Statoil og Statkraft har saman bygd ut Sheringham Shoal Wind Farm utanfor austkysten av England. Men det trengst eit nytt, stort selskap for å utvikle fornybar energi, meiner <span class="caps">CMR</span>. Foto: Alan O. Neill
Statoil og Statkraft har saman bygd ut Sheringham Shoal Wind Farm utanfor austkysten av England. Men det trengst eit nytt, stort selskap for å utvikle fornybar energi, meiner CMR. Foto: Alan O. Neill

Vil lage «grønt Statoil» i Bergen

Det trengst eit nytt, statleg selskap for å få til fornybar energi i Noreg, meiner CMR. Selskap som Statoil og Statkraft er låst i dagens tankesett, meiner dei.

Initiativtaker og prosjektleiar er Vegard Laukhammer frå Christian Michelsen Research (CMR), og prosjektet blir lansert med selskapstittelen GreenStat, skriv Teknisk ukeblad. Og det er ikkje berre i namnet at CMR har henta element frå Statoil og Statkraft: Statoil hadde éin tilsett i 1972, selde olje for tre dollar fatet, og det tok ti år før dei tente pengar, heiter det i presentasjonen CMR har sendt til klima- og miljøminister Tine Sundtoft.

Slike selskap har eit kostnadsfokus som drep fornybare prosjekt heilt i starten.

I byrjinga skal selskapet jobbe for utslippsreduksjon, og vere eigd av Klima- og miljødepartementet. Men etter kvart skal GreenStat gå i pluss, og både generere meir pengar til staten og vere meir verd enn Statoil.

Vegard Laukhammer
Vegard Laukhammer

Vinden som stilna
Laukhammer har sjølv bakgrunn frå oljebransjen, og byrja som elektrikar på Aker Stord.

– Sia eg tok mi siste mastergrad i 2004 har eg prøvd å jobbe med ny fornybar energi i Noreg, men det har vore ei utfordrande oppgåve, fortel han til På Høyden.

Christian Michelsen Research

Christian Michelsen Research AS (CMR) er et teknologisk forskningsinstitutt der Universitetet i Bergen er største eier.

CMR var den den naturvitenskapelige avdelingen av Christian Michelsens Institutt (CMI), og ble skilt ut som eget selskap i 1992.

Selskapet har mange av sine forskningsoppdrag innen sektorene olje og gass, fornybar energi, energiteknologi, romfart, miljø, sikkerhet og beredskap. CMR har lokaler på Fantoft. 

I 2012 omsatte selskapet for 140 millioner kroner, og hadde 83 ansatte. 

Inntektsbudsjettet for 2015 var 139 millioner kroner, mens det i 2016 er budsjettert med inntekter på 120 millioner kroner. 

CMR har flere datterselskap. Totalt er inntektsbudsjettet for CMR konsern på 326 millioner kroner for 2016. 

Kilder: cmr.no, proff.no, wikipedia.org

Det har tidvis vore stor interesse for havvind og vindmøller til havs, men medvinden prosjekta hadde har stilna ettersom det ikkje finst planar for å byggje ut vindkraft på sjøen i Noreg.

– Statkraft har til dømes lagt planane i skuffa, for prisen kan ikkje konkurrere direkte med vasskraft i Noreg.

Statoil ikkje dei rette
Bak GreenStat ligg erkjenninga av at det er vanskeleg å skape ein ny industri innanfor selskap som har eit heilt anna fokus.

– Det er ein av grunnane til at vi trur at Statoil og Statkraft ikkje er dei rette til å skape ny, fornybar energi. , seier Laukhammer.

Han meiner at det er naudsynt å byggje opp fornybar-sektoren med eit stort selskap på toppen, som eit grunnlag for ulike underleverandørar. 

­– Men det er ikkje sikkert at du berre treng eitt selskap.

Fjelltur, ikkje månelanding
Sjølv om selskapet og investeringane bør vere store har CMR større tru på jordnær energi enn kosmisk teknologiutvikling.

­– Om Mongstad var ei månelanding er det vi tenkjer på meir ein tur på Galdhøpiggen. Vi vil bruke kjent teknologi, og ser for oss regionale, desentraliserte prosjekt.

Eit hovudkontor midt på Danmarks plass hadde vore bra, for då ville vi sett om vi fekk gjort noko med miljøet.

Energien som skal utnyttast vil Laukhammer finne i både vasskraft, havvind, solkraft, landvind, småkraft, geotermisk energi, bølgjekraft, avfall og tidevasskraft. Og energiberarar bør vere både straum, biogass, bioetanol, biometanol og hydrogen. Men energikjempar som Statkraft og Statoil er for låst til den tradisjonelle energisektoren, meiner Laukhammer.

– Statoil og Statkraft er suksesshistoriar, men når det gjelder å ta i bruk ny energi i Noreg meiner vi at dei er låst opp mot eksisterandre strukturar. Månelandinga på Mongstad var til dømes ikkje eit fornybarprosjekt, men eit klimareduserande tiltak.

Fornybar Bergen
I framlegget frå CMR er Bergen foreslått som hovudkontor.

– Men dette bør ikkje bli ein regionskamp, for dette skal bli eit selskap for heile Noreg. Ein kan bruke mange, ulike organisasjonsmodellar, men vi trur at Bergen i alle fall skal ha eit kontor som kan jobbe både lokalt og nasjonalt. Det som er mykje viktigare enn kor kontoret ligg er å få tatt i bruk dei teknologiane som allereie finst, og få optimalisert dei. I Bergen har vi eit giftlokk over byen som er så tydeleg at drivkreftene for å få gjort noko er gode. Eit hovudkontor midt på Danmarks plass hadde vore bra, for då ville vi sett om vi fekk gjort noko med miljøet.

Danmarks plass er ein perfekt stad å ha hovudkontor for eit selskap som arbeider med fornybar energi, meiner Vegard Laukhammer. Foto: Tor H. Monsen.

Statoil ueinige
Laukhammer har fått gode tilbakemeldingar på framlegget, men Statoil er ikkje einige i at dei er lite motiverte i å satse på nye område:

– Motivasjonen til å tenkje nytt og til å gripe nye mulegheiter vil eg heller seie har vore eit av dei distinkte kjenneteikna til Statoil, snarare enn det motsette. Vi har for eksempel med å utvikle og bruke ny teknologi auka utvinninga frå modne oljefelt og auka verdiskapinga i ein skala ingen kunne forestille seg var muleg tidlegare. Vi har blitt verdas største offshore-operatør på store havdjupn på erfaringar frå norsk sokkel, seier pressetalsmann Morten Eek i Statoil til Teknisk Ukeblad.

Han viser og til at selskapet har vore med å utvikle skifergass i USA, og har bygd ei av dei største havvindparkane i verda, saman med Statkraft i England.

Skal møte departementet
Den politiske leiinga i Klima- og miljødepartementet har planlagd eit møte med CMR om saka, men næringsminister Monica Mæland har ingen umiddelbare lovnader om å løyve milliardar til Greenstat:

Konseptet treng å utviklast vidare.

«Det er vanskeleg for meg å gi ei konkret vurdering av Greenstat-prosjektet no. Konseptet treng å utviklast vidare. I første omgang er det nok initiativtakarane som må vurdere mulegheita for å støtte vidareutvikling av prosjektet» skriv næringsminister Monica Meland i ein epost til Teknisk Ukeblad.