Professor Odd Einar Haugen er kritisk til hemmeleghald i tilsetjingsprosessar. Foto: Hilde Kristin Strand
Professor Odd Einar Haugen er kritisk til hemmeleghald i tilsetjingsprosessar. Foto: Hilde Kristin Strand

Meiner tilsetjingsprosessar er for lite demokratiske

Professor Odd Einar Haugen etterlyser opnare tilsetjingsprosessar. Han meiner det er problematisk at instituttleiar si innstilling er hemmeleg.

Publisert   Sist oppdatert

– Etter at det vart vedteke meiroffentlegheit har det i realiteten vorte mindre offentlegheit kring tilsetjingar i vitskapelege stillingar, seier Odd Einar Haugen.

Han har vore professor i norrøn filologi ved UiB sidan 1993, og ein periode var han styrar ved dåverande Nordisk institutt. Då kom alle sakkunnige komitéinnstillingar som offentlege vedlegg til fakultetsstyret, eller fakultetsrådet, som den den gong heitte.

– Desse vart lagt ut her i fjerde etasje i HF-bygget, og så kunne ein lesa og diskutera, seier Haugen, og legg til:

– Ja, før dette igjen vart sakkunnigvurderingar til professorat faktisk trykt i universitetet si årbok.

Sterkt kritisk

Bakteppet for Haugen si uro er den pågåande tilsetjingssaka ved det instituttet der han er professor, som no heiter Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium. Haugen tok kontakt med instituttleiar for å høyra om han hadde krav på å få sjå den sakkunnige vurderinga, som På Høyden har skrive om.

– På dette punktet hadde eg nok sove i timen, for sakkunnige innstillingar er no offentleg tilgjengelege frå dokumentsenteret når søkjarane har fått dei. Det er vel og bra, men den siste og avgjerande innstillinga, den instituttleiaren gjer etter at kandidatane har vore til intervju og prøveførelesing, er hemmeleg. Ikkje eingong søkjarane får lesa denne. Det trur eg ikkje er tenleg, dette fører mellom anna til at ein ikkje får vita noko om kvifor ein kandidat rykkjer opp eller ned i forhold til det komiteen meinte, seier Haugen.

I den aktuelle stillinga ved LLE er det no berre ein av tre søkjarar att. Komiteen konkluderte med at den eine søkjaren ikkje er kvalifisert for stillinga. Søkjaren som var sett på andreplass, har trekt søknaden sin. Ho skriv i ein epost til På Høyden at ho gjorde det på grunn av manglande tillit til tilsettingsprosessen. Bakgrunnen er at ho vart kalla inn til prøveførelesing og intervju utan at merknadane ho og ein av dei andre søkjarane kom med var handsama av instituttet. Til På Høyden sa både dekan Jørgen Sejersted og instituttleiar Anders Fagerjord at prosessen ville gå sin gang.

Haugen har kommentert saka hos På Høyden, saman med professor emerita Else Mundal. Her er dei sterkt kritisk til at ein av kandidatane ikkje er funnen kvalifisert.

Komiteen viser til at ettersom søkjaren ikkje leverte doktoravhandlinga si blant dei inntil fem publikasjonane til støtte for den relevante forskingsprofilen, og at ettersom dette arbeidet viser at ho «synest primært å vera norrønfilolog», kunne ho ikkje tilkjennast kompetanse. Haugen og Mundal skriv at «utlysinga er innanfor den overordna disiplinen “nordisk språkvitskap”, og det har tradisjonelt vore ein disiplin med eit solid historisk perspektiv på språket, ikkje minst ved Universitetet i Bergen, og det er heller ingen stad i utlysingsteksten sagt at denne disiplinen berre omfattar norsk og nordisk språk etter t.d. reformasjonen. Det kan ikkje vere nokon diskvalifikasjon at ein søkjar har tunge bidrag innanfor eldre norsk når vedkomande i tillegg har dokumentert kompetanse i nyare norsk».

Islandsk og gamalnorsk

– Eg er nordist, sjølv om eg har «norrøn filologi» i min titulatur, slær Haugen fast.

– Ved UiB har fleire av dei mest anerkjende språkforskarane hatt eit diakront, altså historisk, perspektiv. Ein kan difor ikkje utdefinera eldre norsk språk frå norsk. I utlysingsteksten står det «norsk eller eit anna nordisk språk». Ein kan altså tilsetja ein som har forska på islandsk språk. Og korleis er det islandske formverket? Jo, det er så godt som identisk med gamalnorsk, seier Haugen.

