Den løyndomsfulle hagen

Publisert

Fekk John H. Bell planta ein bjørkeallé forma som eit skip? Og kvifor gjorde han i så fall det?

Gangvegen svingar seg ned til husa på Tingviken. Derifrå går det veg vidare ned til sjøen, eller meir nøyaktig: Ein allé.

Den freda eigedommen, som no er feriestad for UiB-tilsette, vart bygd opp av John H. Bell. Han hadde feriert på hotellet i Utne før han fekk bygd sin eigen feriestad. Den bergenske Grolle-Olsen familien arva staden, som så vart gitt vidare til UiB i 1968.

Husa er pussa opp med nytt tak, ny måling og oppgradering av soveromma i annekset. Men hargen har òg fått ei oppgradering.

Prega av forfall
«Stykker med tidligere opparbeidet mark (frukthage/beitemark ned mot naustet og i sør til øst) er preget av forfall. Grasmarken er bevokst med til dels gammel bjørk og det slår opp med rogn, osp (rotskudd), ask og gullregn».

Dette skriv førsteamanuensis Per Harald Salvesen og Dagfinn Moe, som no er professor emeritus, i rapporten etter at dei var på synfaring til Tingviken i 2006. Konklusjonen deira var at det måtte gjerast ein heil del med hagen: Tre i tørrmurar måtte fjernast, og utrasa parti i dei same murane setjast i stand. Stien frå huset og ned til naustet måtte ryddast, osp og rogn fjernast slik at ein fekk fram att hagemark og frukthage og fekk opna utsikta mot fjorden. Vidare måtte bjørkealléen supplerast med unge eksemplar av hengebjørk, og ein burde laga ein plan for tynning av trebestand. I beda rundt huset måtte ein planta om og etterfylla med stauder. Blodbøken framfor huset måtte passast på, det tostamma treet burde ikkje verta for stort.

I tillegg vart det fjerna mykje gullregn. Eit par store har fått stå att, men dei små, nye måtte vekk. Gullregn er giftig, og sidan Tingviken er brukt av tilsette med barn, burde dei små trea fjernast.

– Eventyrverd
I dag ser ein fjorden, og på veg ned til sjøen ser ein den gamle bjørkealléen. Nokre tre var så dårlege at dei måtte fjernast, men meininga er at det skal plantast nye etter kvart som dei gamle døyr.

– Det er sagt at Bell fekk alléen forma som eit kyrkjeskip. Det vart ei slags eventyrverd her på Tingviken, seier Åse Tveitnes.

Ho er seniorarkitekt ved Eigedomsavdelinga og har ansvar for UiB sine freda bygg. Denne vakre junidagen er ho På Høyden sin guide på Tingviken.

Tveitnes fortel at då ho første gong kom til Tingviken i 2006 var hagen heilt nedgrodd. Det var etter dette hagekomiteen var med dit. Dei markerte kva som skulle takast vare på og kva som skulle fjernast.

– Det er mange store tre her, og nokre av dei rotveltar. Då kjem det ein telefon frå Hardanger. Trea skal nemleg til realfagsbygget slik at ein kan ta prøvar av dei, seier Tveitnes.

I rapporten frå Salvesen og Moe heiter det at når tre vert hogga må feltmateriale snarast råd verta undersøkt av lav- og mose-ekspertise.

– Me har ingen dokumentasjon på korleis hagen har vore, seier Moe.

Hadde karper
Om nokre av murane på eigedommen var der då Bell overtok, veit ein ikkje heilt sikkert. Ein veit heller ikkje om han laga nokre av tørrmurane sjølv, eller om han hadde folk til dette. Men det ein veit, er at han i tillegg til alléen òg hadde fleire dammar. I minst ein av dei skal det ha vore karper, og om somrane skal fleire mann ha vore tilsett for å halda hagen i stand og mellom anna fylla vatn i dammane. I dag er det ikkje ein einaste gullfisk att.