Ein klasse for seg

Mellom nedslåande tal om innvandrarelevar med dårlege karakterar, drop-outs og feilslått integrering, fann stipendiat Vibeke Solbue ein skuleklasse der elevane var så ulike at alle kunne vere seg sjølv.

– Det var ein flott og levande gjeng. Fagleg var dei slett ikkje i toppsjiktet, og lydnivået kunne vere høgt. Men klassemiljøet var oppsiktsvekkande godt. Dei var rause, snille og gode med kvarandre, seier Vibeke Solbue, stipendiat ved Institutt for pedagogikk.

Ein feilbarleg fellesskule
Verkar Kunnskapsløftet og den norske fellesskulen integrerande? Dette er spørsmålet Vibeke Solbue har arbeidd med i avhandlinga si. Ho ville finne ut korleis elevane sjølve opplevde kvardagen sin, og observerte og intervjua elevar i tre ulike klassar. Elevane gjekk på skule i ein større norsk by. Andelen av personar med minoritetsbakgrunn i denne byen er om lag 10-15 prosent.

Ein av klassane var ein nesten rein jenteklasse på yrkesfag. Her hadde lærarane hovudsakleg kun fokusert på læreplan og læringsmål. Tema som klassemiljø og samhandling hadde ikkje stått på timeplanen.

– Lærarane som team mangla ein plan med multikulturell tenking i botn. Her var det mange elevar som ikkje var fullverdige deltakarar i klassefellesskapet, fortel Solbue.

Ho møtte også ein yrkesfagklasse der det tidlegare hadde vore etniske konfliktar, som lærarane hadde vore nøydde til å gripe fatt i. Gjennom arbeid med konfliktløysing og haldningar hadde klassemiljøet blitt betre.

Kategorien som forsvann
Men så var det klassen der på ei studieførebuande linje, der nesten alle elevane fortalte at dette var den beste klassen dei nokon sinne hadde gått i. Klassen der 40 prosent av elevane hadde minoritetsbakgrunn, men der innvandrar eller norsk ikkje var kategoriar dei definerte seg sjølv eller kvarandre ut ifrå.

– I denne klassen hadde alle ulik klesstil, og jentene sminka seg veldig ulikt. Her var nerden, badboyen med capsen, den rike guten med dunjakka, han som var ein del eldre enn dei andre, alt var heilt greitt. Alle var med. «I denne klassen er alle så forskjellige at eg kan vere meg sjølv», sa ein av elevane.

Lærarar som bryr seg
Klassen knuste myta om at unge menneske treng å søke tilflukt i den einsarta flokken for å føle seg sterke. At ein berre kan skape sin eigen identitet ved å spegle seg i vennene sine. Og om at den tenåringen som bryt med gjengen sin smale oppfatning av kva som er normalt og akseptert, er den neste til å bli fryst ut.

– Lærarane må også ha ein kunnskap om kva det vil seie å vere innvandrar. Det er klart viktig at lærarane kjenner historia til kvar enkelt elev. Eg trur òg at noko av nøkkelen til det gode klassemiljøet låg i respekten og kjærleiken lærarane hadde for elevane.

Ved starten av skuleåret sette lærarane av tid til å arbeide med miljøet. Dei snakka om haldningar, om fellesskap og om følelsar.

Om kor sårbar ein er når ein skal ta ordet i klasserommet, og om makta som ligg i det å gje tilbakemeldingar på kvarandre sine munnlege presentasjonar.

– Dei såg kvarandre, og tok vare på kvarandre, seier Vibeke Solbue.

I intervjua med elevane kom det fram at lærarane sin innsats for miljøet kanskje gjekk under elevane sin radar.

– Elevane meinte sjølv at det gode miljøet var deira forteneste. Dermed fekk dei jo eit eigarskap til det, seier Vibeke Solbue.

– Gje lærarane rom
Ho er klar på at når lærarane får rom til å arbeide målretta med trivsel og tryggleik i klassen, kan mangfaldet vere positivt for elevane. Dette er ein bodskap ho håper at politikarar, byråkratar og lærarar kan plukke opp. 

– For å få til eit slikt godt klassemiljø må det ei multikulturell tenking til på lærarsida. Ein må sjå på heilskapen i strukturen på skulen, seier Vibeke Solbue.

– Noko av problemet er at skulen kategoriserer elevane ut frå bakgrunnen dei har, framfor at elevane får anledning til å definere seg sjølve i møte med dei andre. Skuleleiinga bør heller sjå på elevane sine ulike bakgrunnar som ein ressurs.

Kunnskapsløftet gjer inkludering vanskeleg
I Danmark presterer innvandrarar og danskfødde med innvandrarforeldre dårlegare enn heildanske elevar. I Sverige er biletet eit anna. Her er ikkje forskjellane mellom prestasjonar observerbare. Mønsteret i Norge er det same som i Europa for øvrig: Elevar med minoritetsbakgrunn får dårlegare resultat på skulen. I den norske skulen står idealet om likeverd høgt. Elevane skal få differensiert opplæring ut frå forutsetningar og behov. Men korleis kan ein lærar innfri dette idealet, og samtidig vere ein formidlar av norsk kulturarv?

I læreplanen blir det norske framheva som det beste. Den norske modellen er den mest funksjonelle. Gullstandarden er heilnorsk.

Idealet om «likeverd» fører lett til idealet om «likskap» Dermed blir det vanskeleg å følgje Kunnskapsløftet, samtidig som ein arbeider for inkludering, er ein av slutningane til Solbue.

– Vi, vårt og våre verdiar
– Har den norske skulen sitt arbeid for inkludering feila? Kjem ønsket om å verne om det som er felles i vegen for å gje rom for at elevane på mange vis er svært ulike?

– Det har blitt vanskeleg å reelt arbeide med likeverdsprinsippet, og samtidig følgje den generelle delen av læreplanen. I den generelle læreplanen er ord som «vår» «vårt» og «våre» brukt 40 gongar. Trass i at læreplanen også forfektar eit prinsipp om likeverd, har ein makt til å definere at dei andre aldri vil verte like bra som dei norske. Kvar gong likskapen får motstand, vert den styrka, og «viet» blir større, seier Vibeke Solbue.