Etter mange år ved UiB vart Bente Milch i dag takka for innsatsen ho har gjort for universitetet.
Etter mange år ved UiB vart Bente Milch i dag takka for innsatsen ho har gjort for universitetet.

Eg har fått lov å vere meg!

Publisert

Timetilsett i 1978. Det var slik det starta for Bente Milch som no skal verte pensjonist. Med nokre få opphald har den fargerike dama sett sitt preg på Universitetet i Bergen sidan då. Og i dag vart ho takka for det.

Men vi hoppar ein dag tilbake. Sola skin over den haustkledde Nygårdshøyden og Bente viser oss rundt på gamle trakter. Vi går på vegar ho har gått tusenvis av gongar før og snart har vi funne vegen inn på Dragefjellet.

Oppmuntrar og motivator
– Åra går så fort. Herregud altså, seier Bente og kjem med nokre små sukk. Og sidan åra går fort kan ho vere glad for at dei har vore mange.

– Det har vore veldig gode år. Eg har blitt gjeve stor fridom. Eg har ikkje blitt pressa inn i ein mal eller eit mønster. Eg har fått vere den eg er. Eg trur nok eg uansett ville vore vanskeleg å få pressa inn i ein slik mal.

I 36 år har den fritttalande og humørfylte dama fylt ulike roller på universitetet. Mellom anna som studierettleiar ved det juridiske fakultet.

– Det var i ein periode det var veldig vanskeleg å rekruttere lærarar. Studentane sleit veldig og strykprosenten gikk til himmels. Og når ein har ein så stor strykprosent så gjer det noko med menneska. Mi rolle var på mange måtar å vere oppmuntrar. <<Dette klarer du! Det er ikkje vanskeleg, du er ikkje aleine og det er mange som har dei same tankane som deg. Stå på, gå vidare! >> Og for ei glede det var å sjå dei igjen når dei hadde klart det. Og i dag er dei dugande juristar over alt.

Bente trivst med å vere oppmuntrar og motivator for studentane på juridisk fakultet, men då Jan Fridthjof Bernt vart rektor og flytta til Muséplass i 1996, vart Bente spurt om å vere med.

– Dersom mine kolleger er like trøytte av meg som eg er av dei, så er det på tide. Då kan eg seie ja, sa eg då.

– Var dei det, da? Trøytte av deg?

– Eg flytta i vertfall.

Det var ikkje ei enkel avgjerd. For forholdet til studentane og den daglege kontakten med dei er noko som alltid har vore viktig for Bente.

– Eg må innrømme noko. På den tida hadde eg såpass høge tankar om meg sjølv at eg tenkte <<Gu’ korsen går det med studentene om eg sluttar?>>, men det er jo ein gong slik at kyrkjegarden er full av uunnverlege menneske, seier ho og ler.

– Det er eit stort tap for oss
Det er mange minner frå tida som studierettleiar inne på Dragefjellet. Og ikkje minst mange kjente. Same kvar vi snur oss er det einkvan som vil helse på Bente, snakke med ho og mimre litt. Ein av dei er dekan ved det juridiske fakultet, Asbjørn Strandbakken.

– Det er eit stort tap for oss at Bente skal slutte. Ho har vore universitetets gode ansikt utad og ho har delt om seg med sin varme. Eg trur Bente hadde hatt betre arbeidsvilkår her på juridisk i dag for no er alle nokså livlege her, men den entusiasmen Bente har, den burde vi ha hatt her lenge før. Eg kjem rett og slett til å sakne ho forferdelig mykje, seier Strandbakken og gjev Bente ein lang og god klem.

(Artikkelen held fram under biletet)

Dekan ved det juridiske fakultet, Asbjørn Strandbakken er full av lovord om Bente. – Eg kjem til å sakne ho veldig.

Ikkje gå i klinsj med Milch!
Før vi veit ordet av det kjem ein handtverkar bort for å helse på. To minutt etterpå har enda ein person funne vegen bort til Bente. Denne gong Nina Berstad Strandbakken som har funnet fram gamle minner.

– Sjå her. Frå 1990. Ein fakultetssong om Bente, seier ho opprømt før ho stemmer i:

<<Så var det hun der Bente som ler og er så grei,
ingen yter service til andre slik som deg.
Men har du ikke humor må du aldri gå i klinsj,
med hun i telefonen som kaller seg for Milch!>>

– Nei, den der var morsom, seier Bente og ler så det rungar i Dragefjellet.
– Ja, og den beskriver deg jo så godt. Det er jo slik du er. Ein utruleg humørspreiar og ein fantastisk kollega. Eg må seie at eg er glad for at eg var ute i permisjon då du vart <<headhunta>> til rektors kontor og forsvann herifrå, seier Berstad Strandbakken.

