Han kan lage UiBs første MOOC

Publisert

Professor Erling Moxnes har utvikla eit reint nettbasert kurs i forvaltning av naturressursar. Det kan ta UiB inn i MOOC-alderen.

I samarbeid med andre forskarar har professor Erling Moxnes på eige initiativ utvikla eit avansert kurs i forvaltning av naturressursar.

– Eg trur vi kan bidra til mindre feilforvaltning av naturressursar i verda med dette kurset. Min tanke er at mange i utviklingsland vil ha nytte av denne kunnskapen, fortel Moxnes til På Høyden.

Internasjonalt studium
Gruppa for systemdynamikk ved Institutt for geografi ved UiB er lita, men dyktig.

– Vi har eit program for systemdynamikk som er leiande i verda, fortel Moxnes.

På dei vanlege, klasseromsbaserte kursa i systemdynamikk for mastergraden

går det 60 studentar, men ingen av dei er frå Noreg.

Det nettbaserte deltidsstudiet Natural Resources Management blei for første gong gjennomført i vår, og starta som ein ide hos Moxnes.

– Og så fekk vi éin million kroner til å utvikle det frå Norgesuniversitetet. Men eg trur vi i alle fall har jobba for tre millionar, seier Moxnes.

Kurset gir ti studiepoeng.

Idealet er dataspel
– Kurset har potensiale til å bli UiBs første MOOC. Men dei fleste MOOC-kursa er lite avanserte. Det er stort sett berre førelesningar, og studentane får berre eit papir som seier at dei har sett på førelesningane, seier Moxnes.

Kurset han har lagt opp består av ei lang rekke praktisk oppgåver, og kan minne litt om dataspel.

– Det er litt «flipped classroom»-ideen: Studentane må tenke seg om og utvikle teoriane sjølve med spørsmål, tilrettelagte oppgåver, og svarforslag som hjelp, i staden for å få teoriar og modellar presentert i forelesingar. Etter at bolkar med oppgåver er gjort unna, får studentane tilgang til førelesingar på video som repeterer og generaliserer. Vi brukar mykje grafikk, animasjonar, simulatorar, spel, og simuleringsmodellar for at studentane skal utvikle ein intuisjon for dynamikk. Tanken er at opplegget skal drive studentane framover, omtrent som eit dataspel, fortel Moxnes.

Den avanseret delen av programmeringa har professor Steve Alessi frå Universitetet i Iowa mykje av æra for, og prosjektet er tufta på internasjonalt samarbeid. Mykje er gjort i programmeringsspråket LiveCode, som kan brukast på mange ulike plattformar, slik at kurset verkar uansett kva maskin studentane sit på.

Må vere kvalifiserte
38 studentar frå ulike nasjonar kvalifiserte seg til opptak på studiet i vår, 27 starta og 11 gjennomførte eksamen. Studentane må vise at dei er kvalifiserte, og dei kan og ta ein test på førehand for å få ein peikepinn på om studiet passar for deira utdanningsnivå og språkforståing.

– Kostnaden ligg i å sjekke identiteten deira, men vi vurderer å gjere dette på ein annan måte i framtida, seier Moxnes.

Likevel er det ei billeg undervisningsform, når programmet først er utforma. 
Etter litt finpussing kan kurset gå utan rettleiing av tilsette ved UiB. I vår kommuniserte studentar og professor via Mi Side. Til våren skal vi ha utvikla en chattefunksjon som vil vere meir effektiv.

– Ideen min er at vi skal ha eit opplegg som er så interessant at studentane skal drivast gjennom slik at vi berre treng å setje dei i gang, og deretter sjå korleis det har gått med dei på slutten av kurset, fortel Moxnes.

Her kan du sjå korleis undervisninga foregår.

Skriftleg og munnleg eksamen

Med identitetssjekk og avsluttande eksamen skil kurset seg frå MOOCs, ettersom kurset verken er heilt opent eller kan takst av tusenvis av studentar. Så langt har taket vore sett til 50 studentar.

– Alle studentane gjer eksamen samtidig. Dei får ulike oppgåver, slik at dei ikkje kan samarbeide. Det gjer det vanskeleg å fjuske. Ingen eksamensformer er heilt sikre, men eg trur vi kjem veldig nærme med vårt opplegg.

Moxnes og kollegaene gjennomfører og munnleg eksamen for ein del av studentane, og kartlegg om kunnskapen samsvarer med resultata dei såg på skriftleg.

– Eg trur vi kan bidra til mindre feilforvaltning av ressursar i verda med dette. Om nokre få har fjuska er det ein liten pris å betale, synest professoren.

Aktuelt for u-land
På kort sikt vil han uansett halde fram med det same opplegget som i dag, og ha eit tak på studenttalet.

– Men det er jo eit spørsmål om vi skal bruke ressursar på å sjå på papira til folk, eller ikkje, seier han.

Frå kontoret sitt har Erling Moxnes full oversikt over kurset og studentane over heile verda. Det ligg mange timar med programmering bak. Foto: Dag Hellesund

Tilbakemeldingane dei har fått frå det første studentkullet er veldig positive, og Moxnes trur at mange studentar, særleg i u-land kan ha stor nytte av det.

– Miljøprogramet til FN, UNEP, er interesserte i å bruke undervisningsopplegget, og i Colombia var dei ei heil gruppe studentar som tok kurset.

Må satse på kvalitet
Moxnes har tru på kurs av denne typen, som kan gi utdanning av høg kvalitet uansett kor studentane bur. Og han trur mange universitet vil finne sine nisjer i ei verd der nettbasert utdanning er i rask endring.

– Klarer du å lage eit kurs som er engasjerande og av høg kvalitet kan du ta over store delar av verdsmarknaden på undervisning på eit slik fagfelt. Kanskje får vi ei utvikling mot reine utdanningsuniversitet. Men vi må tørre å tenkje litt dristige tankar, for det ser vi at andre gjer rundt i verda. Og på systemdynamikk kan vi vere verdsleiande, seier Moxnes.