350 000 kroner for kvar kandidat er det UiB taper i kroner og øre dersom avhandlinga ikkje vert godkjent. På den andre sida har kandidaten ofte både hatt undervisning og vore del av eit fagmiljø. – Uansett er ei underkjenning verst for kandidaten, seier prorektor Anne Lise Fimreite. Arkivfoto: Paul-Erik Rosenbaum
350 000 kroner for kvar kandidat er det UiB taper i kroner og øre dersom avhandlinga ikkje vert godkjent. På den andre sida har kandidaten ofte både hatt undervisning og vore del av eit fagmiljø. – Uansett er ei underkjenning verst for kandidaten, seier prorektor Anne Lise Fimreite. Arkivfoto: Paul-Erik Rosenbaum

Kva taper ein når nokon ikkje kjem gjennom?

Publisert

UiB taper 350 000 kroner for kvar ph.d. som ikkje får godkjent avhandlinga si. Men taper ein noko meir?

Ein ph.d. har løn i tre eller fire år. Nokre er tilsett ved UiB, andre er løna av eksterne. Universitetet får RBO-midlar på 350 000 kroner for kvar kandidat som disputerer. Med andre ord misser UiB desse pengane dersom ein kandidat ikkje kjem gjennom nålauga.

Underkjenning

I denne artikkelserien ser På Høyden nærare på underkjente doktorgrader. Underkjente doktorgrader er avhandlingar som vert levert inn, men som ikkje vert funne gode nok. Etter ei underkjenning, vil kandidaten i mange tilfelle kunne levera på nytt. Nokre gjer det, og kjem då gjennom nålauga.

Artikkelserien ser på mange sider ved underkjenning. Dette er den sjette artikkelen i serien.

I 2010 var det 24 avhandlingar som ikkje vart godkjente for disputas. Dei tre neste åra var tala 13, 16 og 22.

– Det eine er det institusjonen taper i den resultatbaserte finansieringa. Me taper òg hjernekraft. Men uansett er underkjenninga verst for den enkelte kandidaten, meiner prorektor Anne Lise Fimreite.

– Set inn tiltak
Før helga fortalde Ann-Kristin Molde om korleis det var å få underkjent avhandlinga si. Ho leverte for snart halvanna år sidan, og seier at ho sjølv har teke kontakt med fagmiljøet for å få hjelp til å koma vidare.

– Når ein kandidat får underkjent avhandlinga si, set både fagmiljøet og instituttet inn tiltak, seier Johan Myking, som er insittuttleiar ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium.

– Det er eit større miljø som då tek ansvar, og ein sikrar seg at fleire engasjerer seg, seier Myking.

Han seier at han ser at fagmiljøa gjer ein innsats på dugnad for å hjelpa kandidaten i mål.

– Så kan ein sjølvsagt stilla spørsmål ved kvifor det ikkje har skjedd tidlegare i prosessen, legg han til.

– Er det fagmiljøet eller dei enkelte kandidatane som opprettar kontakt?

– Begge deler skjer nok, seier Myking.

Sidan 2010 har fem ph.d.-ar ved LLE fått underkjent avhandlingane sine. Ein av dei har allereie disputert. Dei andre er i større eller mindre grad i gang igjen med arbeidet, og instituttleiaren håpar at alle skal koma i mål.

– Når det gjeld det tekniske og praktiske, så ordnar me det, legg han til.

– Bør ha møte
Prorektor Fimreite seier at institusjonen skal vera obs på det ansvaret ein har når ein kandidat ikkje får avhandlinga si godkjent.

– Mange får nok ein knekk. Kandidaten bør ha eit møte med rettleiar når ein har fått beskjed om at avhandlinga ikkje er godkjent. Kanskje bør dette møtet ikkje vera den første veka, men heller ikkje altfor lenge etterpå. Ein skal likevel òg respektera at nokre av kandidatane gjerne vil ha eit halvt år vekke frå avhandlinga før dei tek oppatt arbeidet, seier Fimreite.

I motsetnad til dr.philos-ordninga, der kandidatane sjølve leverer når dei meiner dei er klare til det, opplever nok ph.d.-ane ein tidsfrist. Dei får løn i ein gitt periode, og kan ikkje utan vidare rekna med at dei kan bruka mykje lenger tid enn det.

– Då eg var prodekan på SV, sendte me brev eit halvt år etter at kandidatane skulle vore ferdige der me vennleg spurte om og når dei hadde tenkt å verta ferdige, seier Fimreite.

Dersom kandidatane ikkje viser til progresjon og planar for vidare arbeid som er godkjent av rettleiar, kan dei verta skrivne ut av ph.d.-programmet.

Ser på oppfølging
Som På Høyden skreiv i førre veke, har Det samfunnsvitskapelege fakultetet sett i gang tiltak etter at dei har hatt mange underkjenningar dei siste åra. Eit av tiltaka er å sjå på kva oppfølging dei som får beskjed om at arbeidet deira ikkje er godt nok får.

– I dag er det slik at komiteen si innstilling går til fakultetet og dekanen. Deretter vert instituttleiar varsla. Så varierer det kva for opplegg som vert sett i gang rundt kandidaten, seier prodekan Annelin Eriksen.

Ho er oppteken av at stipendiatane ikkje skal kjenna seg åleine etter ei underkjenning.

– Det er viktig at me har eit opplegg rundt dei. Me ser at dei aller fleste kjem gjennom dersom dei leverer avhandlinga for andre gong.

– Bør alle koma seg gjennom?

– Ideelt sett bør dei det. I Noreg har stipendiatane gode arbeidsvilkår og eit godt oppfølgingssystem rundt seg. Utdanningsinstitusjonane får gode søkjarar. Det ligg altså til rette for at alle skal klara det. Men samstundes har ein eit kvalitetssikringssystem, og det hadde vore rart om alle arbeid alltid vert godkjent, seier Eriksen.