Fersk bok om ein frikar

Publisert

Jan Olav Gatland har treft på Olav Dalgard heilt sidan han var ung student. No har førstebibliotekaren skrive bok om dramaturgen, kritikaren og frikaren.

– Dalgard hadde stor innflytelse. Men han misbrukte aldri stillinga si, seier Jan Olav Gatland.

Olav Dalgard (1898-1980) var ein sentral aktør i norsk kulturliv i femti år. Han var forlagskonsulent, kritikar, dramaturg, målmann og humanetikar.

– Etter kvart som eg har skrive fleire bøker, har eg kome borti Dalgard mange gonger. Den aller første gongen eg trefte på han, var då eg som ung student tok teatervitskap. Han hadde skrive tre av bøkene på pensum.

Det seier Jan Olav Gatland. Førre veke kom «Olav Dalgard. Ein biografi» ut på Samlaget.

Ville vera fri
Dalgard vart fødd i Folldal, men familien flytta til Oppdal då faren fekk lærarjobb der. Foreldra var to motsetnader: faren sosialist og nærast ateist, mora religiøs. Men dei var samde om ein ting: guten skulle gå på skule. 18 år gamal byrja Dalgard på det då nyoppretta landsgymnaset på Voss. Deretter gjekk vegen til hovudstaden. Han vart student, og deretter kritikar både i Dagbladet, Arbeiderbladet og Dag og Tid då ho kom. Han var med på å starta Statens teaterskole – forløparen til dagens teaterhøgskule, og han vart ikkje minst tilsett ved Det Norske Teatret frå 1930.

– Der vart han i femti år, men heile tida i halv stilling. Han ville vera frikar, som han kalla seg sjølv, og ville ha tid til å boltra seg, seier Gatland.

Men fri og frank var han ikkje. Han var gift med ein tannlege og hadde to søner.

Det er yrkeskvinnene som held oppe ein vesentleg del av norske forfattarar, meinte Dalgard. Men frå 1961 kunne han vera meir frikar, då vart han statsstipendiat og vart slik sikra ein sum pengar kvart år.

500 brev
– Det er ein fordel å jobba ved universitetsbiblioteket når ein skal skriva ei slik bok. Som fagreferent er eg flink til å finna fram stoff, smiler Gatland.

Han er tilsett som førstebibliotekar ved Bibliotek for humaniora, og har tidlegare skrive om mellom anna Åsmund Sveen, Ola Raknes og Torvald Tu. Han nytta same framgangsmåten i arbeidet med denne boka som tidlegare: Ved å ta kontakt med familien til den han skal skriva om, har han fått tak i mange brev.

– Eg var svært heldig og fekk 500 brev, mellom anna frå Tore Ørjasæter og Tarjei Vesaas. Gjennom Nasjonalbiblioteket har eg prøvd å få tak i breva som gjekk den andre vegen, seier Gatland.

Viktig for Uppdal
Ørjasæter og Dalgard vart gode venner. Dalgard var konsulent i diverse forlag, mest nynorske, men han var òg meir uoffisiell konsulent for forfattarar som tok kontakt. Blant desse var Kristofer Uppdal og nettopp Ørjasæter. Det var delvis Dalgard si forteneste at Uppdal kom seg ut frå Gaustad, der han var innlagt i to år, og deretter fekk gitt ut diktsamlinga «Galgberget». Beskjeden frå forlaget var at samlinga var altfor lang, og Dalgard måtte kutta henne med om lag ein tredel. Dette synest han var ein av dei tøffaste jobbane han hadde hatt som kritikar, skriv Gatland.

Ørjasæter skreiv teaterstykket «Christohorus». Stykket er eit draumspel, og det gjekk fleire år før det vart sett opp på scena. Dalgard var dramaturg, og han ville ha den då temmeleg ukjende Gisle Straume til hovudrolla.

Tilbakemeldingane var gode, både frå kritikarar og publikum.

– Dalgard vart av nokre sett på som for snill. Han var oppteken av unge debutantar, og fann alltid noko godt i bøkene deira som han la vekt på. Slik var han òg som dramaturg, men der var han samstundes streng. Han ville både ha kvalitet og innhald. Han visste kva som skulle til for at eit stykke skulle vera godt nok, og for at det skulle greia å overleva på scenen, seier Gatland.

–Men han var underlagt både direktør og styre, og kunne ikkje setja opp kva han ville.

I 1934 sette Dalgard opp Vesaas sitt «Ultimatum». Stykket er moderne i forma, og fekk svært blanda kritikk.

– Men nokre sa at dette peika framover, seier Gatland.

Tore Ørjasæter og Olav Dalgard (til høgre) var gode venner. Mange av dei 500 breva Jan Olav Gatland fekk hos Dalgard sin familie, var frå nettopp Ørjasæter. Foto: Frå boka/privat

Propagandafilm
I 1921 vart Dalgard med i det som heitte Sosialdemokratisk Studenterforening – seinare Mot Dag. Han vart medlem nummer 14, og i 1933 var han på den internasjonale amatørteaterkongressen i Moskva. Russland vart viktig for han. Her vart han kjend med både tramteater (Teater av unge arbeidarar) og film.

– Var Dalgard kommunist?

– Opprinneleg var han nok det., men seinare kalla han seg sosialist. Frå 1933 var han medlem i Arbeiderpartiet og var det all sin dag. Partiet sa at dei ville satsa på kultur, og på eit tidspunkt var det seks tramgjengar berre i Oslo. Desse inspirerte både Rolf Jacobsen, Thorbjørn Egner og Jack Fjellstad, seier Gatland.

Haakon Lie sa at ein måtte satsa på film, som var det nyaste mediet.

– Dette var vel propagandafilm?

– Det var det. Men det vart etter kvart gode filmar òg. Dalgard vart betre og betre på å instruera, og skodespelarane vart flinkare og flinkare. Dalgard laga gjerne to filmar i løpet av eit år. Slutten av kvar film hadde med nokre ord om kor godt Arbeiderpartiet er, humrar Gatland.

Produksjonen var intens både for regissøren og skodespelarane. Dei jobba samstundes på teateret, så opptaka måtte gjerast nokre timar på dagen når teateret verken hadde prøvar eller framsyning.

Olav Dalgard var gift med tannlegen Anna Dalgard. Han meinte at det var yrkeskvinnene som heldt forfattarar oppe. Familien hadde hushjelp, og Olav Dalgard gjorde aldri husarbeid, står det i biografien. Biletet er frå 1952. Foto: Privat/frå boka

Aktiv til det siste
Olav Dalgard var aktiv heilt til det siste, han døydde i romjula 1980 etter å ha fått hjarteinfarkt. Tidlegare same år donerte han 100 000 kroner til eit fond. Desse pengane skulle gå til å oppretta ein kritikarpris – Dalgard meinte at nivået hos norske kritikarar måtte hevast.

Minneord om Dalgard kom på trykk i aviser over heile landet. Gatland skriv at  «I Arbeiderbladet hadde Bengt Calmeyer følgjande overskrift: «Ein frikar drar bort». Det var nok det Dalgard sjølv best likte å bli kalla: Frikar. For det var han, ein frikar når det gjaldt oppdragsgjevarar og ideologiar, skiftande motar og det situasjonsbestemte – utan at dette hadde det minste med illojalitet å gjere».