Med ni mot to røyster vedtok fakultetsstyret at Det psykologiske fakultetet skal gå over til å ha valde instituttleiarar. Foto: Hilde Kristin Strand
Med ni mot to røyster vedtok fakultetsstyret at Det psykologiske fakultetet skal gå over til å ha valde instituttleiarar. Foto: Hilde Kristin Strand

Her seier Det psykologiske fakultetet «ja» til valde instituttleiarar

Med ni mot to røyster vedtok fakultetsstyret ved Det psykologiske fakultetet at dei ønskjer å gå over til valde instituttleiarar.

Publisert

Då Bente Wold vart vald som dekan ved Det psykologiske fakultetet for to år sidan, stod det i valplattforma hennar at ho ville ha vald leiing på alle nivå i organisasjonen. Denne veka vedtok fakultetsstyret at Det psykolgiske fakultetet skal gå over til å ha valde instituttleiarar. Saka må formelt til universitetsstyret for endeleg vedtak.

Legitimitet

Dekanatet sitt syn var at ein bør ha vald leiing, og argumenterer i saksframstillinga med at dei meiner at det er dei vitskapeleg tilsette som skal ha styring med fakultetet si verksemd, og at valde instituttleiarar i større grad enn tilsette kan bidra til det.

— Me meiner at ein kan få ein høgare legitimitet hos dei ein er sett til å leia dersom ein er vald. Å leia eit institutt er noko anna enn å leia ei verksemd. Me meiner at å kjenna kollegiet er eit godt utgangspunkt for leiing, sa dekan Bente Wold i møtet.

Saka har vore på høyring til dei ulike institutta og sentera. Ser ein på talet, er det flest som ønskjer tilsett leiing. Men ved fleire av einingane var det ikkje samrøystes vedtak om det.

— På allmøte hos oss var det fleirtal for vald leiing. Men i instituttrådet var det motsett, sa Ståle Pallesen.

Han er professor ved Institutt for samfunnspyskologi, og var ein av tilhengjarane av vald leiing. Det same er Anita Lill Hansen, som er professor ved Instiutt for klinisk psykologi.

-Ein kan få inn ein leiar med annan agenda enn instituttet ønskjer. Den risikoen trur eg er større ved tilsett leiing, sa ho.

To ville ha tilsett

Grete Line Simonsen og Hege Høivik Bye var dei einaste som røysta for tilsett leiing, men fleire sa i møtet at dei såg gode argument for begge ordningar. Foto: Hilde Kristin Strand
Grete Line Simonsen og Hege Høivik Bye var dei einaste som røysta for tilsett leiing, men fleire sa i møtet at dei såg gode argument for begge ordningar. Foto: Hilde Kristin Strand

Det var berre Hege Høivik Bye, førsteamanuensis ved Institutt for samfunnspsykologi, og Grete Line Simonsen, administrasjonssjef ved Hemil-senteret, som stemte for å halda fram med tilsett leiing. Bye stilte spørsmål ved kva styreform som best kan ta vare på den akademiske fridommen til kvar enkelt forskar.

— Det handlar om ressursfordeling og om tid. Med vald leiing kan kven ein er føreslegen av og kven ein er vald av spela ei rolle, sa Bye i møtet.

Som fleire andre peika ho på at ein vil kunne enda med same kandidat både dersom ein har vald eller tilsett leiing.

— Men eg meiner det er viktig å opna for gode eksterne kandidatar, sa ho.

Tusenkunstnar

Noko av det som vart debattert, var kva jobben til ein instituttleiar eigentleg er. Simonsen argumenterte med at tilsett leiar er best, mellom anna fordi ein skal kunne handtera vanskelege saker, og samstundes ha både økonomisk ansvar og personalansvar.

Per-Einar Binder, som er visedekan for utdanning, viste til at det på Institutt for klinisk psykologi, der han er professor, finst ei handbok for instituttleiaren. Den boka er ikkje så tjukk.

Ein instituttleiar i dag skal vera ein tusenkunstar, eit slags renessansemeneneske som både kan fekta og mala godt.

Per-Einar Binder

— Ho er nok 20-30 år gamal. Ein instituttleiar i dag skal vera ein tusenkunstar, eit slags renessansemeneneske som både kan fekta og mala godt, illustrerte Binder.

Han meiner at skilnaden mellom vald og tilsett leiar kan visa seg på det han kallar uvêrsdagar.

— Instituttleiar er ein mellomleiar, og kan koma i skvis. Ein kan tenkja seg at ein vald leiar kan stå på kollegiet si side i ein eventuell konflikt, sa Binder.

Gradvis overgang

Det psykologiske fakultetet har fem institutt og to senter. Institutta har tilsette leiarar på åremål, som går ut til ulike tidspunkt. I saksframstillinga går det fram at ein gradvis kan endra styreform etter kvart som åremåla går ut. Det første er ved Insitutt for samfunnspsykologi, der instituttleiar er mellombels tilsett ut 2019.

Ved UiB er det elles berre Det samfunnsvitskapelege fakultetet som har valde instituttleiarar.