Humor. Det er litt av <<cluet>>
Alle vi møter på inne på Dragefjellet skryter av Bentes humør og glade vesen.

– Vi hadde jo eit jækla godt humør her på fakultetet. Det var mykje latter. Og vi tok ikkje oss så høgtidlege. Det var vel litt av <<cluet>>, seier Bente før ho bryt ut i ein såkalla <<silly walk>> i den store hallen.

Ein gong las Bente eit intervju med Jon Eikemo der han vart spurd om kva som var den viktigaste menneskelege eigenskapen. Eikemo svarte humor. Det har Bente levd etter sidan.

– Kvifor skal ein elles leve, om ein ikkje har humor? Kortaste vegen mellom oss menneska er nettopp humoren. Dessverre er det mange som ikkje har det.

– Men korleis har det vore å vere humørfylte Bente på UiB, ein kunnskapsleverandør som osar av seriøsitet og profesjonalitet?

– Tja… Her er mange tørrpinnar, men dei har liksom ikkje kryssa min veg. Eller, kanskje eg ikkje har latt dei gjere det?

– Men trur du då at mange har reagert på deg? At du har vore litt for <<mykje>> for nokon?

– Det kan godt vere at eg har. Det er jo slikt eg ikkje får høyre sjølv, men eg ser ikkje bort ifrå det.

(Artikkelen held fram under biletet)

Her får Bente sjå igjen ein gammal fakultetssong som handlar om ho.

– Eg gikk aldri på gummisålar
Folk vinkar og nikkar og helsar på Bente som står kledd i svart, sko med høge hælar og med ein UiB-cap på hovudet. Bente helsar og vinkar attende. At ho er ein utadvent og sosial person er ikkje vanskeleg å forstå.

– Ja noko anna ville vere løgn. Eg kan godt seie at eg er inneslutta og interessant, men det er eg altså ikkje. Finns ikkje.

– Og du kjenner nesten alle?

– Nokon spurde meg ein gong om dette skillet mellom dei administrative og dei vitskaplege. Eg har aldri følt det skillet. Eg gikk aldri på gummisålar om eg skulle banke på ei dør hjå dei som er vitskapeleg tilsette og eg blei alltid godt tatt imot. Så ja, eg kjenner mange.

For <<freaka>> til å vere her
Godt tatt imot vart ho også då ho byrja å jobbe på Muséplass. Jan Fridthjof Bernt hadde mange av juristane med seg då han vart rektor. Og dei kjende alle til Bente. Dermed fekk ho også oppgåver som dei visste ho treivst godt med.

– Eg har vore heldig slik, og eg trur dei ulike rektorane seinare også skjønte at eg var litt utolmodig. Eg kunne ikkje berre sitje der og passe på rektor. Så eg har fått rom til å vere meg og rom til å bruke litt av dei interessene eg har i arbeidet mitt.

Sjølv om ho vart godt tatt imot gløymer Bente aldri den litt overveldande kjensla då ho kom inn på Muséplass.

– Det var heilt stille der. Eg gikk opp trappa og gikk inn. Alt virka så tungt og så gammalt. Eg hugsar eg tenkte <<Gu’ ska eg sitte på dette kontoret her? Eg er alt for freaka til å vere her!>>. Eg følte nesten at eg ikkje kunne opne munnen min, at eg berre måtte kviskre, men det gikk bra. Etter kvart snakka vi litt høgare der alle saman, seier Bente og ler.

(Artikkelen held fram under biletet)

Her er Bente inne i lokala ho kjenner så godt på Muséplass, men dei virka nesten litt skremande på ho då ho byrja å jobbe der.
 

Den store kontrasten
Etter at Bente vart tilsett ved rektors kontor byrja ho med mange nye oppgåver. Mellom anna hadde ho ansvaret for det som gikk føre seg i Knut Fægris hus, men ho følte også eit visst ansvar for det som føregikk utanfor.

– Ein morgon sat der ei slita jenta. Ho hadde sove der på trappa heile natta og såg ikkje så bra ut. Eg spurte ho om ville bli med inn å få vaske seg. Og det ville ho, men det varte og rakk. <<Er du ikkje ferdig snart?>>, spurte eg. Jau, sa ho, men lurte på om ho kunne få sminke seg litt også. <<Det er klart du skal få sminke deg>>, svarte eg. Og der ut av badet kom ei heilt <<ny>> jente.

Hendingar som dette har det vore mange av, og Bente trur ho har lært mykje av dei.

– Det har vore veldig sårt. På den eine sida har vi hatt dei <<vellukka>> innanfor dørene og dei <<andre>> rett utanfor. På trappa. Ingen av oss har lov til å hovere. Dei skal behandlast med akkurat same respekt som alle andre. Vi må lære å sjå kvarandre. Det er så enkelt som det.

