Hemil-senteret har nesten berre kvinnelege tilsette. Ikkje alle var på kontoret då På Høyden var innom, men her er frå venstre stipendiat Ellen Synnevåg, stipendiat Anne-Siri Fismen, vitskapeleg assistent Frida Mathisen, stipendiat Marit Knapstad, førsteamanuensis Ingrid Holsen, professor Elisabeth  Fosse, forskar Annegreet Wubs og førsteamanuensis Fungi Ottomoller. Foto: Hilde Kristin Strand
Hemil-senteret har nesten berre kvinnelege tilsette. Ikkje alle var på kontoret då På Høyden var innom, men her er frå venstre stipendiat Ellen Synnevåg, stipendiat Anne-Siri Fismen, vitskapeleg assistent Frida Mathisen, stipendiat Marit Knapstad, førsteamanuensis Ingrid Holsen, professor Elisabeth Fosse, forskar Annegreet Wubs og førsteamanuensis Fungi Ottomoller. Foto: Hilde Kristin Strand

Kvinnearbeidsplassen som bryt statistikken

Publisert

Medan kvinnelege vitskapeleg tilsette er i mindretal elles, er dei i klart fleirtal hos Hemil-senteret. – Me er opptekne av å avmystifisera forskarlivet, seier instituttleiar Elisabeth Fosse.

– Me har ingen dansepartnarar lenger, ler Elisabeth Fosse.

Instituttleiar Elisabeth Fosse seier at det er tilfeldig at det er flest kvinner som jobbar ved Hemil-senteret. Men samstundes er ho oppteken av å legga til rette for at kvinner skal kunne kombinera forskarkarriere og familie. Foto: Hilde Kristin Strand
Instituttleiar Elisabeth Fosse seier at det er tilfeldig at det er flest kvinner som jobbar ved Hemil-senteret. Men samstundes er ho oppteken av å legga til rette for at kvinner skal kunne kombinera forskarkarriere og familie. Foto: Hilde Kristin Strand

I 5. etasje i Christies gate 13 held Hemil-senteret, der Fosse er professor og instituttleiar, til. Her er dei aller fleste tilsette kvinner. Og med kvinneleg instituttleiar og kvinneleg administrasjonssjef, er instituttet uvanleg på fleire måtar.

Framleis er det nemleg slik at menn er i klart fleirtal i leiarstillingar ved UiB. Det er flest mannlege professorar, flest mannlege førsteamanuensar, og flest menn i administrative leiarstillingar. Kvinnene er i fleirtal i andre administrative stillingar og blant doktorgradsstipendiatar og postdoktorar. Dette viser tal som vert presentert for universitetsstyret når dei torsdag skal handsama sak om likestillingssituasjonen ved UiB.

Legg til rette for familie
Men det er eitt fakultet som skil seg ut. Ved Det psykologiske fakultetet er 42 prosent av professorane kvinner, mot 23 prosent når ein ser UiB under eitt. 69 prosent av førsteamanuensane er kvinner.

– Hos oss handlar det nok mykje om fagområdet, som er helsefremjande arbeid. Og det er òg flest kvinner som søkjer seg til psykologi, seier Fosse.

Men samstundes er ho og dei andre seniorane opptekne av å få fram dei unge.

– Me eldste er bevisste på å stimulera dei tilsette. Me har fokus på at dei skal verta ferdige med doktorgradene sine, at dei skal publisera, men samstundes er me opptekne av å avmystifisera forskarlivet, seier Fosse.

For når ein arbeidsplass tilset unge kvinner, vert det naturleg nok ein del fødselspermisjonar.

– Dersom kvinner vil ha barn, må dei få dei når dei er mellom 30 og 40 år. Det er ikkje noko problematisk i det heile, dei tek permisjonen sin og kjem attende. Me har ingen politikk her som seier at «jobben er heile livet», seier instituttleiaren.

Ho har sjølv fire barn, og seier at ho har erfart at ein kan få gjort mykje i løpet av ei vanleg arbeidsveke dersom ein er effektiv.

– Eg er første generasjon som kombinerte forsking og barn, og eg veit at det går. Men eg må få skryta av mennene. Både eg og mine samtidige, og dagens unge kvinner, har menn som stiller opp. Elles hadde det ikkje gått.

Oppmodar menn til å søkja
Men kan det verta for mange kvinner på ein arbeidsplass?

– Det kan nok det, seier Fosse.

– Men dersom du tenkjer på kvinnearbeidsplass som ein plass med sladder og konflikter, så er det ikkje noko me ser her.

Men fleire menn er likevel velkomne. I teksten til den siste stillinga som vart lyst ut, vart menn oppmoda til å søkja.

– Kva trur du er grunnen til at det er flest menn i vitskapelege stillingar ved UiB?

– Eg trur nok det har mykje med miljøet å gjera. Akademia er menn si verd, og det finst nokre myter knytt til forskaren som ein distré person som alltid er på jobb. Men desse mytene vert utfordra her hos oss.