Difor meiner han at det ikkje kan vera tvil om at gamalnorsk er eit nordisk språk, til liks med moderne norsk og nabospråk som islandsk.

Haugen minner om Forskingsrådet si evaluering av humanistiske fag frå 2015. Der kjem ikkje miljøet i allmenn og nordisk språkvitskap ved Universitetet i Bergen særleg godt ut i jamføring med miljøa i Oslo, Trondheim og Tromsø.

– Eg trur fagmiljøet fekk ein vekkjar med denne evalueringa, og røynslene frå den mykje omtalte skråstreksaka gjorde nok at ein var ekstra nøye med utlysingsteksten denne gongen. Det er også ein god utlysingstekst, så langt unna skreddarsaum som tenkjast kan, open og inviterande, seier Haugen.

I 2017 og 2018 skreiv På Høyden om den såkalla skråstreksaka. Den saka tok over eit år. Då handla det om den sakkunnige komiteen si tolking av utlysingsteksten. Fakultetsstyret gjekk inn i saka, og sette ned ein ny komite. Dei fann at søkjaren som hadde klaga likevel var kvalifisert – men vedkommande fekk ikkje stillinga.

I utlysinga no heiter det at det er ønskjeleg at den som var tilsett til dømes har forska på «språkleg stil, biletleg språk, språket i elev- og innlærartekstar, fag- og sakprosaspråk, klarspråk, tekstsamanheng og -struktur, sekundært òg felt som pragmatikk, retorikk, argumentasjon, sakprosasjangrar, lesbarheit og skrivedidaktikk». Vidare vil det verta «positivt vektlagt om søkjaren har forska, undervist eller har utdanning i kvantitative metodar eller har drive med nynorskforsking, og elles har kompetanse i dei ulike disiplinane innanfor nordisk språkvitskap, norsk som andrespråk og norskdidaktikk». Det heiter at det er «ein fordel med røynsle frå forskingssamarbeid og internasjonalt samarbeid».

Haugen seier at ein utlysingstekst er å samanlikna med ei eksamensoppgåve.

– Og bommar ein på den, stryk ein. Her har komiteen utdefinert eldre norsk språk, men utan at dei har grunngitt det i teksten.

Meiner nokon bør snakka saman

Jussprofessor Jan Fridthjof Bernt har òg kommentert saka. I eit intervju med På Høyden tek han til orde for ein «metakomite», som kan sjå på om argumentasjonen i den sakkunnige rapporten held mål. Bernt meiner at dekan må kunne ta eit initiativ og be om ei klargjering eller ei utdjuping av deler av innstillinga før den vert lagt fram før fakultetsstyret. Deretter er det fakultetsstyret som har ansvar for å vurdera om innstillinga er eit godt nok grunnlag for vedtak, og det er fakultetsstyret som kan vedta å til dømes setja ned ein ny komite.

Jusprofessor Jan Fridthjof Bernt har òg uttalt seg i saka, og er oppteken av at den sakkunnige rapporten må vera god nok.
Jusprofessor Jan Fridthjof Bernt har òg uttalt seg i saka, og er oppteken av at den sakkunnige rapporten må vera god nok.

Haugen seier at han er samd med Bernt.

– I denne saka kjenner eg meg viss på at eit så tydeleg brot med utlysingsteksten ville ha vorte påtalt av ein overordna komité.

– Kva meiner du bør skje i denne saka?

– Eg meiner at instituttleiar og dekan no må snakka saman, og deretter slå på bremsene. Saka bør opp for fakultetsstyret, som må vudera om ein skal gjera som i skråstreksaka: Setja ned ein ny komite. No ser eg at både instituttleiar og dekan seier at det alltid er diskusjon kring tilsetjingssaker, og det er sikkert rett. Men frå ein slik observasjon følgjer det på ingen måte at alle innvendingar kan avfeiast med eit skuldertrekk. Det er faktisk saker som må takast på største alvor, og dette er ei slik sak. Om det ikkje no vert nedsett ein ny komité, vert det opp til fakultetsstyret å avgjera om det har eit tilstrekkeleg godt grunnlag for å tilsetja i denne stillinga. I dette organet trur eg utfallet kjem til å vera heilt ope, seier Haugen.

