Ann-Kristin Molde leverte avhandlinga si ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium hausten 2012. Våren 2013 fekk ho beskjed om at arbeidet ikkje var godt nok for disputas. Ho har endå ikkje levert avhandlinga inn på nytt. Foto: Hilde Kristin Strand
Ann-Kristin Molde leverte avhandlinga si ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium hausten 2012. Våren 2013 fekk ho beskjed om at arbeidet ikkje var godt nok for disputas. Ho har endå ikkje levert avhandlinga inn på nytt. Foto: Hilde Kristin Strand

Ann-Kristin fekk ikkje godkjent

Publisert

Ann-Kristin Molde fekk underkjent doktorgradsarbeidet sitt for snart to år sidan. No har ho teke det fram igjen. – Eg trur det er eit slag for alle å få underkjent, seier ho.

– Eg vart overraska. Eg er jo van med å stå.

Underkjenning

I denne artikkelserien ser På Høyden nærare på underkjente doktorgrader. Underkjente doktorgrader er avhandlingar som vert levert inn, men som ikkje vert funne gode nok. Etter ei underkjenning, vil kandidaten i mange tilfelle kunne levera på nytt. Nokre gjer det, og kjem då gjennom nålauga.

Artikkelserien ser på mange sider ved underkjenning. Dette er den sjette artikkelen i serien.

Ann-Kristin Molde smiler skeivt.

I november 2012 leverte ho avhandlinga «Utflyttede østlandsbarn. Holder utflyttede østlandsbarn i Bergen mer på dialekten enn andre innflytterbarn, og i så fall hvorfor og med hvilke konsekvenser?».

Våren 2013 kom beskjeden: Avhandlinga vart underkjent.

Sjukdom og medisin
Det eine er at ho sjølv ikkje fekk godkjent si avhandling. Men Molde meiner at det er mange problem, eller sjukdommar som ho kallar det, knytt til livet som stipendiat. På Høyden har dei siste dagane skrive fleire saker om underkjenning av doktorgradsarbeid.

– Det er fleire sjukdommar her, og dei treng ulik medisin. For det første: Mange stipendiatar er ikkje godt nok integrert i forskingsmiljøet. For det andre: Det er vage kriterium knytt til kva som skal til for å få avhandlinga godkjent. Det burde vore klårare kva som er godt nok. Kvar skal grensa gå? Det verkar som om nokre miljø er strengare enn andre, seier Molde.

Ho stiller eit tredje spørsmål: Skal ein straumlinjeforma avhandlingane?

– Dersom kandidatane ikkje skal koma med nye perspektiv før etter ph.d., så har ein vore ved universitetet lenge, seier Molde.

Ho meiner at det er større risiko knytt til underkjenning dersom ein prøver på noko litt nytt.

– Ei eg kjenner rekna med å få avhandlinga godkjent, fordi ho ikkje hadde «teke sjansar og prøvd seg på noko nytt». Det stemte. Det var ingenting å ta henne på – men heller ikkje spesielt mykje å rosa. Er det dette ein ønskjer?

Orka ikkje meir
Molde seier at for hennar eigen del var innleveringa det ho kallar ei «slitenheitslevering». Ho var på overtid i forhold til finansieringsperioden, og orka rett og slett ikkje meir. Difor leverte ho utan rettleiaren si endelege godkjenning. 

– Rettleiaren min visste at det var nokre problem med avhandlinga, og eg hadde heller ikkje hatt den siste kvalitetssikringa. Men generelt er det jo slik at rettleiar les gjennom og gir avhandlinga eit godkjentstempel, seier Molde.

Ho stiller spørsmål ved kva som eigentleg skjer dersom rettleiar har sagt at arbeidet er godt nok, men komiteen vel å underkjenna.

– Er det då rettleiaren som er for overfladisk? Komiteen som er for streng og pirkete? Eller er det kritieria som er for uklåre?

Ho legg til:

– Det handlar neppe om kandidaten sin kompetanse.

Kva er relevant?
Molde meiner at det er eit problem i akademia at når nokon får underkjent eit arbeid, vert skulda lett lagt på det enkelte individet, ikkje minst på HF.

– Eg meiner til dømes at det er rettleiar sitt ansvar å passa på at kandidaten trekkjer inn stoff som er relevant. Men innan nokre fag, særleg på HF, er det ikkje semje i forskingsmiljøet om kva som er relevant, seier ho.

Molde seier vidare at i fag der ein ikkje brukar laboratorium eller gjer forsøk, men derimot studerer fenomen frå ulike perspektiv, er kampen om perspektiva ein del av debatten.

– Dersom ein trekkjer ein parallell til masternivå, så er rettleiaren der med i vurderingsprosessen. På ph.d-nivå har rettleiar ingenting han skulle sagt når avhandlinga er levert. Eg meiner at han burde vore involvert på eit vis, og mellom anna kunne sagt noko om dei vala som er tekne, seier Molde.

Slik fungerer det i dag på masternivå. Rettleiaren er ikkje med i sensorgruppa, og kan ikkje gi innspel til karakter, men kan seia noko om mellom anna kva val som er gjort og om korleis kandidaten har jobba. 

– Ein kan òg oppleva at det sit personar i komiteen som er i opposisjon til rettleiar. Det kan gå ut over kandidaten, seier Molde.

– Ein tung bit
Ann-Kristin Molde hadde ikkje midtvegsevaluering, det er ei ordning som er kome til seinare. Halvanna år etter at ho fekk beskjed om at ho ikkje fekk godkjent arbeidet sitt, er ho no klar til å gå i gang igjen.

– Det er ikkje slik at fordi ein har vorte ph.d. så bør ein vera garantert å koma gjennom. Eg er samd i mykje av det komiteen sa om arbeidet mitt, men det har vore ein psykisk bøyg å skulle forbetra avhandlinga ut frå kommentarane deira, seier ho.

Ho har sakna meir oppfølging frå instituttet, og seier at ho no har teke kontakt med fagmiljøet for å få hjelp til å koma i gang igjen.

– Det er mange praktiske utfordringar knytt til å få underkjent. Har ein til dømes krav på rettleiing? Og dei aller fleste har ikkje lenger finansiering, eller dei har eventuelt ein undervisningsstilling utan forskingstid, så når skal ein faktisk få gjort arbeidet? spør Molde.

– Når ein får underkjent doktorgradsarbeidet sitt, har ein berre ein liten bit igjen. Men det er ein tung bit. Ein kan verta motivert til kamp, men eg trur at et uansett er eit slag for alle.