Dette vil vera fronten ut mot Nygårdsgaten. Inne i første etasje kan det koma ein felles resepsjon og ein kaffibar. Ill: Artec for UiB
Dette vil vera fronten ut mot Nygårdsgaten. Inne i første etasje kan det koma ein felles resepsjon og ein kaffibar. Ill: Artec for UiB

Slik kan nye Nygårdsgaten 5 verta

Publisert

Mellom Nygårdsgaten 5 og SV-bygget kan det koma eit nytt uteområde, dersom arkitetane får det som dei vil.

– Svært mange av dei som går ut av dette bygget i dag går ut bakdøra, seier Kjartan Nesset.

Dette viser baksida av bygget, opp mot SV-bygget og Nygårdshøyden. Her går mange tilsette ut i dag. Slik kan området verta om Artec får det som dei vil. Ill: Artec for UiB
Dette viser baksida av bygget, opp mot SV-bygget og Nygårdshøyden. Her går mange tilsette ut i dag. Slik kan området verta om Artec får det som dei vil. Ill: Artec for UiB

Han er seksjonssjef for eigedomsavdelinga si prosjektavdeling, og viser veg ut i friluft – mellom Stein Rokkans Hus og SV-bygget. Den store glaskuppelen, som gir godt med lys ned til konserveringsavdelinga, kan vera på veg vekk – i alle fall dersom det vert slik arkitektfirmaet Artek ser føre seg. I staden kan det verta ei grasmatte med glaskuplar som gir godt lys til dei som jobbar i etasjen under. For dei i etasjen over, er det tenkt ein slags glastunnel som gjer avstanden internt i huset mindre.

Som På Høyden har skrive, skal Stein Rokkans Hus, altså bygget i Nygårdsgaten 5, verta nytt innvendig. Samstundes går det føre seg eit organisasjonsutviklingsprosjekt. No er dei første skissene for korleis det kan verta innvendig klare.

Dette er ei skisse som viser korleis det kan verta inne. Målet er eit opnare bygg, med færre låste dører enn i dag. Mellom 360 og 400 tilsette skal ha arbeidsplassen sin i bygget. Ill: Artec for UiB
Dette er ei skisse som viser korleis det kan verta inne. Målet er eit opnare bygg, med færre låste dører enn i dag. Mellom 360 og 400 tilsette skal ha arbeidsplassen sin i bygget. Ill: Artec for UiB

Kantine og sykkelparkering

UiB har rammeavtale med tre arkitektfirma, og arrangerte ein minikonkurranse om ombygging av Nygårdsgaten 5 mellom desse tre.

Dei ulike funksjonane har fått ulik farge. Det vert lagt opp til ulike typar arbeidsplassar og ulike typar møteplassar, og felles kantine. Ill: Artec for UiB
Dei ulike funksjonane har fått ulik farge. Det vert lagt opp til ulike typar arbeidsplassar og ulike typar møteplassar, og felles kantine. Ill: Artec for UiB

– Det var tre gode forslag, men me landa på Artec, seier Nesset.

Dei tre arkitektkontora fekk nokre føringar: Bygget skal romma mellom 360 og 400 arbeidsplassar, det skal vera kantine, felles resepsjon og gode fasilitetar for sykkelparkering. Det skal vera varierte fellesareal, rom for sosiale og uformelle møteplassar, og det skal vera færre låsar og fleire opne trapper enn det er i dag.

– Oppgåva er rett og slett å gjera dette bygget om til eit nytt, moderne, fleksibelt kontorbygg, seier Nesset.

Han sit sjølv i tredje etasje i Nygårdsgaten 5, og har sitt eige, store kontor.

– Eg må gå langt dersom eg skal samarbeida med andre. Noko av det me diskuterte før ein gjekk i gang med dette store prosjektet, var å riva nokre vegger og laga eit mini-landskap for eigedomsavdelinga si leiargruppe. Men no vert ikkje det gjort fordi ein er i gang med ein større prosess, seier Nesset.

Han seier at målet med ombygginga er å løysa opp både internt og eksternt, og å venda seg meir mot publikum.

– UiB er det einaste erklærte byuniversitetet.

Vil flytta heisen

Dei førebelse skissene seier noko om korleis det kan verta inne, men ikkje nødvendigvis noko om korleis det vert til slutt. No er det tilsett eksterne prosjektleiarar som skal leia arbeidet med å laga grunnlaget for det som skal ut på anbod. I tillegg er det eksterne rådgivarar som jobbar med organisasjonsutviklingsprosjektet. Planen er at rundt årsskiftet 2019/20 skal bygget vera tømt, med nyinnflytting om lag to år seinare.

Då kan ein komme inn i eit bygg som er mykje opnare enn i dag. Skissene for første etasje viser at her kan det koma både kaffibar og resepsjon. I tillegg er heisen føreselge flytta. Det var eit grep alle dei tre arkitektkontora gjorde.

– Det er eit stort grep å flytta heisen. Dette vil i så fall verta gjort for å betra tilkomsten i bygget, seier Nesset.

Det handlar om å gjera eit forsøk på å sjå inn i glaskula

Skissene viser eit forslag der fjerde og femte etasje i bygget i hovudsak vil verta kontor. I andre etasje vil det òg verta ein del kontorarbeidsplassar, og færre i tredje. Her skal ei felles kantine slik det ser ut no plasserast. I andre og tredje etasje har Universitetsmuseet si konserveringsavdeling store areal. Dei skal verta verandre i bygget, og deler av avdelinga vert òg truleg verande gjennom byggeperioden.

Kartlegging

Moderne, funksjonelle, gode arbeidsplassar, seier Kjartan Nesset. Kva det betyr, er ikkje heilt klart endå. Assisterande universitetsdirektør Tore Tungodden har tidlegare sagt til På Høyden at det ikkje vert ei løysing med berre cellekontor eller med berre opne kontorlandskap.

– Ein jobbar på ein annan måte enn før, og ein kommuniserer på ein annan måte enn før. Samstundes er det slik at nokre, til dømes bedriftshelsetenesta, har særskilte behov når det gjeld arbeidsplassar.

Prosjektleiaren seier at det no vert gjort ei kartlegging av kor mange rom ein treng av det eine og andre slaget, til dømes stillerom.

– Me skal byggja noko som skal fungera godt for framtida. Det handlar om å gjera eit forsøk på å sjå inn i glaskula, seier Nesset.