Rektor Dag Rune Olsen heva glaset for alle som har skaffa UiB pengar, heider og ære i løpet av året som har gått. Alle foto: Eivind Pettersen
Rektor Dag Rune Olsen heva glaset for alle som har skaffa UiB pengar, heider og ære i løpet av året som har gått. Alle foto: Eivind Pettersen

– Skål for dykk!

Publisert

Dei har henta heim senterstatus, EU-stipend og tildelingar i millionklassen. I dag vart forskarane feira på Knut Fægris hus. – De er kremen av UiB, sa viserektor for utdanning, Oddrun Samdal.

– Det er veldig kjekt å kunne samle så mange folk som har hatt så mykje suksess, sa Jarl Giske, prodekan ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet.

Fredag  var dei samla i Knut Fægris hus, alle som har fått infrastruktur-midlar, status som Senter for framifrå forsking (SFF) eller Senter for framifrå utdanning (SFU), ERC-midlar, Synergy-midlar og andre store løyvingar i løpet av året som har gått.

Lukkeønsking frå Olsen
– Det er kjekt at de ville komme hit. Det er altså ikkje berre når ein har gjort noko gale at ein får snakke med rektor, sa rektor Dag Rune Olsen.

Han understreka at eksterne løyvingar er nødvendig for at UiB skal kunne vere herrar i eige universitetshus.

– Vi set pris på at de sendar søknader til ERC, EU, Forskingsrådet og andre aktørar. Skal vi vere ein autonom institusjon som implementerer eigne strategiar treng vi finansiell uavhengigheit. Til lukke med det de har fått til, og skål for dykk! sa Dag Rune Olsen.

Kremen av UiB
Oddrun Samdal, viserektor for utdanning, hadde også ei videohelsing der ho roste dei som hadde vunne prisar og fått tildelingar.

– Det er ein sjeldan crème de la crème eg no har framfor meg, sa ho i talen ho heldt frå Spania.

I beinhard nasjonal og internasjonal konkurranse har de vunne fram. Det er imponerande summar det er snakk om. De bidrar til å styrke UiB sin profil som eit internasjonalt anerkjent forskingsuniversitet, sa Oddrun Samdal.

Ekstra ære til Vigdis Vandvik
Oddrun Samdal nytta høvet til å gratulere Vigdis Vandvik med bioCEED-suksessen spesielt.

I november blei det kjent at Institutt for biologi vil få eit av Norges første Senter for framifrå utdanning (SFU).

– Vigdis er i stand til å skape synerigar, og har ein sjeldan evne til å bygge nettverk. Ho stiller krav, men i ei form som gir andre lyst til å innfri, sa Oddrun Samdal.

Anders Goksøyr ved institutt for biologi gratulerte også Vigdis Vandvik med at bioCEED-prosjektet skal blir Senter for framifrå utdanning

– Ho har all ære for at dette kjem på plass, sa Anders Goksøyr.

Heider til SFF-ane
Før jul i 2012 vart det klart at av 139 SFF-søknader derav 13 som passerte nålauget, ville UiB kunne nyte godt av tre nye Senter for framifrå forsking.

Desse er Birkelandssenteret, leia av Nikolai Østgaard, CISCMAC, leia av Halvor Sommerfelt og Centre for Cancer Biomarkers, leia av Lars Akslen. Også desse vart raust feira fredag.

– Det er få som på same måte som Nikolai Østgaard klarar å skape så mykje entusiasme, få med alle, og løfte fram dei unge forskarane på same måte som han. Det står stor respekt av det han har gjort. Vi hevdar oss no i verdsklasse, sa instituttleiar ved Institutt for fysikk og teknologi, Geir Anton Johansen.  

Nils Gilhus skrytte også av kollega Lars Akslen som har fått SFF-midlar til å bygge opp senteret Centre for Cancer Biomarkers.
– Lars har klart å samle forskinga som blir gjort slik at den samla forskinga vert på eit særleg høgt nivå, sa Nils Gilhus.

Rolv Terje Lie ga også Halvor Sommerfelt heider for haldninga han har hatt til forsking i utviklingsland:

– Han utmerka seg tidleg ved å hevde at forsking i utviklingsland må ha minst like høg kvalitet som forsking i i-land. Som senterleiar ved CISMAC har Sommerfelt høge ambisjonar for å fremme helse for mor og barn.