Utnemnt til riddar
Også mange av studentane har fått kjenne på omsorga frå Bente. For ho har det overordna vore at dei må ha det bra. Eit universitet er ikkje noko universitet utan studentane. I 2011 vart Bente utnemnt til riddar av Studentersamfunnet i Bergen.

– Kva eg har betydd for studentane veit eg ikkje, men dei har betydd veldig mykje for meg. Dei har gjeve meg oppmuntring, klapp på skuldra og dei har vore opne. Eg følt meg så heime med studentane og eg vil så gjerne at dei tenkjer tilbake på tida her på UiB med glede når dei er ferdige å studere.

Etter mange år ved på same arbeidsplass har sjølvsagt Bente nokre tankar om UiB. Både korleis det var, korleis det er og korleis det kan bli.

– Universitetet i dag er mykje meir straumlinjeforma enn det var då eg byrja. Det er atskillig fleire tilsette både administrativt og vitskapeleg. Dette byråkratiet og dette skjemaveldet… Vi skal ikkje ta telefonar, vi skal ikkje snakke med folk. Vi skal berre fylle ut eit skjema og sende det vidare. Det bekymrar meg alvorleg. Vi får ikkje kontakta med dei i andre enden. Eg veit ikkje om det er til det beste for universitetet, eller samfunnet for den saks skyld, men no er eg langt meir interessert i menneske enn i papir.

– Kva ville du råda UiB til?

–Ikkje gløym at det er menneska som er det viktigaste. Det er menneska som jobbar her, studentar og tilsette, som er dei viktigaste. Får du dei til å fungere, helst saman, så har eg veldig tru på at ting blir bra. Personleg er eg heller ikkje så begeistra for at meir og meir av undervisninga skal skje på nettet. Kva skjer då med kontakta mellom lærar og elev?

Men det er ikkje berre tankar for framtida til UiB som opptek ho denne dagen. Ho veit at i morgon på denne tida skal ho høgtidleg takkast av, i Knut Fægris hus, som ho kjenner så godt.

–Herlighet. Ja, no har eg mista kontrollen! No har eg ikkje noko eg skulle sagt. Eg anar ikkje kva som kjem til å skje og det gjer meg litt uroleg. Eg er kanskje litt kontrollfrik. Men eg har bede om at folk som har betydd noko for min kvardag her på universitetet vert invitert, og det trur eg dei har blitt.

(Artikkelen held fram under biletet)

Knut Fægris hus fylt av menneske som har gjort noko positivt for kvardagen til Bente igjennom alle åra hennar på universitetet. Bente sjølv i midten.

– Det er veldig overveldande
Det blei dei.
Tilbake til dagen i dag og til Knut Fægris hus. Her har det kome folk frå alle delar av universitetsmiljøet for å takke for det Bente har betydd. For universitetet, for studentane og for sine kollegaer.

– Ja, då var vi her. Då var dagen komen, seier Bente og deler ut klem på klem til dei frammøtte.

Ho ser seg rundt i lokale som er pynta med blå lys og serviettar. Vakker musikk strøymer frå eit piano og praten går livleg blant alle dei som er komne.

– Det er veldig overveldande. Imponerande og kjempeflott.

– Du har god erfaring med arrangement i dette huset. Kunne du gjort dette betre sjølv?

– Nei, ikkje i det heile. Det er heilt vedunderleg, men eg veit ikkje heilt om eg likar at kollegaene mine overgår meg, seier ho og bryt ut i ein rungande latter som fyller entreen i det ærverdige, gamle huset.

På borda står ulike typar tapas, glasa som klirrar og skålar er fylt med prosecco og dei som er tilstade er desse menneska som Bente sjølv har plukka. Menneske som har vore med på å gjere ein positiv forskjell i kvardagen hennar, som ho sjølv seier.

– Eg må seie at eg synes det er imponerande at universitetet steller i stand dette for ei enkel dame som meg.

– Men det syner kanskje at dei har sett litt pris på deg og det du har gjort?

– Ja, det gjer kanskje det, men eg har jo ikkje berre vore enkel å ha med å gjere. Eg har jo ikkje det. Eg er veldig tydeleg og har eit kjempetydeleg kroppsspråk. Det har eg i alle fall blitt fortalt. Den tidlegare prorektoren sa til meg; <<Bente, du behøver ikkje seie noko som helst. Eg ser på heile deg om det er noko du likar eller ikkje>>.

Folk som har kome leverar stadig nye klemmar og godord. Det er ingen tvil i at den tidlegare prorektoren hadde rett. Bente viser mykje med kroppsspråket, også i dag, og det syner tydeleg stor takksemd og glede.