På laurdag skjer det igjen. Slik såg det ut då Houses of Parliament gjekk i svart under Earth Hour i 2015. Foto: Getty Images/Earthhour.org
På laurdag skjer det igjen. Slik såg det ut då Houses of Parliament gjekk i svart under Earth Hour i 2015. Foto: Getty Images/Earthhour.org

Sløkk lyset før du tek helg

Laurdag skal verda mørkleggjast for åttande gong. UiB deltek også i aksjonen Earth Hour.

Om lag ein milliard menneske verda over er venta å spare på straumen laurdag 19. mars i timen mellom 20.30 og 21.30.

Dette gjer Earth Hour til den største klimaaksjonen på verdsbasis. Earth Hour vert arrangert for åttande gong.

Tidlegare har UiB også mørlagd hele Realfagbygget, Allegaten 55, Studentsenteret, Juridisk fakultet, HF-bygget og Sydneshaugen skole.

Nokas vil gå ei runde på UiB og sjekke at alle overflødige lys er slått av. Studentar og tilsette kan hjelpe dei med å sløkkje lyset i alle rom før ein tek helg fredag ettermiddag.