Eystein Jansen skal vera med på å prioritera EU sine forskingsmidlar. Foto: Ingvild Festervoll Melien
Eystein Jansen skal vera med på å prioritera EU sine forskingsmidlar. Foto: Ingvild Festervoll Melien

Jansen inn i det europeiske forskingsrådet

Notert: Profesor Eystein Jansen går inn i det europeiske forskingsrådet sin vitskapelege komite.

Publisert

Professor Eystein Jansen var leiar for Bjerknessenteret i mange år, har skrive rapportar for FN sitt klimapanel og fått Christieprisen - for å nemna noko. No har han fått eit nytt, høgthengjande verv. Frå 1.juli i år vert han eit av i alt 22 medlemmer i det vitskaplege rådet i Det europeiske forskingsrådet, ERC. Dette skriv UiB Aktuelt.

Det er det vitskapelege rådet som avgjer prioriteringane innanfor ERC sitt budsjett, som i år er på meir enn to milliardar euro.

– Det er ei stor ære å bli med i det europeiske forskingsrådet sitt Scientific Council saman med ein rekkje av dei fremste forskarane i Europa, mellom anna folk med nobelpris, seier Jansen sjølv til UiB sine nettisder.

Jansen har tidlegare vore med i ERC sitt panel for jordsystemforsking.

– At Eystein no går inn i ERC sin vitskapelege komité, er ei stor fjør i hatten for Eystein, for Bjerknessenteret og for Bergen, seier Tore Furevik, direktør ved Bjerknessenteret, til UiB Aktuelt.