitetet kan skyte seg sjølv i foten om det som det einaste kuttar kraftig i flyreisene og reiser mindre. Ifølgje Vagstad vil flykutt på sikt føre til nedbygging for UiB, fordi det som utkant i verda er avhengig av kontakten med andre som flyreiser gir.

— Om det berre var vi som reduserte, kunne vi hamna med skjegget i klimapostkassa. Men når det gjeld forslaget til UiB, ligg det i korta at ein skal samarbeide med andre universitet som også skal redusere sine utslepp, seier Smievoll.

Han er for tida i arbeid med ein ny resolusjon som NSO vil sleppe til sommaren. Eit av dei konkrete tiltaka studentorganisasjonen vil foreslå er å legge miljøavgifter på flyreiser i institusjonane og bruke inntektene på klimatiltak.

Handlar om kultur

Professor og leiar ved UiBs Senter for klima og energiomstilling (CET), Håvard Haarstad, meiner Vagstad bommar fullstendig når han fryktar at kutt i flyreiser vil føre til nedbygging av universitetet.

— Det er få eller ingen som påstår at absolutt alle reiser skal kuttast i morgon. Dette handlar om ei kulturendring, der det skal lønne seg å vere kortreist. I dag er det langt på veg motsett. Dette har ingenting med å bygge ned eller legge ned universitetet å gjere. Det er dessutan fullt mogleg å vere ein god forskar og flyge lite, seier Haarstad.

Han meiner ei rein økonomisk tilnærming til klimaproblematikken blir for snever.

— Vi veit frå forsking på omstilling at vi blir påverka av kvarandre og vala vi gjer. Mykje handlar om kulturell endring og signaleffekt når vi skal løyse klimakrisa. Vi må sjå utover det reint økonomifaglege perspektivet, seier Haarstad.