Det er ikkje berre ph.d.-kandidaten som tek det tungt dersom ei avhandling vert underkjent. – Det er eit slag for rettleiar, seier professor og instituttleiar Johan Myking.
Det er ikkje berre ph.d.-kandidaten som tek det tungt dersom ei avhandling vert underkjent. – Det er eit slag for rettleiar, seier professor og instituttleiar Johan Myking.

– Det største ansvaret har ein sjølv

Publisert

– For ein rettleiar svir det dersom doktorgradskandidaten får underkjent arbeidet sitt, seier instituttleiar Johan Myking.

Lista over kva ein rettleiar har ansvar for når han eller ho rettleiar ein ph.d.-stipendiat på veg mot ferdig doktorgrad, er lang. Rettleiaren skal mellom anna gi rådgiving og rettleiing av høg kvalitet, gi konstruktiv kritikk og tilbakemelding, hjelpa til med å finna relevant litteratur og datakjelder, og passa på at prosjektet er godkjent i forhold til etiske regelverk.

Prorektor og professor Anne Lise Fimreite har rettleia mange ph.d.-ar. Ho har òg delteke på rettleiarkurs. No vil UiB kartlegga kva opplæring rettleiarane får. Arkivfoto: Ida W. Bergstrøm
Prorektor og professor Anne Lise Fimreite har rettleia mange ph.d.-ar. Ho har òg delteke på rettleiarkurs. No vil UiB kartlegga kva opplæring rettleiarane får. Arkivfoto: Ida W. Bergstrøm

På Høyden har dei siste dagane skrive fleire saker om underkjente doktorgradsarbeid. Fleire av dei På Høyden har snakka med, har vore innom kva ansvar rettleiarane har.

Johan Myking, instituttleiar ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium, sa at instituttet no har fått på plass ein forskarutdanningskoordinator. Han meiner òg at midtvegsevalueringa, som alle ph.d.-ar skal ha, er ein god ting.

Underkjenning

I denne artikkelserien ser På Høyden nærare på underkjente doktorgrader. Underkjente doktorgrader er avhandlingar som vert levert inn, men som ikkje vert funne gode nok. Etter ei underkjenning, vil kandidaten i mange tilfelle kunne levera på nytt. Nokre gjer det, og kjem då gjennom nålauga.

Artikkelserien ser på mange sider ved underkjenning. Dette er den sjette artikkelen i serien.

– Det er nok slik at systemet for rettleiing ikkje alltid har vore godt nok. Det trur eg er noko alle fagmiljø må ta til seg, seier han.

Vil kartlegga
Men sjølv om rettleiar har eit ansvar, og sjølv om ho eller han vanlegvis skal gi eit godkjentstempel på avhandlinga før ho vert levert inn, er det kandidaten sjølv som tar den endelege avgjerda.

– Det er stipendiaten sjølv som er ansvarleg. Dersom han ønskjer å levera inn avhandlinga, kan ikkje rettleiar nekta, seier Myking.

– Det største ansvaret har nok kandidaten sjølv, seier prorektor Anne Lise Fimreite.

– Ein skal levera eit originalt forskingsarbeid, legg ho til.

I UiB sine forskarutdanningsmeldingar for både 2012 og 2013 vert det peika på at opplæring av rettleiarar er viktig. Fleire av fakulteta nemner dette, og seier at det er behov for å auka kompetansen på rettleiing. I forskingsutvalet sitt møte i går vart rettleiaropplæring drøfta. Det same har vore tema før, og då har det mellom anna vorte peika på at ein treng ei samordning mellom fakultetsbaserte og sentrale kurs. I går vart det vedteke ei kartlegging av kva tilbod i rettleiaropplæring som finst, både på fakultet- og instituttnivå.

SV: Alle skal ha to
Det samfunnsvitskaplege fakultetet skriv i forskarutdanningsmeldinga for 2013 at rettleiinga har vorte styrka etter at det vart innført som norm at alle stipendiatar skal ha minst to rettleiarar. Men samstundes peikar fakultetet på følgjande problemstilling: Er rettleiarane tilstrekkeleg involvert i avhandlinga? Dette spørsmålet vart stilt etter at fakultetet hadde mange underkjenningar i 2013.  I 2014 var talet òg høgt.

– Hos oss skal alle ph.d.-ar no ha to rettleiarar. I forskarutdanningsforumet ved fakultetet diskuterer me korleis det kan gjerast på beste måte, og me utvekslar erfaringar, seier Annelin Eriksen.

