UiB kan ha pådratt seg erstatningsansvar dersom dei ulovleg har nekta ein doktorkandidat å levere avhandlinga på nytt. Saka har i fleire år gått mellom fakultet, rektorat (biletet), universitetsstyre, departement og Sivilombodsmann. Foto: Ida W. Bergstrøm
UiB kan ha pådratt seg erstatningsansvar dersom dei ulovleg har nekta ein doktorkandidat å levere avhandlinga på nytt. Saka har i fleire år gått mellom fakultet, rektorat (biletet), universitetsstyre, departement og Sivilombodsmann. Foto: Ida W. Bergstrøm

– Fjuskevedtak er ugyldig

Publisert

UiB bryt lova i saka om den utestengde doktorgradsstipendiaten på Det medisinsk-odontologiske fakultetet. Han kan òg ha krav på erstatning, meiner jussprofessor Jan Fridthjof Bernt.

– Det er mi klare oppfatning at vedtaket er ugyldig, seier Bernt (biletet) til På Høyden.

Saka var i august oppe i den sentrale klagenemnda ved UiB etter at universitetet fikk kritikk frå Sivilombodsmannen for ikkje å ha handsama klagen korrekt. Ombodet stilte òg spørsmål ved om det var riktig av UiB å gi mannen ein så sterk reaksjon, og peikte på manglar ved lova når det gjeld rettstryggleiken til stipendiatar.

I august blei saka tatt opp i den sentrale klagenemnda ved UiB, og utfallet blei det same som før: Stipendiaten får aldri levere oppgåva si, som delvis allereie har vore publisert som vitskaplege artiklar. Klagenemnda er leia av tingrettdommar Beate Blom, og i nemnda sit dessutan to vitskapleg tilsette og to studentar.

Utvist stipendiat

Doktorgradsstipendiaten leverte inn avhandlinga si på Det medisinsk-odontologiske fakultetet 18. november 2010. Han hadde publisert fleire artiklar på forskingsfeltet sitt. Men i innleiinga til avhandlinga mangla det sitat frå andre forskarar i fleire avsnitt, og ein tabell.

Fakultetsstyret vedtok 11. mai 2011 å skrive mannen ut av doktorgradsprogrammet og nekte han å levere avhandlinga på ny. Dermed vil kandidaten ikkje kunne bli doktor med avhandlinga si. Styret meinte og at den manglande siteringa var gjort med vitande og vilje. 

Stipendiaten klagde på avgjerda, men universitetsstyret vedtok 16. februar 2012 at klaga ikkje fekk medhald. 

Kandidaten klagde saka til Sivilombodsmannen, som i sin uttale 5. februar 2013 kom med kritikk av sakshandsaminga til UiB. Eit av punkta var at klagen aldri skulle ha vore handsama av universitetsstyret, men av den sentrale klagenemnda ved UiB. Ombodsmannen stilte og spørsmål ved om det var grunnlag for ein så streng reaksjon. 

UiB sendte saka til den sentrale klagenemnda, som handsama ho på møtene 3. mai og 20. august. I det siste møtet fattat klagenemnda eit samrøystes vedtak om at klagaren ikkje får medhald. Nemnda meiner og at den manglande siteringa var gjort med vitande og vilje, og at det ikkje berre var ein uaktsom glipp frå kandidaten. 

I eit brev presiserer sivilombodsmann Arne Fliflet den 16. januar 2014 at universitets- og høgskulelova gjeld i saka, og dermed er maksimal utestenging eitt år.

Men Bernt konkluderer med at vedtaket frå den sentrale klagenemnda er i strid med lova. Hovudinnvendinga til Bernt er at universitets- og høgskulelova ikkje har heimel for å utvise studentar for lengre periode enn eitt år. Etter ei omfattande vurdering av universitets- og høgskulelova samt forarbeida, meiner Bernt at jussen UiB baserer seg på ikkje held mål: «Slik jeg ser det, er den lovforståelse som klagenemnda, og kanskje Sivilombudsmannen, baserer seg på her, basert på en feillesing av forarbeidene.»

Ligg under universitetslova
Bernt viser til at tilsetting som stipendiat og vurdering av ei avhandling er to ulike tilhøve. Sjølv om eit engasjement kan avsluttast etter reglane i tenestemannslova, er vurderinga av avhandlinga like fullt regulert av universitets- og høgskulelova, der utestenging i eitt år er den mest djuptgripande, lovlege sanksjonen.

Manglar heimel
I tillegg peiker Bernt på at stipendiaten ikkje har fått opplyst om at det finst høve til å klage på avgjerda frå klagenmenda. Avgjerda er allereie klaga vidare til Kunnskapsdepartementet.

– Det er ikkje heimel i lova for å fatte eit vedtak av ein så kraftig karakter som her. Det å gjere eit inngrep i retten til å levere ei avhandling må ha eit heimel i lov. Ein kan ikkje frata doktorgradsstudenten denne retten berre ved å lage eit internt reglement, meiner Bernt.

Erstatningsansvar
Han er og kritisk til at ei nemnd der to av fem medlem er studentar, skal handsame ei tilsettingssak.

– Klagenemnda er kalibrert for å ta imot studentklager. Vi bruker ikkje organ med så stor studentrepresentasjon til å handsame tilsettingssaker. Her skulle de i staden ha vore representantar for stipendiatgruppa, seier jussprofessoren.

– Er UiB erstatningsansvarleg dersom utestenginga ikkje har heimel i lov?

– UiB kan absolutt ha pådratt seg eit erstatningsansvar her, til dømes viss kandidaten blir forseinka i yrkeslivet fordi han ikkje har fått leggje fram avhandlinga si, seier Bernt.

Han finn det og oppsiktsvekkande at klagenemnda denne gongen meiner at sitatfeila er forsettlege.

– Dette er ei skjerpa vurdering av studenten sine feil, som han så vidt eg veit ikkje har fått høve til å uttale seg om, seier Bernt.

Rektor vil ha avklaring
Då saka går langt tilbake i tid har rektor Dag Rune Olsen avgrensa kjennskap til ho.

– Difor skal eg vere forsiktig med å uttale meg om ho, men eg registrerer at departementet meiner at lovgivinga kanskje har vore for utydeleg her, og eg har veldig stor respekt for Jan Fridthjof Bernt og vurderingane hans. Eg ser at vi treng ei avklaring av kva som eigentleg følgjer av lovverket, men vi kan vanskeleg overprøve den sentrale klagenemnda, seier Olsen.

Men dersom det viser seg at UiB har gjort feil i saka er han klar til å ta ansvar.

– Vi har ikkje reflektert over eit eventuelt erstatningsansvar så lenge eg har vore rektor her. Men om det viser seg at vi har påført doktorgradsstudenten inntektssvikt på grunn av ei uriktig avgjerd, må vi eventuelt ta det til etterretning.