Rektor Dag Rune Olsen, fungerande universitetsdirektør Kjell Bernstrøm og Mof-dekan Nina Langeland tilbyr løn i eit halvt år til stipendiaten som blei kasta ut ulovleg.
Rektor Dag Rune Olsen, fungerande universitetsdirektør Kjell Bernstrøm og Mof-dekan Nina Langeland tilbyr løn i eit halvt år til stipendiaten som blei kasta ut ulovleg.

Tilbyr løn til utvist stipendiat

Publisert

MOF-stipendiaten som blei ulovleg utestengd på livstid får no tilbod om seks månader med løn for å avslutte doktoravhandlinga si.

I førre veke fekk mannen brev frå rektor Dag Rune Olsen og fungerande universitetsdirektør Kjell Bernstrøm:

Utvist stipendiat

Doktorgradsstipendiaten leverte inn avhandlinga si på Det medisinsk-odontologiske fakultetet 18. november 2010. Han hadde publisert fleire artiklar på forskingsfeltet sitt. Men i innleiinga til avhandlinga mangla det sitat frå andre forskarar i fleire avsnitt, og ein tabell.

Fakultetsstyret vedtok 11. mai 2011 å skrive mannen ut av doktorgradsprogrammet og nekte han å levere avhandlinga på ny. Dermed vil kandidaten ikkje kunne bli doktor med avhandlinga si. Styret meinte og at den manglande siteringa var gjort med vitande og vilje. 

Stipendiaten klagde på avgjerda, men universitetsstyret vedtok 16. februar 2012 at klaga ikkje fekk medhald. 

Kandidaten klagde saka til Sivilombodsmannen, som i sin uttale 5. februar 2013 kom med kritikk av sakshandsaminga til UiB. Eit av punkta var at klagen aldri skulle ha vore handsama av universitetsstyret, men av den sentrale klagenemnda ved UiB. Ombodsmannen stilte og spørsmål ved om det var grunnlag for ein så streng reaksjon. 

UiB sendte saka til den sentrale klagenemnda, som handsama ho på møtene 3. mai og 20. august. I det siste møtet fattat klagenemnda eit samrøystes vedtak om at klagaren ikkje får medhald. Nemnda meiner og at den manglande siteringa var gjort med vitande og vilje, og at det ikkje berre var ein uaktsom glipp frå kandidaten. 

I eit brev presiserer sivilombodsmann Arne Fliflet den 16. januar 2014 at universitets- og høgskulelova gjeld i saka, og dermed er maksimal utestenging eitt år.

«I samråd med fakultetsledelsen, har vi kommet til at du bør få anledning til å omarbeide din ph.d.-avhandling og levere den på ny. I den forbindelse vil Universitetet i Bergen tilby deg finansiering i seks måneder. Dette innebærer lønn som stipendiat, samt tilgang til øvrige nødvendige ressurser etter avtale med fakultetet.»

Dermed har Universitetet i Bergen fullt ut akseptert Sivilombodsmannen si vurdering om at det var ulovleg å stengje doktoranden ute på livstid. Dessutan får han tilbod om eit halvt års finansiering, som eit plaster på såret.

Lettare å få jobb
– Eg trur at eg kjem til å svare i løpet av denne veka. Eg har byrja å lese meg opp på faglege artiklar igjen, og ønskjer å starte så raskt som muleg, fortel stipendiaten, som har gått arbeidsledig mykje av tida etter at han blei kasta ut av doktorgradsprogrammet og nekta å levere avhandlinga si på nytt.

– Eg er så glad for at eg endeleg får skrive ferdig avhandlinga mi. Med doktorgrad trur eg det vil bli mykje lettare å få jobb.

 I introduksjonen var det fleire avsnitt med tekst som var ordrett sitert frå andre publikasjonar, utan at det var referansar. Fakultetsstyret på Det medisinsk-odontologiske fakultetet (Mof) meinte at feila var så grove at han måtte utestengjast på livstid, og fann støtte for dette i doktorgradsreglementet til UiB. Seinare viste det seg at dette var i strid med lova, og at stipendiaten hadde vore utestengd ulovleg i to år.

God kvalitet
– Dei sakkunnige fann at eg hadde publisert tre artiklar av høg kvalitet. Det einaste problemet var introduksjonen. Men eg forfalska ikkje resultat eller noko slikt. Eg gjorde feil i introduksjonen, men det var ikkje forsøk på fjusk, seier den tidlegare stipendiaten.

Nokre månader etter at denne saka oppsto blei sitatverktøyet Ephorus innført som standard på Mof, og kandidat og rettleiar må skrive under på at kontrollen er gjennomført før innlevering. Dei andre fakulteta ved UiB har ikkje innført ei slik rutine, noko som kan føre til omfattande omdømeproblem dersom det i ettertid blir oppdaga plagiat i forsking utført ved fakulteta.

 – På Mof trur eg at det som skjedde meg aldri vil skje igjen. Eg mista to-tre år av livet mitt fordi eg ikkje sjekka avhandlinga mi i Ephorus. Hadde eg levert inn nokre månader seinare hadde dette heller aldri skjedd, for då var det innført rutiner om å sjekke teksten før innlevering. Eg er i det minste glad for at mitt problem har ført til at andre dobbeltsjekkar før dei leverer, seier han til På Høyden.

Orsaking frå rektor
Det ulovlege vedtaket om å stengje kandidaten ute på livstid viste seg å vere ei juridisk nøtt, då universitets- og høgskulelova var uklar på dette punktet. Mellom andre har professor Eivind Meland, advokat Alice Jervell og professor Jan Fridthjof Bernt engasjert seg i saka. Men etter to rundar hos Sivilombodsmannen blei altså konklusjonen at UiB hadde handla ulovleg. For kandidaten har saka vore ei tung bør. Likevel fann UiB det ikkje på sin plass å be mannen om orsaking då dei sende han brev med tilbod om løn i seks månader.

«Avslutningsvis vil vi understreke at selv om saken har tatt lang tid og bydd på en del vanskeligheter, er Universitetet i Bergen nå opptatt av å legge til rette for at du kan komme i gang med arbeidet som trengs for å fullføre avhandlingen, og vi vil ønske deg lykke til med dette.»

Sjølv er kandidaten ikkje opptatt av noka orsaking frå universitetet:

– Før jobba eg som lækjar på akuttmottaket. Folk kom inn med skader og problem. Som lege venta eg ikkje på å få takk eller forklaringar. Det er det same no. Eg er takksam for å få levere på nytt. No trur eg vi har kome så langt at alle er lukkelege over utfallet av saka. At eg igjen er akseptert som forskar, ikkje kriminell. Den kjensla er det viktigaste for meg.

Også i andre saker har det vist seg vanskeleg å få leiarar ved universitetet til å innrømme at dei har feilvurdert saker.

– Er det så vanskeleg for leiarar på universitetet å seie unnskyld, rektor Dag Rune Olsen?

– No hugsar eg ikkje formuleringa i brevet, men å leggje inn ei orsaking kunne vi gjort. Å seie unnskyld når vi har gjort ein feil kan vi alle bli betre på. Universitetet i Bergen ber om orsaking for handsaminga han har fått, og no ønskjer vi å rette det opp på ein best muleg måte, seier Olsen.

Mof-dekan Nina Langeland har så langt ikkje vore tilgjengeleg for kommentar.