Universitetet i Tromsø jobbar mykje med kursing av dei som skal vera rettleiarar, og meiner òg at å vera eit lite breiddeuniversitet er ein fordel. Berre knappe 2,5 prosent av dei som leverer doktorgrad ved UiT får avhandlinga underkjent. Foto: Ola Røe/UiT
Universitetet i Tromsø jobbar mykje med kursing av dei som skal vera rettleiarar, og meiner òg at å vera eit lite breiddeuniversitet er ein fordel. Berre knappe 2,5 prosent av dei som leverer doktorgrad ved UiT får avhandlinga underkjent. Foto: Ola Røe/UiT

Svært få underkjente i Tromsø og Trondheim

Publisert

NTNU og Universitetet i Tromsø har færre underkjente avhandlingar enn universiteta i Bergen og Oslo. I Tromsø trur ein to rettleiarar til alle og forskargrupper er noko av forklaringa.

I 2013 var det berre 2,45 prosent av dei innleverte avhandlingane som enda opp med å ikkje verta godkjente for disputas ved Universitetet i Tromsø.

Forskingsdirektør ved UiT, Pål Vegar Storeheier, ønskjer at ph.d.-ane skal koma gjennom forskarutdanninga med godkjent disputas. Men dei skal ikkje koma gjennom uansett kvalitet. Foto: Torben Kvil Gamst/UiT
Forskingsdirektør ved UiT, Pål Vegar Storeheier, ønskjer at ph.d.-ane skal koma gjennom forskarutdanninga med godkjent disputas. Men dei skal ikkje koma gjennom uansett kvalitet. Foto: Torben Kvil Gamst/UiT

På Høyden har den siste tida skrive fleire saker om underkjenning av doktorgrader. I tillegg til å samla inn tal frå dei ulike fakulteta ved UiB, har redaksjonen òg fått tal frå Universitetet i Oslo, Universitetet i Tromsø og NTNU i Trondheim. Ikkje alle ville gi tal for dei ulike fakulteta, og På Høyden får òg opplyst at tala ikkje er hundre prosent vasstette. Men tendensen er klår: UiT og NTNU har færre underkjente grader enn UiB og UiO.

Populært kurs
– Me har krav om at alle stipendiatane skal ha to rettleiarar, seier Pål Vegar Storeheier.

Ragnhild Lofthus jobbar med forskarutdanning ved NTNU. Under tre prosent av avhandlingane vert underkjente, og Lofthus seier at leiinga vil sjå på utviklinga. Foto: Mentz Indergaard/NTNU
Ragnhild Lofthus jobbar med forskarutdanning ved NTNU. Under tre prosent av avhandlingane vert underkjente, og Lofthus seier at leiinga vil sjå på utviklinga. Foto: Mentz Indergaard/NTNU

Han er forskingsdirektør ved Universitetet i Tromsø.

Storeheier seier at kravet om to rettleiarar er gjort for å sikra at forskarar med ulik kompetanse tek del i doktorgradsarbeidet. I tillegg har universitetet fokus på både forskarskule og forskingsgrupper.

Underkjente doktorgrader ved norske universitet

Rapporteringa ved dei ulike universiteta varierer noko. 2014-tala er mest usikre, men NTNU kunne heller ikkje gi sikre tal for 2013. Ikkje alle universiteta ville oppgi tal på fakultetsnivå. Talmaterialet byggjer difor på samletal frå kvar enkelt institusjon.

UiB:
2011: 5,1 %
2012: 5,8 %
2013: 6,69 %
2014: 4,5 %

UiO:
2012: 6,4 %
2013: 5,4 %

UiT:
2012: 3,5 %
2013: 2,45 %
2014: 3,4 %

NTNU:
2011: 2,6 %
2012: 2,6 %

– Forskingsgrupper er noko me har jobba mykje med, og no har me det ved alle fakultet. Universitetet i Tromsø er eit breiddeuniversitet, men me er eit lite breiddeuniversitet. Det gjer nok at det vert tett kontakt mellom forskarar og stipendiatar, trur Storeheier.

Ved Universitetet i Tromsø vert det òg satsa på opplæring av dei som skal vera rettleiarar.

Ph.d.-reglement

UHR sin rettleiar:
«Bedømmelseskomiteen kan på grunnlag av den innleverte avhandlingen og eventuelt tilleggsmateriale, jf. § 14.1, anbefale at institusjonen gir tillatelse til mindre omarbeiding før endelig innstilling foreligger. Komiteen skal gi en konkret oversikt over hva kandidaten må omarbeide i skriftlig form. Tillater institusjonen en mindre omarbeiding av avhandlingen, skal det gis en frist for slik omarbeiding som normalt ikke skal være lengre enn tre (3) måneder»

UiO:
«Bedømmelseskomiteen kan på grunnlag av den innleverte avhandlingen og eventuelt tilleggsmateriale, jf. § 14.1, anbefale at fakultetet gir tillatelse til mindre omarbeiding før endelig innstilling foreligger. Komiteen skal gi en konkret oversikt over hva kandidaten må omarbeide.

