Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen blei tatt imot av rektor Ole Petter Ottersen då han kom til Ole Johan Dahls hus i går for å presentera regjeringa sin strategi for forskings- og innovasjonssamarbeidet med <span class="caps">EU</span>. Foto: Ola Sæther
Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen blei tatt imot av rektor Ole Petter Ottersen då han kom til Ole Johan Dahls hus i går for å presentera regjeringa sin strategi for forskings- og innovasjonssamarbeidet med EU. Foto: Ola Sæther

Ber norske forskarar om å henta inn 12 milliardar frå EU

Publisert

– Målet vårt er at norske forskarar skal henta inn to prosent av dei 616 milliardar kronene som EUs nye forskingsprogram Horisont 2020 skal bruka. Det opplyste kunnskapsministerTorbjørn Røe Isaksen på UiO i går.

Noreg er no formelt blitt med i EUs nye forskingsprogram Horisont 2020. I løpet av sju år skal Noreg betala inn 18 milliardar kroner til Horisont 2020, som til saman har ei økonomisk ramme på 616 milliardar kroner  (77 milliardar euro). Regjeringa sitt mål er at Noreg skal henta inn to prosent av denne summen, altså i overkant av tolv milliardar kroner. Det vil bli ein auke på 60 prosent i høve til kor mykje norske forskarar har klart å henta inn frå EUs 7. rammeprogram, skriv Uniforum

– Ambisiøst
– Dette er ambisiøst, men me kan nå målet dersom me mobiliserer heile sektoren, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.  I går kom statsråden til Universitetet i Oslo for å presentera den nasjonale strategien for forskings- og innovasjonssamarbeidet med EU. Strategien inneheld måla for den norske deltakinga både i Horisont 2020 og Det europeiske forskingsområdet (ERA).

– I dag er me ikkje flinke nok til å utnytta det europeiske forskingssamarbeidet. Målet vårt er difor å auka aktiviteten med minimum 60 prosent for den norske EU-deltakinga,  sa Torbjørn Røe Isaksen.  Han vil ha ein felles dugnad for alle forskingsmiljøa. Difor oppfordra han både universiteta, høgskulane, forskingsinstitutta, helseføretaka og næringslivet om å samarbeida mykje meir om å sy saman forskingsprosjekt som kan søkja om pengar frå Horisont 2020.

– Humaniora må på bana
Så langt synest han altså at Noreg har fått altfor lite igjen for dei pengane landet har investert i EUs forskingsprogram. 

– Eg etterlyser endå fleire forskarar innanfor humaniora som brukar sjansen til å senda inn søknader til Horisont 2020. Til no har norske forskarar vore for dårlege til å henta inn pengar frå dei forskingssatsingane som kan koma inn under humaniora-faga. Spesielt no når det er ein debatt om det eksisterer ei humaniorakrise, må det vera viktig å koma på bana og delta for fullt i konkurransen om å få desse pengane, sa Torbjørn Røe Isaksen til Uniforum.

– No oppmodar eg alle universitet og høgskular og andre forskingsinstitusjonar til å laga eigne strategiar for korleis deira forskarar kan gripa dette høvet til å skaffa pengar frå Horisont 2020, la han til.

Arbeidet med å integrera forskings- og innovasjonssamarbeidet i Europa betre gjennom Det europeiske forskingsområdet (ERA) blir no trappa opp av EU. Horisont 2020 blei offisielt sjøsett 1. januar i år. Det er verdas største integrerte forskings- og innovasjonsprogram.  Noreg deltar på lik linje med EUS medlemsland både i Horisont 2020 og i utviklinga av Det europeiske forskingsområdet (ERA).

Universitetet i Oslo skal vedta ein eigen EU-strategi på neste møte i Universitetsstyret den 25. juni. Det opplyste UiO-rektor Ole Petter Ottersen under presentasjonen av regjeringas strategi for forskings- og innovasjonssamarbeidet med EU i går.