Olav Kvalheim og kollegaene har søkt <span class="caps">EU</span> om midlar til å utvikle små sensorar og programvare til bruk i kjemisk industri. Vinsten kan bli 50 millionar kroner. Foto: Dag Hellesund
Olav Kvalheim og kollegaene har søkt EU om midlar til å utvikle små sensorar og programvare til bruk i kjemisk industri. Vinsten kan bli 50 millionar kroner. Foto: Dag Hellesund

– Eg har ikkje vore med på noko meir heftig

Publisert

Professor Olav Kvalheim har brukt dagar og netter til å skrive EU-søknad. Vinsten kan bli 50 millionar kroner, og store endringar for kjemisk industri.

UiB-forskarar har nett levert inn søknader til den første runden innan EUs nye rammeprogram for forsking, Horisont 2020. Då Kvalheim og kollegaene leverte ein 144 siders søknad 20. mars, låg det lange dagar og netter bak.

Professor Olav Kvalheim har brukt dagar og netter til å skrive EU-søknad. Vinsten kan bli 50 millionar kroner, og store endringar for kjemisk industri.

UiB-forskarar har nett levert inn søknader til den første runden innan EUs nye rammeprogram for forsking, Horisont 2020. Då Kvalheim og kollegaene leverte ein 144 siders søknad 20. mars, låg det lange dagar og netter bak.

– Vi trudde først at det var ein tostegssøknad, er ein først leverer inn ei skisse på kring ti sider, og deretter sender inn full søknad om skissa går vidare, fortel Kvalheim.

To timars søvn
Men denne gongen måtte søkarane levere full pakke med ein gong: 144 sider, der rundt halvparten går direkte på prosjektet, mens resten er meir overordna dokument om organisasjonen og anna.

Horisont 2020

  • Horisont 2020 er eit EU-program med ein pott på 77 milliardar euro innanfor ei rekkje, ulike fagfelt.
  • EU har lovd at søknadsprosessen denne gongen skal bli langt mindre byråkratisk. Det er likevel så vanskeleg at søkjarar kan trengje støtte frå forskingsadministrativ avdeling eller andre.

  • UiB har delt ut 1,9 millionar kroner i posisjoneringsmidlar for mulege EU-prosjekt, og over éin million prosjektetableringsmiddel saman med Forskingsrådet.

  • Det er òg utpeikt ein eigen «task force» ved UiB som skal hjelpe søkjarane. Innsatsstyrken har stor kompetanse på dei ulike delane av søknadsprosessen.

  • I perioden 2009 til 2012 henta UiB ca. 49 prosent av dei eksterne midla hos Forskingsrådet, mens EU berre sto for 5 prosent.

  • UiB tar mål av seg til å auke EU-finansieringa kraftig.  

  • Noreg henta totalt ut 6,4 milliardar kroner frå førre rammeprogram, FP7.

  • UiB har ei eiga nettside for Horisont 2020: www.uib.no/h2020 Her fins det mellom anna informasjon om dei ulike utlysningane. 

– Eg er for å søkje pengar frå EU, men det er ein svær prosess, som bare har blitt verre og verre. Siste natta sov eg to timar. Eg har ikkje vore med på noko meir heftig, seier Kvalheim.

Like etter at søknaden var sendt var det fleire av deltakarane som sa at dei aldri ville vere med på ein slik søknad igjen.

– Men det er snakk om veldig mykje pengar. Vi har søkt om 50 millionar kroner. Om søknaden går inn blir det litt sånn lotto-kjensle, seier Kvalheim.

Svaret får dei allereie om eit par månader.

Mindre energi og utslepp
Målet med prosjektet er å utvikle nye sensorar og programvare til den kjemiske industrien, slik at det blir brukt minst muleg energi og blir minst muleg utslepp.

– Desse sensorane og programvaren skal auke konkurransekrafta i europeisk industri, og vi har tunge, industrielle partnerar med, seier Kvalheim. 

Han trur det er ein fordel at prosjektet har kome så langt at det kan bli ferdige produkt av det i løpet av få år.

– Du skal dokumentere at teknologien er såpass ferdig at du i slutten av prosessen faktisk kan setje dei opp i pilotar.

Måleinstrumenta som før var digre blir stadig mindre, og i prosjektet vil dei utvikle små sensorar, eller miniatyrisere målemetodar. Mange sensorar måler lys mellom synleg lys og infraraud stråling.

IR og nær-IR er det som brukast mest til slike målingar. Med slike kan du måle straumen av olje, gass og kjøtfarse. Det er ekstremt spennande med slike sensorar, og dei kan gjere det muleg å køyre svære prosessanlegg med langt færre folk, fortel Kvalheim.

Tøft i EU
Universiteta i Newcastle, York, Lund og Strathclyde i Glasgow er med, og UiB er koordinator. Fleire store, europeiske industriselskap er òg med i prosjektet. 

– Dette er retta mot kjemiske og biologiske prosessar. Her var det eit krav at ein god del av forskinga allereie skulle vere gjort. EU er ganske tøffe, men dei gir mykje betre finansiering enn du får frå Forskingsrådet sine industriprosjekt. På eit Senter for forskingsdriven innovasjon får du ikkje ha med utanlandske bedrifter. Det er eigentleg berre EU som kan finansiere prosjekt som går over fleire land på denne måten.

No håpar Kvalheim på positivt svar.

– Vi må ha litt flaks med dei som sitter og ser på søknaden. Men sjølv om vi ikkje får tilslaget er det ikkje slik at vi kastar søknaden. Han skal gjenbrukast om vi ikkje får det til. Og er du pessimist kan du like godt la vere å søkje EU-midlar, legg han til.

Så store kan sensorane vere. Målet er å utvikle miniatyrsensorar. Foto: Dag Hellesund