UiB har redusert bruken av drosje betalt med særskilde kort dei siste åra. Foto: Paul-Erik Lillholm
UiB har redusert bruken av drosje betalt med særskilde kort dei siste åra. Foto: Paul-Erik Lillholm

Bruker mindre drosjekort på UiB

Ved Universitetet i Bergen har overdriven bruk av drosjekort aldri vore noko problem, meiner universitetsdirektøren. - Vi har knapt elitar, men skal likevel hundse dei vi har, seier professor Iver B. Neumann.

Published   Updated

Professor Nils Chr. Stenseth har brukt ein halv million på drosje dei tre siste åra, og Riksrevisjonen har varsla at dei vil sjå på kontrollrutinene til Universitetet i Oslo. Det var VG som først skreiv om dette.

Men på UiB viser drosjebruken ein minkande tendens dei siste fem åra: Frå ein topp på 140 109 kroner i 2015 blei det i fjor brukt 110 058 kroner på drosje betalt med eit av drosjekorta UiB har.

UiO vil endre

Tilsaman har UiB brukt 633 000 kroner på drosje betalt med særskilde drosjekort dei siste fem åra.

VG skreiv søndag at Universitetet i Oslo har brukt 6,6 millionar kroner på drosje betalt med drosjekort frå og med 2015 til og med 2018.

– Det er for tidleg å konkludere no, men det er tydeleg at vi ikkje kan fortsetje som vi har gjort. Om det tyder at vi går heilt bort frå bruk av taxi-kort eller gjer andre endringar må vi komme tilbake til, seier UiO-direktør Arne Benjaminsen til VG.

Arva drosjekortet

Hans kollega i Bergen, Kjell Bernstrøm, er på langt nær like uroleg over drosjebruken. Men så har bruken ved UiB vore langt meir avgrensa: Universitetet i Bergen disponerer maksimalt 17 kort, mens UiO har opptil 259 kort i omløp.

– Bruken av drosjekort har aldri vore noko problem, fortel Bernstrøm til På Høyden.

Korta rektors kontor disponerer har vore brukt til opptil 50-60 000 kroner dei fire siste åra, men desse blir og brukt til fellestransportar for fleire i staben.

– Berre universitetsdirektøren og rektor har personlege kort. Sjølv har eg arva mitt etter forgjengaren min, seier Bernstrøm.

Som tidlegare økonomidirektør er han sjølvsagt klar over at reiserekningar er noko som kan misbrukast.

– Det hender, men svært sjeldan. Eg har jobba her i 22 år, og eg kan telje dei tilfella der det er store avvik på éi hand, seier han.

Fare for dobbelfakturering

— Vi har ei rekke innebygde kontrollmekanismar i systema som tek hand om reiserekningar. Desse stoppar nok mange feil. Men dei avvika som har gått gjennom handlar til dømes om dobbeltfakturering, der ein person sendar rekning til to ulike institusjonar, eller misbruk av bilag.

– Men det kjem ofte for dagen, for staten har system som oppdagar slikt, seier Bernstrøm.

Instituttdirektør Iver B. Neumann ved velferdsforskingsinstituttet Nova ved OsloMet har uttalt seg i saka om Stenseth, og gitt forskaren full støtte.

– Eg trur det berre er i Norge ei slik sak kunne vekke til dei grader mykje åtgaum. Vi er eit anti-elitistisk folk, og eg er i og for seg ikkje overraska. Om du ser på gini-koeffisienten for spreiinga i inntekt så er den historisk super-lav. Det finst få eller ingen land i verda som har ein så lav koeffisient, fortel samfunnsforskaren engasjert.

— Og likevel skal ein altså hundse dei få elitane vi har, held han fram.

Som i mellomkrigstida

– Kor langt skal ein gå med dette? Vi hadde ein periode i mellomkrigstida der ein skulle avskaffe alle elitar. Det gjekk jo ikkje så godt. Skal vi freiste å gjere dette igjen no? spør Neumann retorisk.

Han er ikkje overraska over at Riksrevisjonen har varsla at dei vil sjå på saka etter VG-artikkelen om Stenseth.

— Riksrevisjonen ser eitkvart snitt til å utvide makta si. Ein treng ikkje å kunne mykje organisasjonsteori og profesjonsteori for å forstå korfor. Så det forbausar meg overhovudet ikkje.

Kvart sekund er ei god investering

– Men er det ikkje noko å lære av saka?

– Jo. For det første bør vi ta ein liten runde med oss sjølv og spørje oss om dette er måten vi handsamar elitane våre på. Eg har i friskt minne førre gang pressa slo opp slike ting. Det var Johan Jørgen Holst, som blei hengt ut over ei framside fordi han flaug første klasse med fly. Eit par veker seinare låg han daud av utmatting. Men har pressa lært noko av dette? Nei. Det er ein grunn til at folk treng denne typen støtte, seier Neumann.

— Men kva om alle forskarar hadde køyrd drosje for hundretusenar?

— Det er eit godt kanteniansk spørsmål. Kva om alle hadde gjort det? Men Stenseth er ingen kven som helst. Kvart sekund han bruker på forsking er ei god investering for Norge og verda. Det er eit brot med god ressurstenking å skulle stikke kjeppar i hjula for han.

Bruk av drosjekort på UiB

20142 0152 0162 0172 018Sum
Fakulteta42 29931 20336 40739 15519 242168 306
Universitetsdirektør19 96537 52837 74624 18326 422145 844
Rektor72 50962 64450 09653 62956 667295 545
Sentraladministrasjonen2 5138 7347 3147 1507 72733 438
Tilsaman137 286140 109131 563114 117110 058633 133