Fann norsk Atlantis

Fleire tusen meter under havet finst aktive vulkanar og varme kjelder. Her er også Lokeslottet, med store førekomstar av metall og eit rikt dyreliv. – Tanken på ein spektakulær, blå undervasspark er fantastisk, seier miljøvernminister Bård Vegar Solhjell.

Dag Rune Olsen fekk besøk av miljøvernminister Bård Vegar Solhjell på sin første arbeidsdag som rektor ved UiB. Tema for besøket var korleis ein kan finne ut meir om det rike naturområdet djupast nede i havet. (Foto: Ida Bergstrøm)

Torsdag besøkte miljøvernminister Bård Vegar Solhjell UiB for å høyre meir om den norske naturen som skjuler seg under havoverflata. Professor og senterleiar Rolf Birger Pedersen frå Geobio viste bilete og film frå Lokeslottet, eit unikt stykke norsk vulkanlandskap som strekker seg over 1500 kilometer frå Jan Mayen til Framstredet mellom Svalbard og Grønland.

Undersjøisk gruvedrift?
Ved Lokeslottet finst det òg store reservoar av metall. Desse vert skapt av den vulkanske aktiviteten, der mineralrikt vatn fossar ut av steinformasjonane.

– Det er eit potensiale for gruvedrift her. Men det kommersielle potensialet må vegast opp mot omsynet til det unike miljøet, seier Rolf Birger Pedersen.

Norge, eit vulkanland
Pedersen har saman med kollegaer og studentar forska på områda under vatn mellom Jan Mayen og Grønlad. Dette var område som tidlegare var kvite flekkar på kartet, men som i løpet av dei siste åra har blitt avdekka, kartlagt og dokumentert.

Heile to prosent av det vulkanske landskapet i verda ligg på norsk territorium. Her finst det liv som lever av energi, ikkje frå oksygen, men frå jorda sitt indre. Oppdaginga av dette gjorde at forskarane måtte tenke heilt nytt om biologi.

– Lokeslottet kan bli ein nasjonalpark
Inne på norsk område finst det i alt 1500 kilometer med vulkanar og varme kjelder. På rekke og rad ligg dei der, og spyr ut CO2 og vatn som kan vere så mykje som 400 grader. Vatnet er svart, varmt og mineralrikt.

– Eit forskingstokt viste at 50 nye artar lever på djuphavet. Mykje er framleis ikkje utforska. Spørsmålet er om ein bør vere tidleg ute og verne det unike miljøet alt no? Eg ser for meg at Lokeslottet kan bli ein nasjonalpark, seier Rolf Birger Pedersen.

Atlantis, øya som forsvann
– Som barn var eg djupt fascinert av Atlantis. Og her den jo, seier miljøvernminister Bård Vegar Solhjell.

Han kom imidlertid ikkje med eit løfte om varig vern.

– Eg vil nøye vurdere spørsmåla om korleis vi kan ta godt vare på dette området. Tanken på ein spektakulær, blå undervasspark er fantastisk. Men ei avgjersle om kva status denne parken skal ha, ligg litt fram i tid. Vi må få meir kunnskap.  

I dag har Canada laga ein undersjøisk nasjonalpark på sitt territorium. Også Azorene har område som dei vernar om.

– Her kan vi forske meir
I det vulkanske landskapet finst det metall. Det er mogleg å starte gruvedrift under vatnet. Pedersen anslår at metallet i Lokeslottet har ein verdi på mellom 1-3 milliardar kroner. Det kommersielle potensialet for gevinst er altså ikkje stort, når ein tek med prisen på prosjektering og utvinning.

Pedersen har meir tru på at det finst andre skattar enn metall under havoverflata.

– Bioprospektering er meir interessant. Ein kan til dømes finne nyttige protein eller anna som kan vere meir interessant for forskinga og industrien. Her kan vi forske meir. Dette er òg ei utnytting som ikkje har så store miljøkonsekvensar, seier Pedersen.

Næringsinteresser i djupet
Solhjell varsla at han vil sette i gang eit utgreiingsarbeid i forbindelse med at forvaltningsplanen skal verte oppdatert til også å omhandle Norskehavet.

– Når vi skal sette i gang ei utgreiing er det første vi treng ny forsking. Grunnforskinga på havbotnen kan gje viktige funn som kan gje oss ein ny kunnskapsbase. Dette kan vere framtida sine næringsinteresser, seier Bård Vegar Solhjell.   

Vil ta det marine hegemoniet
– Dette er god musikk, seier Dag Rune Olsen.

– Marin forsking er eit av dei store satsingsområda til UiB. Vi er blant dei største på dette feltet i Europa, og vi hevdar oss godt på verdsbasis. Forskinga vi driv her skal gje dykk betre grunnlag for å ta avgjerder, sa Dag Rune Olsen til Bård Vegar Solhjell.

Olsen ser at dette kan utløyse forskingkroner, som kan hamne i Bergen.

– Dette er eit høve til å sikre seg hegemoniet innanfor denne delen av marin forsking. Det kjem truleg midlar etter kvart. Dette er midlar vi vil bruke på best mogleg måte for å frambringe forsking av høgast mogleg kvalitet.