Ho er prodekan ved Det samfunnsvitskapelege fakultetet.

Eriksen seier at korleis rettleiinga reint praktisk går føre seg med to rettleiarar, vil variera frå kandidat til kandidat.

– Nokre kandidatar kan ha felles rettleiing med begge rettleiarane, andre har ein rettleiar som les tekst og ein som er meir ein samtalepartnarar, andre brukar hovudrettleiaren gjennom heile løpet, medan birettleiaren kjem inn på slutten. Poenget er uansett at fleire skal jobba tett med kandidaten, slik at ein unngår eit privatisert forhold mellom ein rettleiar og ein kandidat.

Djevelens advokat
– Opplæring av rettleiarar er noko som har vore drøfta i forskingsutvalet, seinast i fjor haust, seier Fimreite.

Ho har sjølv delteke på rettleiarkurs.

– Då vart det eg sa under rettleiinga teke opp på band. Det var eigentleg ganske skremmande å høyra seg sjølv, eg snakka og snakka og snakka, humrar ho.

– Kva skal ein rettleiar gjera?

– Når eg rettleiar, les eg gjennom teksten og peikar på det som ikkje er så bra og som kan verta betre. Ein rettleiar skal fungera som ein slags djevelens advokat. Elles kjem eg sjølvsagt med tips om konferansar ein bør reisa på, om relevant litteratur, om metode og om tolking, seier Fimreite, som er professor i administrasjon og organisasjonsvitskap.

Vil ikkje ha «snill» komité
I går peika Anne-Kristin Molde, som har fått underkjent avhandlinga si, på at det i nokre fag ikkje er sjølvsagt kva teoriar ein skal bruka. Ho stiller spørsmål ved om rettleiar bør vera i dialog med komiteen som skal dømma doktorgradsarbeidet, og ho peikar på at kamp om perspektiv i nokre tilfelle kan gå ut over kandidatane.

– Då eg disputerte sat rettleiar i komiteen. Det var ikkje bra. Det er, og skal vera, stor skilnad på mastergrad og doktorgrad, meiner Fimreite.

Ho seier at ho ikkje kan tenkja seg nokon annan måte å evaluera avhandlingar på enn at ein har ein sakkunnig komite.

– Når det gjeld kven som skal sitja i dei ulike komiteane, er det fagmiljøa som veit kven som har den rette kompetansen. Det er fakulteta sitt ansvar å passa på at habiliteten er i orden. Dei vil òg vita om eventuelle konflikter, seier Fimreite.

– Eg har høyrt snakk om underkjenningar på bakgrunn av usemja om teori. Det er ein lang debatt. Det går òg anekdoter om komitear som er i opposisjon til rettleiar, seier Myking.

Han seier at han er oppteken av at ein ikkje skal ha komitear som ein veit er «snille». Men samstundes skal ein heller ikkje setja saman komitear der ein eller fleire av medlemmene er på kjent kollisjonskurs med rettleiar.

– Ein komite skal vera kritisk og kompetent.

– Det betyr at ein til dømes ikkje vil velja komitemedlemmer som har vore i oppheta debatt med rettleiar i Morgenbladet?

– Det vil ein ikkje gjera med vitande og vilje. Det hadde vore uetisk, seier Myking.

– Tungt for rettleiar
På Høyden har gått gjennom komiteane sine evalueringar av underkjente avhandlingar dei siste tre åra. I nokre tilfelle er det kjende professorar som har vore rettleiarar, men kandidatane får slakt. Kva som har skjedd i dei einskilde sakene, er sjølvsagt vanskeleg å seia noko om.

– For rettleiar er det eit slag om kandidaten får underkjent avhandlinga si. Det svir. Ein investerer så mykje, både fagleg og på det menneskelege planet, så det kjennest ikkje greitt om doktorgradsarbeidet ikkje vert godkjent, seier Myking.

– Eg har ikkje sjølv opplevd at kandidatar eg har rettleia ikkje har fått arbeidet sitt godkjent. Men i dei sakene eg kjenner til, ser eg at rettleiar òg tek det tungt når avhandlinga vert underkjent. Ofte tek rettleiaren då ansvar og jobbar tett med kandidaten dersom han ønskjer å levera inn for andre gong, seier Eriksen.

– Kor mykje ansvar har rettleiar?

– Det er kandidaten sjølv som har det endelege ansvaret. Men det betyr ikkje at me som fagmiljø ikkje har eit institusjonelt ansvar, og at rettleiar òg har eit visst ansvar.