Eirik Hovden er klar for universitetsstyremøta, som uansett blir svært rolige samanlikna med forholdet i landet han tar postdoktor på: I Jemen har det vore krig dei siste fire åra. Foto: Anne Hestnes
Eirik Hovden er klar for universitetsstyremøta, som uansett blir svært rolige samanlikna med forholdet i landet han tar postdoktor på: I Jemen har det vore krig dei siste fire åra. Foto: Anne Hestnes

Eirik skal jobbe for stipendiatar og postdoktorar i universitetsstyret

Valet til universitetsstyret for gruppe B er avgjort: Eirik Hovden tek over etter Sofie Marhaug.

Publisert   Sist oppdatert

Med seg på varaplassane har han Frida Kathrine Sofie Mathisen, Jenny Krutzinna og Vivian Woodfin.

Hovden har ingen store programerklæringar etter valet, men plattformen han blei vald på står fast. Sjå kva han sa til På Høyden før valet.

— Det viktigaste er kanskje at dei som foreslo meg kan vere heilt trygge på at eg vil gå inn for vald leiing på universitetet, seier han.

Litt gløymd gruppe

Hovden er elles partipolitisk uavhengig.

— Korleis har stipendiatar og postdoktorar det på Universitetet i Bergen?

— Vi har det bra i forhold til mange andre land. Men vi blir fort litt gløymde i systemet, og vi har eit slags press på oss fordi vi ikkje har fast jobb, og det kan vere veldig tøft, seier Hovden.

Betre hjelp til gruppa er noko han vil arbeide for.

Dei aller fleste som startar på ei doktorgrad kan ikkje rekne med å få jobb i akademia, og støtteapparat og veival for ei yrkeskarriere er veldig viktig.

Eirik Hovden

— Støtte til karriereval er viktig. Dei aller fleste som startar på ei doktorgrad kan ikkje rekne med å få jobb i akademia, og støtteapparat og veival for ei yrkeskarriere er veldig viktig, seier han.

Gruppa han representerer er både stor og samansett.

— Eg håper å ha kontakt med mange av dei undervegs, seier Hovden.

Og det blir lettare for han å ha kontakt med andre mellombels tilsettte enn dei han jobbar opp mot på doktorgradsprosjektet sitt:

— Det handlar om oppfatning av sekularitet i den arabiske verda, og spesifikt i Jemen, fortel Hovden.

Største humanitære katastrofen

Han har jobba med Jemen både på master- og doktorgradsnivå, men krigen som har rasert landet dei fire siste åra har ikkje gjort det lett. Å dra på feltarbeid der no er heilt utelukka.

— Eg må bruke kjelder på nett, og sosiale medium, forklarer Hovden.

— Krigen i Jemen blir rekna for den største, humanitære katastrofen for tida. Situasjonen er veldig vanskeleg, og får lite merksemd internasjonalt, seier postdoktoren i arabisk.