Det store psykologi-bygget skal verta oppgradert.
Det store psykologi-bygget skal verta oppgradert.

Får pengar til psykologi-bygg

UiB får 37 millionar til å rusta opp Christies gate 12.

Publisert

I statsbudsjettet for 2020 løyvde Stortinget 161 millionar kroner til oppgradering av forskings- og læringslokale. Som del av regjeringa sin krisepakke nummer tre som var klar i slutten av mai, vart det lagt ytterlegare 100 millionar kroner til. Dette skriv Khrono.

No er det klart kva universitet og høgskular som får støtte til å oppgradere og tilpasse sine bygg for nye undervisningsformer.

— Hundre millionar ekstra gjer at vi no raskt kan setje i gang enda fleire gode prosjekt som vil kome studentane til gode, samstundes som vi bidreg til å halde hjula i byggenæringa i gang, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) i ei pressemelding.

Største sum til Universitetet i Bergen

Blant institusjonane som no får prosjektstøtte, er det Universitetet i Bergen som får den største potten.

Dei får 27 millionar kroner til å bygge om Christies gate 12 til bruk for Psykologisk fakultet. Deler av fakultetet skal som kjent flytte til Alrek helseklynge på Årstadvollen. Fakultetsadministrasjonen sit i Christies gate 13, men skal etter planen flytte til Bjørn Christiansens hus når der vert ledig plass. Christies gate 13 er selt.

Fekk til Realfagbygget

Då statsbudsjettet vart offentleggjort, vart det kjent at UiB fekk pengar til Realfagbygget. Statsråd Henrik Asheim sa då at studentane ønskjer meir undervisning der dei deltek aktivt.

— Det krev at me har auditorium, laboratorium, verkstader og andre undervisningslokale som gjer at det er lettare for studentane å ta del i undervisninga. Det skal pengane til oppgradering bidra til, sa Asheim i ei pressemelding den gong.

Føresetnaden var at institusjonane bidreg med like mykje pengar sjølve.

Det vart òg sett av 250 millionar til vedlikehald av bustader gjennom samskipnadane.