Masteprogrammet i nordisk språk ved Universitetet i Bergen gjer det bra i studiebarometeret. Foto: Øystein Fimland
Masteprogrammet i nordisk språk ved Universitetet i Bergen gjer det bra i studiebarometeret. Foto: Øystein Fimland

Eitt studieprogram får toppskår i studiebarometeret

— Veldig hyggeleg å sjå at studentane er tilfredse med arbeidet vi legg ned, seier professor Torodd Kinn.

Publisert   Sist oppdatert

Onsdag morgon kom årets tal frå studiebarometeret. Hos dei tilsette ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studiar ved Universitetet i Bergen (UiB) kunne dei smile litt ekstra etter tala vart kjende. Masterprogrammet i nordisk språk og litteratur er det einaste programmet ved UiB der alle dei som svarte gav toppskår på to spørsmål: Om dei var tilfredse med studieprogrammet, og om dei går på studieprogrammet dei helst vil gå på.

Topp ti program ved UiB

  1. Masterprogram i nordisk språk og litteratur: 5
  2. Bachelorprogram i japansk: 4,9
  3. Bachelorprogram i matematikk: 4,9
  4. Masterprogram i historie: 4,8
  5. Integrert masterprogram i havteknologi: 4,7
  6. Masterprogram i fysikk: 4,7
  7. Masterprogram i manusutvikling for seriar: 4,7
  8. Bachelorprogram i geografi: 4,6
  9. Masterprogram i sosialantropologi: 4,6
  10. Bachelorprogram i informatikk: datavitenskap, Bachelorprogram i geovitenskap, bachelorprogram i journalistikk, masterprogram i biologi, masterprogram i geovitenskap, felles masterprogram i programutvikling og masterprogram i sammenliknende politikk: 4,5

— Eg trur det er fleire grunner til det. Dei studentane som har valt masterprogrammet har nok valt det nokså bevist med kjennskap frå bachelorstudia. Dette er noko som interesserer dei og eit studium der dei får lov å konsentrera seg og fordjupa seg i emnet, seier Kinn, som er fagkoordinator for nordisk språk i studiet, medan Christine Hamm tar seg av litteratur.

Tett oppfølging

Kinn understrekar at dei er klare over at ikkje alle studentane har svara på undersøkinga, og at toppskår på om studentane er fornøgde ikkje betyr at alt fungerer perfekt.

— Men eg trur vi gjer ein del ting som er ein styrke for oss. Studentane blir følgde ganske tett heilt ifrå starten, forklarar han.

Dei har blant anna eit prosjektførebuande emne der dei saman med kvar enkelt student lagar ei skisse og ein plan for masterprosjektet.

Professor Torodd Kinn er fornøgd med tala frå Studiebarometeret. Arkivfoto: Hilde Kristin Strand
Professor Torodd Kinn er fornøgd med tala frå Studiebarometeret. Arkivfoto: Hilde Kristin Strand

— Det er noko me ser fungerer veldig godt. Studentane får ei forståing for kva dei skal i gong med veldig tidleg. Det trur eg gjer dei ein tryggheit. Vi bruker også mykje ressursar på rettleiing, sikkert mykje meir enn timane vi fører i rekneskapen, seier han.

Han fortel videre at dei det siste åra har mista ein tredjedel av dei tilsette. Studenttalet har derimot auka.

— Enkelte tilsette har kanskje opp til ti masterstudentar dei rettleier samtidig. Det gjer jobben enormt arbeidskrevjande, men dei gjer det likevel. Akkurat no har me dobbelt så mange masterstudentar som planlegg prosjektet enn tidlegare, det betyr eit enormt press, seier han.

Tips til dei andre

I tillegg til nordisk språk og litteratur overser Kinn lektorutdanninga med master i nordisk. Der blir ikkje toppskår, men 4,1 av fem mogelege poeng på spørsmålet om studentane er fornøgde syns Kinn er eit steg i riktig retning.

— Dei fleste studentane våre går på lektorprogrammet. Tidlegare har det vore ei misnøye ved studiet ettersom det har vore eit vanskeleg studium administrativt og logistikks. Då er det hyggeleg å sjå at me skårar bra denne gongen, seier han.

—Kva tips har du til andre som vil ha bra skår?

— Du har dei opplagte tinga som å ha kompetent undervisning, men den individuelle kontakten mellom lærer og student trur eg er viktig, svara professoren før han fortsett:

Den individuelle kontakten mellom lærer og student trur eg er viktig,

Torodd Kinn, fagkoordinator nordisk språk

— Studentane våre veit kven vi er og vi veit kven dei er. Vi har som policy at dei alltid kan komme og banke på døra hos oss. Ofte treng dei ikkje det heller, sidan døra står open for dei som oftast heile tida, seier han med eit smil.

Studiebarometeret er ei nasjonal studentundersøkelse. Nasjonalt svara om lag 32.000 studentar på undersøkinga som gjer ein svarprosent på 49 prosent. Det er studentar i tredje semester både på bachelor og master som blir spurde.

(Oppdaterte topp ti program med masterprogram i sosialantropologi og alle som fikk 4,5 i skår. Torsdag 06. februar kl 12.56)