Å synleggjere den stolte forskingsarven vår og korleis investeringar i forsking og kunnskap ber frukter langt fram i tid, er viktig for meg, seier prorektor Margareth Hagen. Foto: Tor Farstad
Å synleggjere den stolte forskingsarven vår og korleis investeringar i forsking og kunnskap ber frukter langt fram i tid, er viktig for meg, seier prorektor Margareth Hagen. Foto: Tor Farstad

Prorektor Hagen vil vise fram UiBs forskingsarv på ein betre måte

— Det må vere eit mål å løfte forskingshistoria til eit høgare nivå, seier prorektor Margareth Hagen.

Published

Har Universitetet i Bergen (UiB) forsømt seg i arbeidet med å ta vare på si eiga historie?

Prorektor Margareth Hagen har ikkje lyst til å streke under ein slik konklusjon – ho vil heller sjå framover.

– Men vi bør nok i større grad jobbe for å ta vare på og vise fram den arven vi forvaltar. UiB bør bli flinkare til å ta vare på museumsarven og også bli betre til bruke den og vise den fram. Dette heng saman, seier ho.

UiBs historie

Universitetet i Bergen (UiB) vart vedtatt oppretta i 1946 og offisielt opna i 1948.

Forløparen til universitetet, Bergen Museum, vart stifta i 1825. Fridtjof Nansen tok i 1888 doktorgraden her.

Bergen museum vart seinare opphavet til fleire andre spesialiserte museum i Bergen, men det finst enno ikkje noko eige museum for UiBs eiga faglege historie.

Universitetsmuseet i Bergen består i dag av De kulturhistoriske samlingene, Seksjon for ytre kulturminnevern, De naturhistoriske samlingene med Musèhage og Arboretet og Botanisk hage på Milde.

Faghistorisk materiale er for eksempel professorarkiv, prosjektmateriale, korrespondansearkiv, manuskript, bildesamlingar, lydopptak, teikningar, utstyr og gjenstandar. Faghistorisk materiale er viktig for å dokumentere både forskinga og institusjonen si historie.

Manglar overordna system

I fleire saker har På Høyden sett søkelyset på både museumsarven og situasjonen for faghistorisk materiale som knyter seg til universitetets eiga historie.

Når det gjeld eksisterande samlingar, har rapportar avdekt at fleire av dei er i faresonen på grunn av mangelfull sikring mot mellom anna brann og vasslekkasjar. Dette gjeld både spesialsamlingane i kjellaren til HF-bygget, magasin på Bryggens museum og konserveringsverkstaden og Billedesamlingen i Stein Rokkans hus i Nygårdsgaten 5.

Universitetsleiinga har sett i gang ein redningsoperasjon og førebels løyvd 25 millionar kroner for å setje i stand nye og forsvarlege magasin. Men ferdigstillinga ligg fleire år fram i tid, og i mellomtida må store delar av museumsarven leve med risikoen.

— Ny tid

— Generelt har vi ikkje vore flinke nok og systematiske nok til verken å løfte fram eller ta vare på historia vår. Men eg har tru på at vi går inn i ei ny tid der vi er langt meir bevisste på å ta vare på både materialet vi forvaltar og og samle inn faghistorisk materiale, seier Hagen.

Faghistorisk materiale knyter seg til universitetets eiga historie. Det er medarbeidarar knytt til Spesialsamlingane som i dag rykker ut for å sjå gjennom materiale som forskarar eller institutt melder frå om – det kan dreie seg om forskingsdata, fotografi, lydopptak, boksamlingar og gjenstandar. Ofte skjer det i samband med flytting og oppussing, andre gonger når professorar pensjonerer seg eller går bort. Spesialsamlingane er likevel avhengig av at det blir meldt frå.

Det finst ikkje noko formalisert system utover dette for å sikre at materiale blir tatt vare på. Kartleggingar har tidlegare slått fast at store mengder faghistorisk materiale gjennom åra har gått tapt.

– Langsiktig arbeid

– Eg håper å få til eit koordinert, samla prosjekt for å løfte fram forskings- og kunnskapshistoria og røtene til universitetet. Dette er eit langsiktig arbeid. Det trengst både systematisk medvit, ressursar og areal, seier Hagen.

Hagen peikar på UiBs nyleg reviderte strategi, Hav, liv, samfunn, der nettopp historia til universitet blir framheva: «Fra Armauer Hansens oppdagelse av leprabasillen til fremragende forskning på kreftmarkører via banebrytende hjerneforskning til intervensjonsstudier på mødre- og barnehelse i Afrika og Asia. Fra Bergensskolen i meteorologi til dagens Bjerknessenter for klimaforskning. Fra Stein Rokkans verdenskjente studier av politiske prosesser og konflikter til tverrfakultært samarbeid om demokrati- og rettsstatsforskning»

Slik lyder dei første setningane i strategien.

– Dette seier vel det meste om kor nødvendig det er å ta vare på forskingsarven. Det er og må vere eit mål å løfte kunnskapshistoria til Universitetet i Bergen tydelegare fram. Å synleggjere den stolte forskingsarven vår og korleis investeringar i forsking og kunnskap ber frukter langt fram i tid, er viktig for meg, seier Hagen.