Fakultetet selv beslutter om kandidaten skal gis anledning til å omarbeide.

Tillater fakultetet mindre omarbeiding av avhandlingen, skal det gis en frist for slik omarbeiding som ikke skal være lengre enn 6 måneder»

UiB:
«En avhandling som ikke godkjennes for disputas, kan innleveres i omarbeidet utgave først seks (6) måneder etter at institusjonen har vedtatt dette. Ny bedømmelse kan bare finne sted én gang.»

UiT:
«Komiteen kan anbefala at fakultetet gir høve til ei mindre omarbeiding før endeleg innstilling vert vedteken. Komiteen skal i slike tilfelle gi ei konkret, skriftleg, oversikt over kva kandidaten må omarbeida.

Dersom fakultete tek tilrådinga til følgje, skal studenten få ein frist for omarbeiding. Fristen skal normlt ikkje vera lengre enn tre (3) månader. Det skal også fastsetjast ein ny frist for komiteen si endelige innstilling. Kandidaten kan ikkje klaga over eit vedtak om høve til omarbeiding.»

NTNU:
«Bedømmelseskomiteen kan på grunnlag av den innleverte avhandlingen og eventuelt tilleggsmateriale, jf. § 15-1, anbefale at fakultetet gir tillatelse til mindre omarbeiding før endelig innstilling foreligger. Komiteen skal gi en konkret oversikt i skriftlig form over hva kandidaten må omarbeide.

Tillater fakultetet en mindre omarbeiding av avhandlingen, skal det gis en frist for slik omarbeiding som normalt ikke skal være lengre enn tre (3) måneder. Det skal også fastsettes en ny frist for oversendelse av komiteens endelige innstilling. Fakultets vedtak etter denne paragrafen kan ikke påklages av ph.d.-kandidaten.»

 

Kjelde: Dei ulike institusjonane sine ph.d-regelverk

– Me har eit eige kurs i rettleiing, etter modell frå Universitetet i Umeå, som me samarbeider med. Røynslene frå Umeå er at dette kurset vart så populært at dei no har gjort det obligatorisk. Me har hatt kurset i to år, og det vert fullteikna med ein gong, seier Storeheier om kurset som har plass til tjue kvart semester.

2,6 prosent underkjente
Dei siste åra har UiT hatt i overkant av hundre disputasar kvart år. Ingen av åra har meir enn fire kandidatar fått avhandlinga si underkjent. NTNU har tre gongar så mange disputasar, men berre om lag ti kandidatar har fått underkjent kvart år.

Underkjenning

I denne artikkelserien ser På Høyden nærare på underkjente doktorgrader. Underkjente doktorgrader er avhandlingar som vert levert inn, men som ikkje vert funne gode nok. Etter ei underkjenning, vil kandidaten i mange tilfelle kunne levera på nytt. Nokre gjer det, og kjem då gjennom nålauga.

Artikkelserien ser på mange sider ved underkjenning. Dette er den sjette artikkelen i serien.

Tala viser at om lag 2,6 prosent av avhandlingane ved NTNU vert underkjente. Ragnhild Lofthus, som er koordinator og seniorrådgivar i rektor sin forskingsstab,  seier at universitetet har ei ordning der alle ph.d.-ar skal ha to rettleiarar. Mange av stipendiatane er òg med i forskargrupper, saman med både andre stipendiatar og røynde forskarar.

– Då får ein rettleiing frå heile gruppa undervegs. Det er klart at det har mykje å seia å vera del i ei forskargruppe som i tillegg ofte er ein del av eit internasjonalt nettverk, seier Lofthus.

Anne Lise Fimreite, prorektor ved UiB, har tidlegare sagt at forma på avhandlinga kan ha noko å seia for underkjenning. Lofthus trur det kan vera rett.

– Her ved NTNU har me jobba mykje med å få artikkelbaserte avhandlingar, og hos oss går òg dei humanistisk og dei samfunnsvitskapelege faga òg meir og meir over til doktorgrader basert på artiklar. I mange tilfelle er ein eller fleire av artiklane allereie publiserte før avhandlinga er levert. Då veit ein at ein er på rett veg, seier ho.

– Med ein monografi, som først er ferdig etter fleire år, legg ein hovudet meir på blokka, legg ho til.

Kan gi ekstra tid
Både Universitetet i Oslo, NTNU og UiT brukar i ulik grad Universitets-og høgskolerådet (UHR) sine «veiledende retninglinjer for graden philosophiae doctor (ph.d.)». Her vert det opna for at dei ulike institusjonane kan gi løyve til ei mindre omarbeiding av avhandlinga før endeleg innstilling vert gitt. Det heiter at komiteen skal gi ei konkret oversikt over kva kandidaten må gjera om, og institusjonen skal gi ein frist for slik omarbeiding. Fristen bør ikkje vera lenger enn tre månader.

