Arvid Hallen frå Forskingsrådet gir professor Lars A. Akslen provet på at han leiar eit Senter for framifrå forsking: Center for Cancer Biomarkers. No håpar UiB å få fleire slike senter. Arkivfoto: Dag Hellesund
Arvid Hallen frå Forskingsrådet gir professor Lars A. Akslen provet på at han leiar eit Senter for framifrå forsking: Center for Cancer Biomarkers. No håpar UiB å få fleire slike senter. Arkivfoto: Dag Hellesund

Vil senda 28 SFF-søknader

Publisert

Alle fakulteta sender truleg inn søknad om å få eit eller fleire Senter for framifrå forsking når fristen går ut om ein månad. – Det er alltid spørsmål om me sender for mange, seier prorektor.

I dag har UiB fem Senter for framifrå forsking. Tre senter er ferdige med sin tiårsperiode. Om eit år, nærare bestemt i november neste år, vert det offentleggjort om universitetet får fleire. Men å få senterstatus er ein lang prosess. Førre veke opna Noregs forskingsråd (NFR) for søknader, 25. november kl 13 må alle søknadane vera leverte. Ved UiB vert det no jobba med 28 søknader. 12 frå Det matematiske-naturvitskapelege fakultetet, fem frå Det medisinsk-odontologiske, seks frå Det samfunnsvitskapelege, fire frå Det humanistiske, ein frå Det juridiske og ein frå Det psykologiske fakultetet.

SFF-søkjarar 2015

Det samfunnsvitskapelege fakultetet:
Institutt for sosialantropologi (professor Annelin Eriksen)
Institutt for geografi (professor Terje Tvedt)
Institutt for informasjons- og medievitskap (professor Asbjørn Grønstad)
Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap (professor Ivar Bleiklie)
Institutt for samanliknande politikk (professor Siri Gloppen)

Det humanistiske fakultetet:
To søknader frå institutt frå arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (professorane Christopher Henshilwood og Michael Stausberg)
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (professor Arild Linneberg)
Senter for vitskapsteori (professor Jeroen van der Sluijs)

Det juridiske fakultetet:
Ein søknad (professor Ernst Nordtveit)

Det matematisk-naturvitskapelege fakultetet:
12 søknadar. Alle institutta er involverte i ein eller fleire.

Det medisinsk-odontologiske fakultetet:
Fem søknader. Dei involverte institutta er Institutt for biomedisin, Klinisk institutt 1 og Klinisk institutt 2

Det psykologiske fakultetet:
Ein søknad

Uni Research:
Centre for the Development and Evaluation of Complex Interventions in Mental Health (DECIMH)
Centre for Fish Neurobiology

 

 

– Me er generelt nøgde med at alle fakultetet no jobbar med søknadar. Men det er alltid spørsmål om ein sender for mange søknadar og kanskje endå meir om ein sender dei rette, seier prorektor Anne Lise Fimreite.

36 til neste runde
Forskingsrådet har gått ut og oppmoda institusjonane til å konsentrera ressursane kring eit avgrensa tal søknader. Det er sagt at det vil verta oppretta åtte til tolv nye senter frå 2017. Nytt i denne fjerde SFF-runden er at søknadsprosessen er delt i to. Til fristen i november skal ein senda inn ein søknad på seks sider. Deretter vert maksimalt 36 prosjekt plukka ut. Dei skal evaluerast av internasjonale ekspertpanel.

I førre runde var det 139 potensielle framifrå forskingsmiljø som søkte. Det vart plukka ut 13.

Fimreite seier at hos UiB er det fakulteta som har eit særleg ansvar for å velja ut kven som får søkja om SFF-status og ikkje.

– Det er vanskeleg for oss i leiinga å seia at «professor  X og Y får søkja, men ikkje professor Æ og Ø», illustrerer Fimreite.

Ho seier at fakulteta sjølvsagt kunne fått kvotar, men at det ikkje er vurdert som hensiktsmessig i denne omgang.

– Er 28 søknadar for mange?

– På den måten at det skal etablerast rundt ti senter kan ein kanskje seia det. Men det er òg viktig å visa fram dei bete miljøa våre her, så det er vanskeleg å gi eit tydeleg og eintydig svar på det spørsmålet, seier Fimreite.

Internpanel
På Høyden har vore i kontakt med alle fakulteta for å få vita kven som no søkjer om SFF-status. Nokre fakultet ønskjer ikkje å gå ut med kven som søkjer, andre gjer det (sjå faktaboks for meir info).

Ved Det matematisk-naturvitskapelege fakultetet vert det jobba med 12 søknader, men dekan Helge Dahle ønskjer ikkje å seia kven det er. Han seier at alle institutta er involverte i ein eller fleire søknadar, og meiner at det er viktig at søkjarane får arbeidsro framover.

– Sender de for mange søknadar?

– Me har ein prosess der me følgjer dei som ønskjer å søkja tett opp. Me ser føre oss at ein slik prosess vil føra til at dei som ikkje er konkurransedyktige vil falla frå, seier Dahle.

Han seier at fakultetet har hatt møte med alle kandidatane. Dekanen synest dette har vore oppløftande, og at det vert jobba med mange spanande idear. Utfordringa vert å senda gode nok søknadar.

– Me har hatt eit internpanel som har utfordra miljøa som ønskjer å søkja. Tilbakemeldinga har vore at mange av søknadane må arbeida med å utvikla ein tydeleg vitskapleg visjon og visa at dei faktisk vil flytte forskingsfronten.  Det er altså ein jobb å gjera før fristen i november, seier Dahle.

Han seier at mat.-nat. håpar å få minst eitt senter. Får dei ikkje det, vert dei skuffa. For UiB totalt er håpet fire eller fem, seier Fimreite.

Til neste omgang
HF håpar på eitt senter.

– Me er realistiske, seier dekan Margareth Hagen.

Ho meiner at fakultetet ikkje sender for mange søknadar.

– Søknadane er forskarinitiert. Me har god forskarstøtte på fakultetet, men me har ikkje eit eige ekspertteam som les gjennom søknadane. Me oppmodar dei som søkjer til å få andre til å lesa gjennom, seier Hagen.

Ved Det samfunnsvitskapelege fakultetet vert det no jobba med fem søknader.

– Det er berre to samfunnsvitskapeleg SFF i dag. Me har ikkje hatt ønskje om å stoppa nokon som vil søkja om SFF-status, men tenkjer at søknadane òg kan brukast i ein neste omgang, seier SV-dekan Knut Helland.

– Betyr det at det ikkje har store håp om å nå opp?

– Nei, me har stort håp om det. Men samstundes veit me at vårt felt har hatt avgrensa gjennomslag.

Den einaste samfunnsvitskapelege SFF-en ligg ved UiO og har som mål å forstå samanhengen mellom likskap, sosial organisering og økonomisk utvikling, både i rike og fattige land.