Opponent og rettleiar

Nordiskmiljøet er lite. Haugen var rettleiar for ein av søkjarane då ho tok doktorgrad for ti år sidan. Etter det har dei ikkje samarbeidd. To av medlemmene i komiteen som har vurdert søkjarane no, var involvert i ein annan av søkjarane si doktorgrad, gjennom å vera opponent og leiar for den sakkunnige komiteen.

Det er faktisk saker som må takast på største alvor, og dette er ei slik sak

Odd Einar Haugen

– Generelt vil eg seia at dette i seg sjølv ikkje er problematisk, gitt at det ikkje var særlige utfordringar knytt til doktorgradskomiteen sitt arbeid, seier dekan Jørgen Sejersted.

Eit slikt forhold er heller ikkje omtala i fakultetet sitt habilitetsreglement.

– Kva tenkjer du om at det no kjem kritikk frå fleire kantar?

– At dei ulike fagmiljøa engasjerer seg, er i orden. I dette tilfellet vert det gjort tydeleg at ein under dei seinaste tilsetjingssakene ved instituttet finn eit litt uavklart kompetansespørsmål mellom fagområda norrøn filologi og nordisk språkvitenskap. Som dekan ser eg på det som eit fagleg spørsmål eg er forsiktig med å meina noko om. Her må ein vurdera den enkelte fagprofilen i forhold til utlysningstekst, slik komiteen for så vidt har gjort. Fakultetsstyret vil ta stilling til om prosessen har vore god nok, skriv Sejersted i ein epost til På Høyden.

– At dei ulike fagmiljøa engasjerer seg, er i orden

Jørgen Sejersted

Instituttleiar Anders Fagerjord skriv i ein epost til På Høyden at det ikkje er uvanleg at søkjarar er kritiske til den sakkunnige vurderinga, og det kan han godt forstå.

– I denne saka vart ein av søkjarane vurdert som ikkje kvalifisert til stillingen av den sakkunnige komiteen, men vert teken i forsvar av to professorar i eit lesarinnlegg i På Høyden. Eg er ikkje sakkunnig i denne saka, og eg har ikkje lese arbeida til søkjaren, så eg skal ikkje ta stilling til argumenta deira. Men det er viktig å hugse på at den sakkunnige komiteen berre har sagt at søkjaren ikkje har dei kvalifikasjonene det er spurt etter i denne spesielle utlysinga. Det betyr ikkje noka avvising av søkjaren som fagperson eller forskar, skriv Fagerjord.

Han skriv òg at prosessen går vidare med ein kandidat: Å gjera noko anna ville vera eit sterkt signal om mistillit til denne søkjaren.

– Dette er heller ikkje unikt: Sjølv om me ofte får mange søkjarar til stillingar på UiB, skjer det av og til at det vert lyst ut stillingar med krav til spesiell kunnskap, slik at det ikkje er så mange søkjarar som er kvalifiserte.

Vil ikkje kommentera

Odd Einar Haugen meiner at dekan og instituttleiar bør snakka saman. Sejersted peikar på at dekanen ikkje kan senda rapporten attende til komiteen, men seier at ein har høve til å legga saka fram for fakultetsstyret før innstillinga er klar.

Dekan Jørgen Sejersted seier at saka viser at det er nokre uavklarte kompetansespørsmål mellom nordisk språkvitskap og norrøn filologi. Foto: Dag Hellesund
Dekan Jørgen Sejersted seier at saka viser at det er nokre uavklarte kompetansespørsmål mellom nordisk språkvitskap og norrøn filologi. Foto: Dag Hellesund

– Det har vorte gjort ganske nyleg, men skjer berre unntaksvis. Eg er ikkje sikker på at det å introdusere ytterligare ein komite, vil gi en betre saksgang. Det er allereie mange instansar involvert i ein slik prosess. Eg vil minna om at saka kjem opp i si fulle breidde i fakultetsstyret, som står fritt til å følgja innstillinga, spørja etter meir informasjon fra komiteen eller be om ny komite.

På Høyden har vore i kontakt med Gunnstein Akselberg, som leia den sakkunnige komiteen. Han ønskjer ikkje å kommentera saka, og skriv i ein epost at komiteen har utført oppdraget sitt, og har ingen kommentarar til det Mundal og Haugen skriv.