Årets vinnarar av fagpresseprisane. Khronos redaktør Tove Lie bak raudt diplom i midten. Foto: Skjalg Bøhmer Vold
Årets vinnarar av fagpresseprisane. Khronos redaktør Tove Lie bak raudt diplom i midten. Foto: Skjalg Bøhmer Vold

Khrono fikk fagpresseprisen

Publisert

Høgskuleavisa Khrono vann hovudprisen for Fagpressa i går, berre eitt år etter oppstarten.

Khrono dekkjer Høgskolen i Oslo og Akershus, og vender seg både mot studentar og tilsette. 

<<Årets vinner har tatt juryen med storm. Vinneren har med klare ambisjoner etablert seg raskt innen sitt fagfelt – akademia – og mer spesifikt ved Høgskolen i Oslo og Akershus. Vinneren er en aktør av vår tid, redaksjonen satser kun digitalt og viser med dette hvordan en slik etablering sikrer at fagpressejournalistikken både når frem til målgruppen, men også gjør seg gjeldende langt utenfor denne. Via uavhengig journalistikk av høy kvalitet, går vinnerens innhold viralt og spres effektivt via sosiale medier.>> skriv juryen i si vurdering. 

– Eg er veldig stolt og veldig glad, fastslo ho, ifølge nettsidene til Fagpressa.

– Selv om vi er ein stor gjeng her, er vi faktisk berre to faste medarbeidarar i redaksjonen, sa Tove Lie. – Men her har vi med ein fastlanser og dessuten den engasjerte gjengen som utgjer vår studentredaksjon. Dei studerer mest, men skriv og mykje bra stoff på nettet, sa Lie.

På spørsmål frå konferansier Håkon Haugsbø om korleis det føltes å få den gjevaste prisen, svarte Lie at ettersom Khrono var nominert i flere kategorier som blei delt ut tidligare på kvelden, blei de etterhvert nokså sure over å ikkje nå opp.
– Men kvelden er meir enn god nok no som vi stikk av med den gjevaste prisen.
Ellers kunne ho stadfeste at det ikkje var heilt uproblematisk å drive fri journalistikk både for studentar og tilsette ved ein høgskule.
– Nokre ved HIOA synest nok vi er ganske plagsomme. Men heldigvis liker dei fleste oss, sa Tove Lie til Fagpressas nettside.

Mens store delar av Medie-Noreg er prega av kutt og inntektssvikt, er dei statlege universitets- og høgskulemediene i vekst. Både høgskulane i Oslo og Akershus og Molde har fått frie, uavhengige aviser i løpet av det siste året. At Khrono får Fagpresseprisen er difor ikkje tilfeldig. På Høyden har dessutan fått Vitenskapsakademiet i Stavanger sin pris for kritisk, innsiktsfull og vederheftig journalistikk. Prisen er den einaste som blir delt ut for forskingsjournalistikk i Noreg.