Laksen går i slike kar hos Institutt for biovitskap. No vurderer instituttet om ein heller skal ha kar med glasveggar, slik at fiskane ikkje vert så skremde når det kjem nokon inn i rommet. Professor Frank Nilsen er oppteken av at forsøksfisken skal ha det best mogleg. Foto: Tor Farstad
Laksen går i slike kar hos Institutt for biovitskap. No vurderer instituttet om ein heller skal ha kar med glasveggar, slik at fiskane ikkje vert så skremde når det kjem nokon inn i rommet. Professor Frank Nilsen er oppteken av at forsøksfisken skal ha det best mogleg. Foto: Tor Farstad

Fann sår på forsøksfisk under inspeksjon - institutt pålagt tiltak

Publisert

Mattilsynet fann fleire laks med snutesår under inspeksjon hos Institutt for biovitskap. – Me er opptekne av at fisken skal ha det best mogleg, seier professor Frank Nilsen.

På med kvit frakk og blå plasttrekk utanpå sko. Så kan ein få vera med inn i laboratorieområdet på lakselussenteret ved Institutt for biovitskap. Ned heile korridoren finn ein rom der fisk som skal brukast til forsking er plassert i ulike kar.

– For oss handlar det om at fisken skal ha det best mogleg, samstundes som me sjølvsagt ønskjer best mogleg forsking, seier professor Frank Nilsen.

Han leiar lakselussenteret ved UiB.

Frank Midtøy er overingeniør og leiar levandelaboratoria. Han er oppteken av at forsøksfisken skal ha det bra. Foto: Tor Farstad
Frank Midtøy er overingeniør og leiar levandelaboratoria. Han er oppteken av at forsøksfisken skal ha det bra. Foto: Tor Farstad

Verka skremde

I november i fjor var Mattilsynet på inspeksjon hos Institutt for biovitskap. Dei fann fleire fisk med sår på snuten.

Slik ser lakselus ut. Dei to største er holus, som har eggstrengar. Lakselusa er ein parasitt, og treng eit vertsdyr for å overleva. Foto: Lars Are Hamre
Slik ser lakselus ut. Dei to største er holus, som har eggstrengar. Lakselusa er ein parasitt, og treng eit vertsdyr for å overleva. Foto: Lars Are Hamre

– Under inspeksjonen vart det observert ferske sår på snuten til eit fleirtal av fiskane. Såra såg ut til å ha utvikla seg over tid. Fiskane viste fleire gongar teikn på å verta skremde av personar i oppstallingsrommet, med tilhøyrande kollisjonar med karveggen.

Dette heiter det i rapporten Mattilsynet skreiv etter å ha vore på inspeksjon hos Institutt for biovitskap i slutten av november i fjor. No er instituttet pålagt å gjennomføra tiltak for å hindra at fisken får slike sår.

Dette er allereie i gang, seier overingeniør Lars Are Hamre. Han viser fram ulike typar kar som skal testast. Dei kara mattilsynet såg, er opne i toppen, men lukka på sidene. No vurderer instituttet gjennomsiktige kar med vindauge på sida.

– Me ser at fiskane reagerer når det kjem fleire menneske inn her samstundes, som det var då Mattilsynet var her. Vanlegvis kjem det inn eitt menneske om gongen, i kvit frakk, og då veit fiskane at dei skal få mat. Me har valt å ha røktarar som forar, slik at fiskane skal vera vane med å ha menneske rundt seg, fortel Hamre.

Ikkje graverande

Fisken i kara er laks, som ber lakselus. For å kunne forska på lakselus må ein ha eit vertsdyr.

– Men det er krav til at fisken ikkje skal gå for lenge med lus, og dei skal ikkje utvikla sår.

Det seier Dag Atle Tuft, som er seniorrådgivar i Mattilsynet. Det var han som gjennomførte inspeksjonen.

Tuft understrekar at det ikkje var graverande feil som vart funne ved Institutt for biovitskap.

– Men det er ikkje slik det skal vera, og det me fann, er utanfor det som er gitt løyve til, seier han.

Må planlegga

– Reglane her hos oss er svært strenge. Ein må til og med ha gjennomført eigne kurs før ein får mata fiskane, seier Nilsen.

Han fortel at UiB har kome med innspel til regelverket.

– Sjølvsagt er det litt pinleg at det vert funne sår på fisken her hos oss, men det er noko som skjer frå tid til anna. Me må òg gjera nokre val: Dersom me oppdagar sår på ein fisk, skal me då ta fisken ut og slå han ihel med ein gong, eller skal me prøva å gjennomføra forsøket? Dette er dyr forsking, og forsøka er planlagde i god tid.

Frank Midtøy er overingeniør og leiar for levandelaboratoria. Han fortel at fisk vert alt opp for å vera forsøksfisk. Dei tilsette ønskjer at laksen skal gå med lus på seg så kort tid som mogleg, men samstundes har ein nokre stammar lakselus ein ønskjer å ta vare på. Dei lever berre dersom dei får leva på fisk.

– Det tek tid å ala opp fisk. Forskarane ønskjer ofte fisk som er om lag 300 gram. Det tek minst eit halvt år å få dei så store. Det betyr at forskinga må planleggast i god tid, seier Midtøy.

– Formålet vårt er å læra meir om lakselus og å utvikla nye metodar for å kontrollera lakselus i oppdrettsnæringa, til dømes gjennom legemiddel og vaksiner, seier Frank Nilsen.