Christie ser utover ein halvtom og halvgrå by. Han tek neppe ferie, for å helsa på han og løva vil nok barn og vaksne gjera i sommar òg.
Christie ser utover ein halvtom og halvgrå by. Han tek neppe ferie, for å helsa på han og løva vil nok barn og vaksne gjera i sommar òg.

Ferietid hos På Høyden

Publisert

På Høyden-redaksjonen ønskjer alle ein riktig god sommar.

Det er snart midt i juli, og rolegare dagar ved UiB enn elles. Me håpar alle tilsette og studentar brukar sommaren til å lada opp til eit nytt studie- og arbeidsår.

Hos redaksjonen i Christies gate er det òg rolegare no. Faktisk så roleg at me loggar ut i tre veker. 3. august er dei første av oss tilbake. Men me sjekkar nok epost innimellom: Tips oss gjerne på [email protected].