– Ein av grunnane til at denne paragrafen kom med i UHR si rettleiande forskrift, skal vera av omsyn til harmonisering mot andre land. I fleire andre land er det slik at den sakkunnige komiteen kjem inn på slutten av arbeidet og gir kandidaten konkrete tilbakemeldingar, seier Storeheier.

Han seier at paragrafen ikkje er mykje i bruk ved UiT, og dersom han vert brukt, gjeld det i hovudsak dr. philos.

– Den vanlege forskarutdanninga er meir kvalitetssikra undervegs. Dr. philos-ordninga er jo ei doktorgrad utan rettleiing undervegs, og kandidatane har altså ikkje den same kvalitetssikringa, seier Storeheier.

Men i nokre tilfelle er det også ph.d.-ar som får høve til å gjera om på arbeidet sitt før det vert levert inn.

– Dei fleste avhandlingane er basert på artiklar, og dei er ofte godkjende. Difor er det gjerne ting i kappa som vert peika på, seier Storeheier.

Han viser til to døme. I eitt tilfelle meinte komiteen at innleiinga var for omfattande og med for stort fokus på forhold artiklane ikkje omtalte. I eit anna tilfelle meinte komiteen at kandidaten ikkje hadde vurdert alle alternativ.

– Tidlegare kunne kandidatane få opp til seks månader ekstra. No er det tre, seier Storeheier.

UiB tillet ikkje
UiO tillet omarbeiding i inntil seks månader. I 2012 var det 35 av dei godt over 500 avhandlingane som vart sendt til omarbeiding. 34 enda med disputas. På Høyden har fått tilsendt kommentarar frå nokre av fakulteta ved UiO. Ved Det samfunnsvitskapelege fakultetet får kandidatane beskjed om kva som er anbefalt å gjera om på. Det er fakultetet sitt ansvar at komiteen kjem med ei klår og tydeleg oversikt over dei punkta kandidaten bør gjera om på, men det er opp til kandidaten sjølv å gjera endringane.

I NTNU si doktorgradsforskrift frå 2012 er det ein paragraf som gir kandidaten moglegheit til ei mindre omarbeiding i løpet av tre månader. Dette vert ikkje rekna som underkjenning. Avhandlinga vert underkjent når det er store manglar på henne, og då kan kandidaten levera inn på ny etter minimum seks månader.

– Når det gjeld kven som gjer ei mindre omarbeiding og kven som får underkjenning, er talmaterialet vårt førebels ganske tynt. Men me vil følgja med på utviklinga, seier Lofthus.

Universitetet i Bergen har valt å ikkje nytta UHR sin rettleiar. Prorektor Anne Lise Fimreite seier til På Høyden at punktet i rettleiinga har vorte nøye diskutert.

– Grunnen til at me ikkje tok han med då regelverket vart revidert, var ei redsle for at det ville føra til eit krav om «den perfekte avhandlinga». Forskingsutvalet meinte at dei rettingane ein kan gjera i løpet av så kort tid, bør vera noko ein kan ta på disputasen. Utvalet meinte at ei moglegheit til å utsetja ikkje ville vera ei hjelp for å få fleire gjennom, snarare kunne ein tenkja at ein ville få fleire avvisingar med kort, ny innleveringsfrist, seier Fimreite.

– Skal ikkje gjennom uansett kvalitet
Fimreite har tidlegare sagt at ikkje avhandlingar skal verta godkjende.

– Det er eit mål at alle skal koma seg gjennom forskarutdanninga. Men alle gjer ikkje det, seier Storeheier.

– Det eine er dei som får underkjent. Men det er òg ein del som gjer seg undervegs. Det er nok ulike grunnar til det, men å ta doktorgrad er ikkje for alle.

Forskingsdirektøren seier at sjølv om målet er at alle skal få godkjent avhandlingane sine og koma til disputas, er det ikkje alt som vert levert inn som er godt nok til å koma gjennom.

– Rettleiarane legg mykje prestisje i kandidatane. Ei underkjenning handlar om deira rykte, og dei strekkjer seg langt for å få kandidatane gjennom, seier Storeheier.

Òg ved NTNU er målet at kandidatane skal koma gjennom. Men ikkje uansett.

– Me ønskjer i utgangspunktet at alle skal koma gjennom. Men me er ikkje interesserte i at dei skal koma gjennom med noko som har dårleg kvalitet. Ei doktorgrad skal ha internasjonal kvalitet. Dersom kandidatane ikkje kjem dit, skal dei ikkje koma gjennom, seier Lofthus.

Ho seier at ein ting er dei som får underkjent avhandlinga si. Ein annan ting er dei som aldri leverer noko avhandling.

– Me ser at det er utfordringar knytt til både gjennomføringstid og slutting. Me veit veldig lite om kven som hoppar av doktorgradsløpet og kvifor dei gjer det. Universitetet investerer mykje i kandidatane, så me lurer på kva det er som gjer at nokon vel å hoppa av.