Stor stas då KMD flytta inn i nye lokale i Møllendalsveien. No må fakultetet drive krevjande organisasjonsbygging i ein pressa økonomisk situasjon. Frå venstre:  Administrerande direktør Harald Nikolaisen, Statsbygg, rektor Dag Rune Olsen, UiB, dekan Frode Thorsen, KMD, og departementsråd Petter Skarheim. Foto: Tor Farstad
Stor stas då KMD flytta inn i nye lokale i Møllendalsveien. No må fakultetet drive krevjande organisasjonsbygging i ein pressa økonomisk situasjon. Frå venstre: Administrerande direktør Harald Nikolaisen, Statsbygg, rektor Dag Rune Olsen, UiB, dekan Frode Thorsen, KMD, og departementsråd Petter Skarheim. Foto: Tor Farstad

Rapport: «Kritisk» dårleg samhandling på kunstfakultetet

Berre tre prosent av dei tilsette opplever samhandlinga og kommunikasjonen som god. Samstundes må Fakultet for kunst, musikk og design spare pengar.

Publisert   Sist oppdatert

Fakultet for kunst, musikk og design (KMD)

KMD vart skipa som nytt og samlokalisert fakultetet ved UiB då Kunst- og designhøyskolen i Bergen fusjonerte med Griegakademiet 1. januar 2017.

Ei evaluering er gjennomført for å «oppnå en formålstjenlig organisering av tjenester og funksjoner ved fakultetet som er tilpasset universitetets strategi og kjernevirksomhet». Målet er også å styrke samspel, arbeidsdeling og informasjonsflyt.

Svarprosenten var på 73 prosent. 115 svarte. 53 prosent var vitskapeleg/fagleg tilsette, 39 administrativt tilsette. Teknisk tilsette/verksmeistrar utgjorde 8 prosent av respondentane.

Fakultetsstyret ved KMD skal denne veka ta stilling til evalueringa og diskutere vidare. Ein prioriteringsplan skal vere klar i november.

Fact: Click to add text

Fakultet for kunst- musikk og design (KMD) ved Universitetet i Bergen knakar i samanføyingane to og eit halvt år etter skipinga. Det går fram av ei evaluering av bemanningsplanen for fakultetet, som er gjennomført for «å avdekke styrker og mulige utfordringer ved dagens organisering».

Det vil ta tid å få gjort ting knirkefritt og saumlaust.

Sonja Dyrkorn, HR-direktør UiB

I ei spørjeundersøking gir sju av ti uttrykk for at kommunikasjon og samhandling ikkje fungerer tilfredsstillande. Dei tilsette er mellom anna blitt bedne om å ta stilling til følgjande påstand: «Jeg opplever at det er god samhandling og kommunikasjon internt på fakultetet.

Berre tre prosent seier seg heilt einige i at kommunikasjon og samhandling fungerer godt.

I rapporten frå fakultetet heiter det at den dårlege internkommunikasjonen ikkje er noko ein organisasjon «kan leve med over tid». Intern kommunikasjon og samhandling er eit «kritisk forbedringsområde», står det vidare.

Dekan: — Ikkje overraska

Dekan ved KMD, Frode Thorsen, seier han ikkje er overraska over resultata frå evalueringa.

— Eg er einig i at det er indikasjonar her på at det er ting som ikkje er bra. Men eg ser ikkje på dette som nokon krisesituasjon. Mykje av det som er kome fram var vi kjente med frå tidlegare. No har vi samla det systematisk i ein rapport, og det gir eit godt grunnlag for konstruktivt arbeid framover. Eg oppfattar det slik at dei tilsette er høgt motiverte for å delta i prosessen vidare.

I tillegg til sviktande internkommunikasjon viser spørjeundersøkinga at linjene mellom administrasjonene på fakultetet og sentraladministrasjonen på universitetet har meir å gå på. Drygt fire av ti meiner kommunikasjonen er god, men om lag like mange er heilt eller delvis ueinige i dette.

