I glasdelen av fasaden er dei sosiale sonene plassert. Dette biletet viser inngangen frå Nygårdsgaten. Ill: Artec
I glasdelen av fasaden er dei sosiale sonene plassert. Dette biletet viser inngangen frå Nygårdsgaten. Ill: Artec

Ei virtuell reise inn i Nygårdsgaten 5

Mykje lys og luft, nye heisar og stor kantine. Slik vert det inni Nygårdsgaten 5.

Publisert   Sist oppdatert

— Dette var spektakulært. Kanskje eg ikkje skal pensjonera meg likevel, humrar universitetsdirektør Kjell Bernstrøm.

Ein glasvegg går gjennom bygget. Ill: Artec
Ein glasvegg går gjennom bygget. Ill: Artec

Han har nett vore på ei virtuell reise inn i nye Nygårdsgaten 5. Hit skal sentraladministrasjonen flytta i 2022, og då vert bygget ikkje til å kjenna att innvendig.

Denne veka kan tilsette få den same virtuelle turen som Bernstrøm og assisterande universitetsdirektør Tore Tungodden – og På Høyden – fekk måndag.

Som På Høyden tidlegare har skrive, skal Nygårdsgaten 5 byggast heilt om. Arkitektfirmaet Artec har teikna om bygget.

Konserveringsavdelinga skal ut

Når ein kjem inn i det ombygde bygget, vil ein møta ei ny trapp. Den går gjennom heile bygget. I tilknyting til trappa vil ein finna dei sosiale sonene, mellom anna ei kantine i første etasje. I underetasjen skal det verta møterom.

— Tanken er å ha eit kurssenter knytt til etter- og vidareutdanning, seier Tungodden.

På Høyden har tidlegare skrive at biletsamlinga skal flytta ut. No er det òg bestemt at Universitetsmuseet si konserveringsavdeling skal på flyttefot. Då vert det ledige lokale.

— Her er planen at det mellom anna skal kunne gå føre seg undervisning på kveldstid, seier Tungodden.

Tore Tungodden og Kjell Bernstrøm fekk sjå innsida av Nygårdsgaten 5 måndag. Det kan andre tilsette òg gjera denne veka. Foto: Hilde Kristin Strand
Tore Tungodden og Kjell Bernstrøm fekk sjå innsida av Nygårdsgaten 5 måndag. Det kan andre tilsette òg gjera denne veka. Foto: Hilde Kristin Strand

Ikkje berre kontor

— Ein får eit inntrykk av flyten i bygget, seier Tungodden etter å ha vore gjennom bygget med VR-briller på.

Han seier at han særleg likte at det er lagt opp til pausesoner mellom dei ulike avdelingane.

Tungodden har tidlegare sagt at det ikkje vert berre cellekontor, men heller ikkje berre opne løysingar i bygget. No kan ein sjå nokre av løysingane som er valde. Dei ulike avdelingane har inngang frå området rundt trapperommet.

Førebels får ein ikkje vita heilt konkret kor ein får arbeidsplassen sin, men ein får vita kva løysingar som er valt.

Tore Tungodden

— Midt i september skal me ha det som vert kalla verkstad 3. Alle avdelingane som skal inn i bygget har gjort sine val. Førebels får ein ikkje vita heilt konkret kor ein får arbeidsplassen sin, men ein får vita kva løysingar som er valde, seier Tungodden.

Ombygginga har ein prislapp på 300 millionar kroner. I septembermøtet vil universitetsstyret få ei orientering om prosjektet.

Digitalt sørvissenter

Parallelt med ombygginga av bygget, skjer det som heiter Prosjekt for tenesteutvikling. Det store spørsmålet er korleis administrasjonen kan støtta den faglege aktiviteten på ein best mogleg måte.

— Me jobbar mellom anna med å få eit felles, digitalt sørvissenter, altså ein portal der ein kan finna alle tenester ein treng, seier Tungodden, og nemner IT-avdelinga sitt brukarstøttesenter (Brita) som døme.

— Får prosjektet konsekvensar for den einskilde sitt arbeidsforhold?

— Ut i frå kva tenester me skal tilby kan det verta endringar i organisasjonen. Det betyr mellom anna at me vil setja saman tilsette i nye grupper, der gruppemedlemmene kan ha ulik kompetanse, seier Tungodden, og viser til Internasjonalt senter.

Ei trapp går gjennom heile bygget, og i tillegg vert det gangbruer som held etasjane saman. Inn til høgre ligg kantina. Ill: Artec
Ei trapp går gjennom heile bygget, og i tillegg vert det gangbruer som held etasjane saman. Inn til høgre ligg kantina. Ill: Artec