Johan Fredrik Odfjell meiner at det ikkje berre er dei administrativt tilsette som må vera med på ei effektivisering. Foto: Hilde Kristin Strand
Johan Fredrik Odfjell meiner at det ikkje berre er dei administrativt tilsette som må vera med på ei effektivisering. Foto: Hilde Kristin Strand

Vil ikkje berre kutta i administrasjonen

Publisert

Johan Fredrik Odfjell meiner at eit effektiviseringskutt ikkje berre bør råka dei administrativt tilsette, men at ein òg bør sjå på dei med vitskapelege stillingar.

– Eg reagerer kraftig på at dette kun gjeld administrasjonen. Då eg jobba med store forskingsprosjekt, særleg innan medisin, var me opptekne av å jobba mest mogleg effektivt. Det kan sjå ut som om det rår ei «ikkje rør oss»-haldning. Men eg meiner ein har noko å gå på òg blant vitskapelege stillingar.

– Eg reknar med at det låg ei effektivisering inne i organisasjonsutviklingsprojektet, sa Synnøve Myhre. Ho etterlyste fleire tal i saksutgreiinga. Foto: Hilde Kristin Strand
– Eg reknar med at det låg ei effektivisering inne i organisasjonsutviklingsprojektet, sa Synnøve Myhre. Ho etterlyste fleire tal i saksutgreiinga. Foto: Hilde Kristin Strand

Det sa Johan Fredrik Odfjell, som er ekstern representant, då universitetsstyret handsama saka med tittelen «En effektiv administrasjon». Utgangspunktet er, som På Høyden tidlegare har skrive, eit effektiviseringskutt som gjer at UiB må spara om lag 60 millionar kroner.

– Saka er ikkje tungt konkluderande no. Me må ha ein strategi for korleis me skal handtera dette, og me inviterer med representantar frå alle nivå, sa universitetsdirektør Kjell Bernstrøm.

– Institutta får eit ostehøvelkutt kvart år, sa professor og instituttleiar Petter Bjørstad. Foto: Hilde Kristin Strand
– Institutta får eit ostehøvelkutt kvart år, sa professor og instituttleiar Petter Bjørstad. Foto: Hilde Kristin Strand

– Kva gjer dei 400?
Odfjell fekk støtte frå Petter Bjørstad. Han møtte som vara for Peter Haugan. Bjørstad er professor og instituttleiar ved Institutt for informatikk.

– Denne saka må som utgangspunkt ikkje verta vitskapeleg tilsette kontra administrativt tilsette. Det er veldig uheldig å setja desse gruppene opp mot kvarandre, sa Bjørstad.

Han følgde opp:

– På den administrative sida er det slik at dette universitetet har 400 administrativt tilsette sentralt. På grunnivået er det forbløffande lite informasjon om og forståing for kva desse menneska gjer på. Kva gjer alle desse menneska me ikkje kommuniserer med? Det er berre eit par gongar i året eg har kontakt med dei. Det er bra, for då får me gjort det me gjer, sa Bjørstad.

Han åtvara mot ei haldning om at nye oppgåver automatisk betyr at ein kan tilsetja nye menneske som skal gjera noko nytt, medan dei som har vore tilsett frå før skal gjera det dei alltid har gjort.

– Institusjonen har vore van med at ein kan tilsetja nye menneske når det kjem nye oppgåver. UiB har eigentleg hatt vekst heilt tilbake til 1946, sa universitetsdirektør Kjell Bernstrøm.

Ville hatt fleire tal
– Eg kjenner at eg vert varm når eg snakkar om dette, sa Synnøve Myhre.

Ho representerer dei teknisk-administrativt tilsette og er administrasjonssjef på Institutt for biologi.

Myhre etterlyste fleire tal i saksframlegget, særleg eit forholdstal mellom administrativt og vitskapeleg tilsette. Ho understreka òg at ho synest det er viktig at heile organisasjonen vert teken med i den vidare prosessen.

– Eg synest tittelen på saka, «effektiv administrasjon» er degraderande. «Profesjonell administrasjon» er betre, sa Myhre.

Ho meiner òg at ein må sjå på den tekniske staben når det skal effektiviserast.

– Det er mange som er tilsett i tekniske stillingar som gjer administrative oppgåver.

Styret vedtok forslaget til vedtak: «Styret tar oppfølging av arbeidet med effektiv administrasjon til orientering. Styret legger til grunn at UiB som en arbeidsgiver – så langt som mulig løser eventuell overtallighet innenfor UiB og i henhold til lov og avtaleverk». Saka legg opp til at styret skal verta orientert undervegs i prosessen.