— Ikkje tilfredsstillande, seier HR-direktør ved UiB, Sonja Dyrkorn.

— Det vil ta tid å få gjort ting knirkefritt og saumlaust. Når vi no gjer denne evalueringa etter litt over to år, er ikkje det tilfeldig. I ein startfase i ein ny organisasjon vil det alltid vere uro. No har den nye organisasjonen fått fungere ein periode, og det er naturleg å vurdere om det er nødvendig med ekstra tiltak, seier Dyrkorn.

Etter evalueringa å dømme er ekstra tiltak i høgste grad nødvendig: Når det gjeld spørsmål om administrativ arbeidsfordeling mellom sentraladministrasjon og fakultet har ingen av dei spurde sagt seg einig i at den er god.

Må effektivisere

Parallelt med fusjonssmerter i administrasjonen må fakultetet førebu seg på trongare tider økonomisk. I notat til fakultetsstyret åtvarar fakultetsdirektøren om «vesentlig lavere» budsjettrammer dei næraste åra.

Det betyr kostnadskutt og tiltak for å effektivisere og straumlinjeforme organisasjonen. Dekanen vedgår at dette gjer organisasjonsbygginga til ei dobbel utfordring.

— I den administrative bemanningsplanen er det heile tida tatt høgde for at det kunne bli nødvendig med fleire tilsette. Det er ingen tvil om at press på økonomi vil gjere situasjonen veldig utfordrande dei komande åra, seier Thorsen.

Han legg til at fakultetet no har sendt eit brev om dei økonomiske langtidsutfordringane og er i dialog med universitetsleiinga om den pressa situasjonen.

— Administrasjonen har lagt ned ein stor innsats, seier fakultetsdirektør Synnøve Myhre. No må ho takle fusjonssmerter og reduserte inntekter samstundes. Foto: Dag Hellesund
— Administrasjonen har lagt ned ein stor innsats, seier fakultetsdirektør Synnøve Myhre. No må ho takle fusjonssmerter og reduserte inntekter samstundes. Foto: Dag Hellesund

Fakultetsdirektør Synnøve Myhre seier at fakultetet har potensial til å styrke inntektene.

— Vi må sikre for heile tida å ha god gjennomstrøyming av studentar og sørge for å få kandidatar uteksaminert til rett tid. Fagmiljøa kan dessutan ha meir å hente frå ekstern finansiering. Der er vi avhengig av å få til tverrfagleg samarbeid med andre fakultet, seier Myhre.

Står ikkje i stil

Spørjeundersøkinga viser at om lag sju av ti i administrasjonen på KMD opplever at arbeidsoppgåvene ikkje står i stil med dei tilgjengelege ressursane.

Over halvparten av dei spurde opplever fordelinga av arbeidsoppgåver i ulike grupper av administrasjonen på fakultetet som uklar.

Det er også gjort ein serie med intervju med tilsette som ledd i evalueringa av bemanningsplanen. Eit gjennomgåande trekk ved desse, er at mange er opptatt av «seg og sitt» og dermed bryr seg mindre om fellesskapet. «Kulturbyggende tiltak og fellesaktiviteter med hensyn til å bryte ned interne barrierer» blir etterlyst.

Ikkje vanskelege kunstnarar

Til liks med dekan Thorsen er heller ikkje fakultetsdirektør Myhre overraska over funna i spørjeundersøkinga.

— Bemanningsplanen har ikkje vore rigga etter behovet. Når alle må gjere ting dei ikkje har vore vande med å gjere og springe dobbelt så fort, då er det klart at ein blir stressa. At det gir utslag i undersøkinga er forståeleg. Det er blitt gjort ein stor innsats i administrasjonen, seier ho.

Verken direktøren eller dekanen trur kunstnarar er vanskelegare å halde styr på enn andre.

— Det er heller snakk om to ulike organisasjonskulturar som no skal fungere saman, seier Thorsen.